Lørdag:
Barnsley – Fulham
Kampstart: 16.00
Skader og Suspensjoner: Saidy Janko ute for vertane, mens Kevin McDonald sonar sitt raude kort for Fulham. Floyd Ayite og Tomas Kalas har eit lite håp om å rekke kampen for Fulham.
Etter ein fantastisk start på sesongen, så har det gått litt tråare for laget frå Yorkshire. 4-0 borte mot Wolverhampton har blitt følgt opp med tre tap og eit uavgjort. Forrige heimekamp sikra dei seg eit poeng heilt på slutten da Sam Winnall utlikna mot Aston Villa. I runda før pausen blei dei to nummer for små når dei gjesta Leeds. No er det ny heimekamp og om laget ikkje skal skli lengre ned på tabellen så må det komme ein siger her. Med 16 poeng er det ikkje lange vegen opp til play-off, men det er heller ikkje lange vegen ned til laga like over nedrykk heller.
Barnsleys siste kamper:
Leeds – Barnsley 2-1 (Selvmål)
Barnsley – Villa 1-1 (Winnall)
Brighton – Barnsley 2-0
Barnsley – Reading 1-2 (Armstrong)
Wolves – Barnsley 0-4 (Bradshaw, Hourihane, Hammill, Janko)
Fulham må ha vore gjennom si tyngste landslagspause nokonsinne. For korleis kan man legge bak seg den forrige kampen når dei må vente 14 dagar på neste kamp? Laget køyrde over QPR og i tillegg til eit hav av sjansar så brende dei TO straffespark, det siste fem minutt på overtid. Sone Aluko si straffe gikk i stolpen og dei måtte gå av bana med 1-2 tap i ein kamp dei burde vunne 7-2. Det har vore litt av problemet til Fulham i det siste, for etter ein god start har det vore mykje stang ut. Det er langt frå krise sjølv om laget er nede på 14.plass, for fotballen er tidvis veldig god. No treng dei berre å få det ut i poeng igjen.
Fulhams siste kamper:
Fulham – QPR 1-2 (Ream)
Forest – Fulham 1-1 (Cairney)
Fulham – Bristol City 0-4
Fulham – Bristol City 1-2 (Piazon)
Wigan – Fulham 0-0
Vurdering: Ein kamp mellom to lag som starta sesongen glimrande, men som slite litt meir no. To lag som på sitt beste spelar glimrande angrepsfotball, men som ikkje alltid har kontroll i dei bakre rekker. Det gir oss alle ingrediensane for ein fartsfylt og målrik fotballkamp. Veldig vanskelig å spå denne kampen, og eg trur ingen av laga kan gå av bana med eit stort glis. Det lyse mange mål og poengdeling her.
Tips: U (3.20 @ Nordicbet)
Blackburn Rovers – Ipswich Town
Kampstart: 16.00
Skader og Suspensjoner: Jason Lowe sonar karantene, mens Elliott Ward og Adam Henley er ute for vertane. Luke Hyam, Brett Pitman og Tommy Smith ute for gjestane. David McGoldrick usikker.
Etter ein blytung start på sesongen så såg det ut som Owen Coyle hadde fått litt sving på sakene med to sigrar på rad, men dei måtte gå inn i landslagspausen med to strake tap. 0-1 mot Sheffield Wednesday og Birmingham. Akkurat det er ikkje så gale, men laget ligge under streken og trenge sårt tre poeng heime på Ewood Park. Då må dei skape meir enn dei klarde i forrige heimekamp, for då var det syltynt. Marvin Emnes er igjen ein av spelarane dei må stole på her.
Blackburns siste kamper:
Birmingham – Blackburn 1-0
Blackburn – Sheff Wed 0-1
Derby – Blackburn 1-2 (Emnes, Graham)
Leeds – Blackburn 1-0
Blackburn – Rotherham 4-2 (Gallagher, Emnes, Conway, Marshall)
Ipswich Town er som dei alltid har vore under, Mick McCarthy. Gjerrige. Men det hjelper ikkje stort når dei knapt skårar mål sjølv. Etter at dei fikk fire mål i serieåpninga, har det blitt usle fire mål på dei neste ti kampane. Det er tal som hadde gitt nedrykk om ikkje det defensive hadde vore så bra. Dei har no spelt fire kampar på rad utan å finne vegen til mål, og det er på tide at Sears og co prestere igjen. I forrige kamp gikk dei på sesongens første heimetap når dei tapte 0-1 mot Huddersfield. Det begynne å ulme på Portman Road, så det blir spennande å sjå kva reaksjon vi får sjå frå spelarane no.
Ipswichs siste kamper:
Ipswich – Huddersfield 0-1
Ipswich – Brighton 0-0
Leeds – Ipswich 1-0
Ipswich – Aston Villa 0-0
Derby – Ipswich 0-1 (Varney)
Vurdering: Eit gjerrige bortelag kjem på besøk til eit lag som har slitt litt med å holde tett bakover. Det kan kanskje bety at Ipswich burde ha gode sjansar for å dra heim med ein siger her. Det her kan fort bli ein ny trist kamp der Ipswich er involvert, og Blackburn har hatt sin del med triste kampar også. Eit trist 0-0?
Tips: U (3.05 @ Nordicbet)
Brighton & Hove Albion – Preston North End
Kampstart: 16.00
Skader og Suspensjoner: Liam Rosenior, Kazenga Lua Lua og Beram Kayal manglar hos vertane. Stevie May, Calum Woods og Greg Cunningham manglar for Preston.
Brighton har verkeleg funne formtoppen og ser for augeblikket ut som eit av dei klart sterkaste laga i ligaen. På bortebane slo dei til med ein råsterk prestasjon når dei slo Sheffield Wednesday 2-1 forrige kamp. Sam Baldock og Anthony Knockaert skåra måla, og saman med Glenn Murray og Hemed har dei gjort sitt til at forsvaret kan konsentrere seg om sitt. Det har resultert i kun sju mål i mot, noko som er færrast i ligaen til no. Om dei fortsetter i same spor så kan det fort bli opprykk på laget i sør. Med tretten poeng av femten mulige dei siste fem så er det lite som tilseie at det ikkje skal bli tre nye poeng her.
Brightons siste kamper:
Sheff Wed- Brighton 1-2 (Baldock, Knockaert)
Ipswich – Brighton 0-0
Brighton – Barnsley 2-0 (Murray x2)
Brighton – Reading 1-2 (Hemed)
Burton – Brighton 0-1 (Hemed)
Det har murra litt i Preston i starten av sesongen, og særleg Simon Grayson fikk ein del kritikk i starten. Men etter 0-5 mot Brentford har dei slått kraftig tilbake med to sigrar og ein uavgjort i ligaen, samt siger mot Bournemouth i ligacupen. Forrige kamp endte med 2-0 heime mot Aston Villa, og det var eit resultat som fekk fyr i heimefansen igjen. Ben Pearson har blitt ein viktig figur i det siste og det var rett og rimeleg at han fikk sitt første mål for klubben i den sigeren. På bortebane har dei slitt langt meir i år, men dei klarte 2-2 mot Birmingham sist, og var i føringa stort sett heile kampen.
Prestons siste kamper:
Preston – Aston Villa 2-0 (Pearson, Hugill)
Birmingham – Preston 2-2 (Johnson, Baptiste)
Preston – Wigan 1-0 (Hugill)
Bournemouth – Preston 2-3 (Makienok x3)
Brentford – Preston 5-0
Vurdering: Preston har sett langt betre ut i det siste, men her kjem dei rett og slett til kort. Brighton er eit glimrande heimelag, og det er absolutt ingenting som tyde på at dei skal gje vekk poeng i denne kampen. Her må Preston forsvare seg så godt dei kan, men eg trur ikkje det vil holde i det heile tatt. Klink heimesiger.
Tips: H (1.56 @ Nordicbet)
Derby County – Leeds United
Kampstart: 16.00
Skader og Suspensjoner: George Thorne fortsatt ute for Derby.
Etter bråket med Nigel Pearson skjedde det noko i Derby. Plutselig tok dei ein sterk bortesiger mot Cardiff før dei var sekunder unna ein ny bortesiger mot Reading sist. Men fire poeng på to bortepoeng er uansett bra etter ein forferdeleg start på sesongen. No ventar ein ny heimekamp med eit heimepublikum som skrike etter ein heimesiger igjen. Dei må få sjå litt angrepsfotball som glede, og som gir resultat. Nigel Pearson sin krangel med eigaren i klubben førte til slutt at det var ingen veg tilbake. På Onsdag blei det bekrefta at Steve McClaren returnere til Derby County, knappe 12 månader etter at han fikk sparken i klubben. Det må seiast å vere ein rar ting å gjere, og om det fungere er usikkert. Uansett blir det nok også Chris Powell får hovudansvaret framfor denne kampen, men ein effekt av McClaren sitt inntog kan man nok kanskje forvente. Forrige gang han kom til Derby skulle han sitte på tribuna for å observere sitt nye lag. Derby låg under 1-4 heime mot Ipswich til pause og då bestemte McClaren seg for å gå ned i garderoba i pausen for å prate til sitt nye mannskap. Det gav ein umiddelbar effekt og kampen endte 4-4.
Derbys siste kamper:
Reading – Derby 1-1 (Vydra)
Cardiff – Derby 0-2 (Blackman, Ince)
Derby – Blackburn 1-2 (Vydra)
Derby – Liverpool 0-3
Bristol City – Derby 1-1 (Anya)
I Leeds har ting verkeleg snudd for Garry Monk dei siste vekene. Ein tøff sesongstart der det blei spekulert i sparken har blitt erstatta med ei lang rekke med gode kampar, og mange sigrar. Leeds hadde fire sigrar på rad før dei måtte gi tapt for Bristol City, men dei avslutta likevell med ein 2-1 siger mot Barnsley før landslagspausen. Chris Wood har vore glimrande i den gode perioden til Leeds, og det er tydeleg at mannen har større sjølvtillit enn nokonsinne. Med 5-1-5 og 16 poeng ligge Leeds på ein fin 11.plass på tabellen. Og det blir spennande å sjå framover om dei kan bli med i topp 10, eller om det igjen blir ein sesong på midten.
Leeds siste kamper:
Leeds – Barnsley 2-1 (Pablo, Bartley)
Bristol City – Leeds 1-0
Leeds – Ipswich 1-0 (Wood)
Leeds – Blackburn 1-0 (Wood)
Cardiff – Leeds 0-2 (Wood, Hernandez)
Vurdering: Derby med ei forferdeleg rekke med kampar utan siger på heimebane. Ei rekke som inneheldt lite mål men flust av sjansar. Dei siste kampane må ha gitt dei litt av trua tilbake, og det trengs mot eit Leeds i form. Det er litt typisk at dette er kampar som Leeds tapa, og eg trur Derby endeleg kan juble på heimebane.
Tips: H (1,78 @ Nordicbet)
Newcastle United – Brentford
Kampstart: 16.00
Skader og Suspensjoner: Anita sonar karantene for sitt raude kort, mens Haidara og Rob Elliott fortsatt er ute med skade. Brentford manglar fortsatt Alan Judge som er ute i lang tid.
Newcastle har verkeleg fått i gang maskineriet sitt. Dei har brukt heile troppen i det tøffe kampprogrammet og det har gitt resultat. Fleire og fleire spelarar har spelt seg i form, noko dei viste når dei kunne kvile mange spelarar i bortekampen mot Rotherham. Atsu blei helten med eit fantastisk mål. Det toppa ei fantastisk veke der 4-3 sigeren mot Norwich enda ikkje var gløymt. Dwight Gayle sine to overtidsmål kan ha gjort noko med heile klubben, og truleg var det eit resultat som viste resten av ligaen kva som bur i dette laget. På heimebane har dei hatt to stygge tap denne sesongen, mot Huddersfield og Wolverhampton. Dette har vore mot lag som har vore solide bakover og som har kontra på Newcastle, så laga som kjem nordover veit kva dei må gjere. Newcastle ligge på ein 3.plass med berre eit poeng opp til direkte opprykk. Dei vil nok gjerne stabilisere seg blant topp 2 snarast.
Newcastle siste kamper:
Rotherham – Newcastle 0-1 (Atsu)
Newcastle – Norwich 4-3 (Gayle x3, Gouffran)
Aston Villa – Newcastle 1-1 (Selvmål)
Newcastle – Wolves 2-0 (Ritchie, Gouffran)
Newcastle – Wolves 0-2
Brentford er eit artig lag, også i år. Når det klaffar for dette laget er det få som spelar deiligare fotball. Scott Hogan har bøtta inn mål, men måtte med resten av laget gå mållause av bana heime mot Wigan sist. Det var overraskande for eit lag som før det hadde 9 mål på to kampar på heimebane. På bortebane er det litt meir variert, og sjølv om det ikkje har blitt så mange poeng, har dei som oftast spelt jamnt med laga på bortebane og. Forrige gang dei var på bortebane blei det 3-1 tap mot Wolverhampton. Brentford sin direkte og aggressive spelestil kan fort by på problem for Newcastle, og kanskje kan dei få ein siger som tar dei opp på play-off igjen.
Brentfords siste kamper:
Brentford – Wigan 0-0
Brentford – Reading 4-1 (Hogan, Clarke, Vibe, Colin)
Wolves – Brentford 3-1 (Kaikai)
Brentford – Preston 5-0 (Hogan x3, Dean, Selvmål)
Aston Villa – Brentford 1-1 (Egan)
Vurdering: Newcastle har hatt mange tøffe heimekampar denne sesongen, og dette blir enda ein. Brentford sin spelestil kan fort by på problem for Newcastle, og dei må passe seg for å ikkje gå i same fella som mot Brentford, Wolves og delvis Norwich. Eg trur det blir ein jamn kamp, og eg blir ikkje overraska om vi får ein ny målrik kamp på St.James` Park. Eg gir Newcastle fordelen av å vere på heimebane.
Tips: H (1,54 @ Nordicbet)
Norwich City – Rotherham United
Kampstart: 16.00
Skader og Suspensjoner:
Alex Neil blei månedens manager i September, og det er ganske så fortjent. Hadde kampen i Newcastle blitt blåst av i det 94 minutt hadde han hatt ein prikkfri månad, men det gikk fra 3-2 til 3-4 på to minutt. Bortsett frå det har Norwich vore botnsolide, og sist tok dei ein sterk bortesiger mot Wolverhampton då Cameron Jerome og Robbie Brady sikra 2-1 siger. Ein av spelarane som verkeleg har tatt steget i det siste er Jacob Murphy som har fire mål på dei siste fem kampane. Det er ikkje ofte Norwich held nullen i ein kamp, men dei har så mange målskårarar i laget at det ikkje har bydd på problem, enda. Det skal skje noko veldig spesielt om det ikkje blir tre nye poeng her.
Norwichs siste kamper:
Wolves – Norwich 1-2 (Jerome, Brady)
Newcastle – Norwich 4-3 (Dorrans, Jerome, Ja Murphy)
Norwich – Burton 3-1 (Ja Murphy, Olsson, Pinto)
Forest – Norwich 1-2 (Howson, Dorrans)
Norwich – Wigan 2-1 (Ja Murphy x2)
Rotherham ligge heilt sist på tabellen med sine seks poeng, og det er lenge sidan dei kunne juble over tre poeng. Alan Stubbs er fortsatt manager, men det spørst kor lenge dei tørr å fortsette med han om det ikkje kjem ein siger snart. Laget lekk som ei sil, men gjorde ein overraskande god kamp sist, då dei berre tapte 0-1 heime mot Newcastle. Med litt flaks kunne dei faktisk fått med seg eit poeng på slutten der. På bortebane har det vore veldig lite å juble for, og sjølv om Danny Ward har skåra nokre mål på bortebane i det siste har det ikkje hjelpt. 1-2 mot Huddersfield sist bortekamp var godkjent, men 2-4 mot Blackburn før det var skremmande svak. Dei skal slite hardt med å få noko resultat denne helga.
Rotherhams siste kamper:
Rotherham – Newcastle 0-1
Huddersfield – Rotherham 2-1 (Ward)
Rotherham – Cardiff 1-2 (Brown)
Blackburn – Rotherham 4-2 (Ward x2)
Rotherham – Forest 2-2 (Taylor x2)
Vurdering: Her er det ingenting å tenke på. Norwich er klare favorittar, og eg kan ikkje sjå korleis eit sjanglande Rotherham-forsvar skal klare å stå imot arsenalet av angrepsspelarar i Norwich. Det kan fort bli eit litt stygt resultat her, så her er det berre å slenge inn ein handicap på 1 eller 2. Klink H.
Tips: H (1,38 @ Nordicbet)
Queens Park Rangers – Reading
Kampstart: 16.00
Skader og Suspensjoner: Tyler Blackett sonar det raude kortet for Reading.
QPR kunne reise den korte turen heim fra Craven Cottage med tidenes ran forrige runde. 2-1 sigeren var så heldig som det kunne bli, men den var sårt tiltrengt. For etter ein god sesongstart var QPR inne i ein tøff periode med lite poeng. På heimebane tapte dei først 0-6 heime mot Newcastle før dei fikk 1-1 mot Birmingham etter at Caulker fikk utlikna. Men med sigeren sist er dei på ein 13 plass med 15 poeng, og det er fult mulig å komme seg oppover på tabellen igjen. Jimmy Floyd Hasselbaink vil nok gjerne ha ein ny heimesiger igjen.
QPRs siste kamper:
Fulham – QPR 1-2 (Washington, Sylla)
Burton – QPR 1-1 (Polter)
QPR – Birmingham 1-1 (Caulker)
Huddersfield – QPR 2-1 (Sylla)
QPR – Newcastle 0-6
Jipp Jaap Stam har verkeleg imponert som manager i Reading. Laget har levert fleire solide kampar, og virka å vere eit utrulig vanskeleg lag å møte. Sist kamp så lenge ut til å gå mot eit heimetap, men George Evans redda eit poeng mot Derby heilt på slutten. Ser man vekk i frå det litt stygge 1-4 tapet mot Brentford så har dei levert fleire gode kampar der både Barnsley, Brighton og Huddersfield måtte gi tapt mot krigarane til Stam. John Swift har vore ein av ligaens beste spelarar til no i sesongen, og han er tilbake i London for å gjere livet surt for QPR.
Readings siste kamper:
Reading – Derby 1-1 (Evans)
Brentford – Reading 4-1 (Kermorgant)
Reading – Huddersfield 1-0 (Beerens)
Brighton – Reading 1-2 (Swift, Quinn)
Barnsley – Reading 1-2 (McCleary, Swift)
Vurdering: Ein vanskeleg kamp å tippe. Det er nok best å halde seg unna denne for det kan gå begge vegar. Eg trur QPR vil prøve å gå i strupen på Reading, men det spørst om dei er gode nok til å knekke Jaap Stam og co. Lite mål og poengdeling er godt muleg her.
Tips: U (3.00 @ Nordicbet)
Wigan Athletic – Burton Albion
Kampstart: 16.00
Skader og Suspensjoner:
Wigan såg litt fortapt ut når dei tapte 0-1 mot Preston for nokre veke sidan. Dei låg sist på tabellen med ei lang rekke utan sigrar. Så skulle dei møte eit lag i storform på heimebane, og plutselig våkna Wigan. Det endte med ein råsterk 2-1 siger mot Wolverhampton etter mål av Adam Le Fondre og Will Grigg. Med sjølvtilliten på topp reiste dei likegodt til Brentford og tok med seg eit poeng tilbake før landslagspausen. Fire utrulig viktige poeng, som kan vere nok til at dette laget endeleg kjem i gang etter opprykket. Dei har ein tropp og spelarar, særleg offensivt, som skal gjere det betre enn dei gjorde det før desse to siste kampane. Derfor blir det spennande å sjå om dei kan spinne vidare på dei positive resultata.
Wigans siste kamper:
Brentford – Wigan 0-0
Wigan – Wolves 2-1 (Grigg, Le Fondre)
Preston – Wigan 1-0
Wigan – Fulham 0-0
Norwich – Wigan 2-1 (Gomez)
Burton skulle sjarmere oss, men rykke ned. Dette var nærmast avtalt på forhand. Elleve kampar inn i sesongen har dei sjarmert oss til de grader, men nedrykk vil dei ikkje høyre snakk om. Ein flott 15.plass med 13 poeng og 3-4-4 viser at dette laget ikkje har tenkt å vere noko kasteball. Deira forrige kamp endte med 2-0 heime mot Cardiff der Jackson Irvine sjølvsagt var på skåringslista. Nigel Clough sitt mannskap spelar enkel, hurtig og herleg fotball, og det har gitt mange gode resultat. Her kan det igjen bli eit nytt godt resultat.
Burtons siste kamper:
Burton – Cardiff 2-0 (Irvine, Akins)
Burton – QPR 1-1 (Ward)
Norwich – Burton 3-1 (Akins)
Burton – Brighton 0-1 (Hemed)
Fulham – Burton 1-1 (Irvine)
Vurdering: Ein utruleg viktig kamp for to lag som er rekna å kjempe i botnen. Begge lag kjem frå sterke resultat i runda før landslagspausen. For Wigan må slike kampar vinnast om dei skal overleve i divisjonen, og sjølv om Burton også må vinne slike kampar, så er situasjonen meir prekær for heimelaget. Om ikkje situasjonen tar overhand for Wigan trur eg dei klare tre poeng her.
Tips: H (2.07 @ Nordicbet)
Aston Villa – Wolverhampton Wanderers
Kampstart: 18.30
Skader og Suspensjoner: Aaron Tshibola sonar karantene for Aston Villa.
Snipp snapp snute, så var Roberto Di Matteo ute. Ein siger på elleve kampar er ikkje godt nok. Hadde han berre kunne avslutta kampane i det 85 minutt så hadde dei hatt ti poeng meir denne sesongen. Men dei mange uavgjorte resultata, samt tapet mot Preston sist blei for mykje å svelgje for eigar Tony Xia. Steve Bruce kom inn døra og han har bevist fleire gangar at han kan få lag opp frå gjørma i Championship. Om han kan ta dette laget rett opp i Premier League igjen tvila eg på, men det kan berre bli betre. Det passa veldig bra med kveldskamp mot naboane frå Wolverhampton. Aston Villa ligg berre to poeng over streken, og det må snart begynne å regne trepoengarar på Villa Park.
Villas siste kamper:
Preston – Aston Villa 2-0
Barnsley – Aston Villa 1-1 (Ayew)
Aston Villa – Newcastle 1-1 (Tshibola)
Ipswich – Aston Villa 0-0
Aston Villa – Brentford 1-1 (Kodjia)
Det er ikkje lett å bli klok på Wolverhampton. Dei går frå 2-0 borte mot Newcastle og 3-1 heime mot Brentford til å tape 1-2 mot Wigan og Norwich på få dagar. Tapet mot Norwich sist var absolutt ikkje katastrofe, for i ein jamn og artig kamp så kunne dei fort fått med seg eit poeng. Det er uansett noko veldig spennande på gang med dette laget, og med tanke på alt som skjedde like før sesongstart så er det imponerande at dei har fått ein så god start som dei har. Det er berre fem poeng opp til play-off og sesongen er enda lang. Dette laget blir nok berre betre og betre utover i sesongen. Sist fikk vi endeleg sett Nouha Dicko tilbake på fotballbane. 13 månader sidan sist fotballkamp. Det var fantastisk og han kan fort bli ei viktig brikke for Wolverhampton.
Wolves siste kamper:
Wolves – Norwich 1-2 (Edwards)
Wigan – Wolves 2-1 (Oniangue)
Wolves – Brentford 3-1 (Teixeira x2, Cavaleiro)
Newcastle – Wolves 2-0
Newcastle – Wolves 0-2 (Selvmål, Costa)
Vurdering: Igjen vanskeleg å tippe korleis managerbytte vil slå ut. Dette er uansett eit derby som ville gitt full tenning frå begge lag uansett. Aston Villa har ikkje hatt marginane med seg til no denne sesongen og det er noko dei treng om dei skal ta tre poeng frå Wolverhampton. Det vil bli ein fartsfylt kamp med mange sjansar til begge lag, og sjølv om eg kanskje ville gitt tipset mitt til Wolverhampton, så landa eg på 2-2 og poengdeling.
Tips: U (3.35 @ Nordicbet)
Søndag:
Huddersfield Town – Sheffield Wednesday
Kampstart: 13.00
Skader og Suspensjoner: Joe Lolley er ute til Januar for vertane.
Vi snakkar Oktober og Huddersfield er framleis på toppen av tabellen. Fantastiske David Wagner har gjort dette laget til eit utrulig vanskeleg lag å slå, men også eit lag det er utrulig artig å sjå på og. Dei har 8-2-1 på sine elleve første kampar, og når ein ser målforskjellen, som er 14-8, skjønna man at det er jamne kampar dei vinner. Ja, for alle 8 kampane har blitt vunne med eit mål. Det passa vel og å sei at deira eine tap vart tapt med eit mål. Men det er ikkje tilfeldig at dei har vunne desse kampane då dei i dei fleste kampane har vore det klart beste laget. Dei tyske inntoga i Huddersfield har alle bidratt stort, der Christopher Schindler i tillegg til å vere ein forsvarsbauta, sikra dei tre poeng mot Ipswich sist. På topp er Nahki Wells, Kasey Palmer, Elias Kachunga og Rajiv Van La Parra dei store spelarane. Dei gjer livet surt for alle lag, og dei må vere i toppform når Sheffield Wednesday kjem på besøk til eit herleg lokaloppgjer.
Huddersfields siste kamper:
Ipswich – Huddersfield 0-1 (Schindler)
Huddersfield – Rotherham 2-1 (Wells, Kachunga)
Reading – Huddersfield 1-0
Huddersfield – QPR 2-1 (Palmer, Kachunga)
Brighton – Huddersfield 1-0
Sheffield Wednesday ligger på ein 7.plass med 17 poeng. Det er i og for seg ganske greit, men om man ser bak resultata burde laget vore enda høgare på bana. Dei har rota vekk mange poeng denne sesongen i form at sløseri på topp. Fernando Forestieri har enda ikkje komt i gang denne sesongen, og berre der har dei nok tapt nokre poeng. Laget ser like sterkt ut, om ikkje sterkare enn i fjor. Dei har hatt ein tendens til å komme bakpå i ein del kampar, og sjølv om dei av og til har hatt nokre herlege comeback, så blir det slitsomt å heile tida måtte jage. Når dei tar turen til Huddersfield har dei nok ikkje råd til å komme bakpå.
Wednesdays siste kamper:
Sheff Wed – Brighton 1-2 (Hooper)
Blackburn – Sheff Wed 0-1 (Fletcher)
Sheff Wed – Forest 2-1 (Lee x2)
Birmingham – Sheff Wed 2-1 (Hooper)
Sheff Wed – Bristol City 3-2 (Bannan, Fletcher, Lee)
Vurdering: Det er flott at ein slik kamp blir flytta til Søndag slik at den får det fokuset den fortena. Huddersfield og Sheffield Wednesday er to veldig solide lag, som vil spele med ein intensitet vi tv-sjåarar blir slitne av. Her kan det fort bli første målet vinne, og sjølv om Huddersfield toppa tabellen så er eg ikkje sikker på om dei tar alle tre poenga her. Heilt open kamp, og eg klare nesten ikkje å bestemme meg for kva eg skal gå for her. Derfor setter eg nok uavgjort. 1-1 ser ganske sannsynlig ut her.
Tips: U (3.10 @ Nordicbet)