Før Runden: Serierunde 6
September 8, 2014Før runden: 9. serierunden
September 25, 2014Rundane kjem som tette haglbye i Championship for tida, og den 8.runda blir den tredje kampen på åtte dagar for laga. Det er derfor no dei rare tinga begynner å skje, men det er kanskje no man ser konturane av kva sesongen bringe også?
Skrevet av: Kjetil Myklebust
Laurdagens tv-kampar:
13.15: Watford-Bournemouth
16.00: Millwall-Nottingham Forest
Obs: Tv-kamp Mandag 22.september
20.45: Wigan-Ipswich
Rundens oddskupong :
Safe bet: Brighton-Blackpool H, 1,47. Wolverhampton-Bolton H, 1,67 og Norwich-Birmingham, H, 1,45. Total: 3,52
Min favoritt: Leeds-Huddersfield, H 2,35. Millwall-Nottingham, B 2,35 og Derby-Cardiff, H 1,67. Totalt: 9,28
Watford-Bournemouth
Kampstart: 13.15
Watford starta sesongen bra, måtte finne seg ny manager, før dei fortsette å gjere det bra. Men forrige helg tapte dei 0-1 borte mot Charlton, i ein kamp dei fort kunne fått med seg poeng i frå, og til og med vunne. I midtveka gjekk turen til eit svakt Blackpool-lag, og det var inga overrasking at Watford der fikk ein ny siger til tross for at manager Oscar Garcia låg på sjukehus. På heimebane har dei gjort det ganske så bra, og dei har også bøtta inn mål på Vicarage Road. Dei to siste ligakampane har endt med fire i sekken for laga som har tatt turen, og laget som ventar i denne kampen veit korleis det er å bli sendt heim som slakt. I fjor endte det heile 6-1 til Watford når desse laga møttes i starten av sesongen.
Watfords siste kampar:
Blackpool – Watford 0-1 (Vydra)
Charlton – Watford 1-0
Watford – Huddersfield 4-2 (Abdi x2, Andrews, Deeney)
Watford – Doncaster 1-2 (Dyer)
Watford – Leeds 4-1 (Forestieri x2, Toszer, Deeney)
Rotherham – Watford 0-2 (Dyer, Munari)
Norwich – Watford 3-0
Bournemouth har slakka litt på gassen igjen etter den fantastiske starten dei hadde, og vendepunktet var eigentleg 1-2 tapet mot Nottingham Forest i tredje runda når dei slukøyra gikk av bana som taparar, i ein kamp dei dominerte enormt. Etter det har dei hatt sterke resultat som forrige bortekamp der dei klarte å få med seg poeng mot Norwich. Men til tross for dominans i banespel så har det vore mykje stang ut framfor begge måla den siste tida. Til tross for at Andrew Surman fikk sitt første mål etter tilbakekomsten til klubben, så gikk det igjen gale i midtveka, når dei rota vekk 1-0 heime mot Leeds og til slutt tapte 1-3 etter ein forferdeleg andre omgang. Outsideren til play-off slite tungt no.
Bournemouths siste kampar:
Bournemouth – Leeds United 1-3 (Surman)
Bournemouth – Rotherham 1-1 (Cook)
Norwich – Bournemouth 1-1 (Wilson)
Bournemouth – Northampton 3-0 (Gosling, Pitman, Wilson)
Blackburn – Bournemouth 3-2 (Pitman, Cook)
Bournemouth – Nottingham Forest 1-2
Bournemouth – Brentford 1-0 (Stanislas)
Vurdering: Eit Watford i form, til tross for problem på managersida, møter her eit Bournemouth totalt ute av form. Det kan bli jamnt i banespelet denne laurdagen, men slik som gjestane spelar i begge boksane for tida, så kan dei få det tøft mot eit effektivt Watford. Heimelaget i storform på heimebane bør klare tre poeng her til tross for at manager Garcia fortsatt er på sjukehus.
Tips:H
———————————————————————————————————————————–
Brighton-Blackpool
Kampstart: 16.00
Etter ein god periode så har Brighton slakka litt av etter landslagspausen. To fortente tap på bortebane gjer sitt til at dei har komne litt bakpå. Har ikkje fått i gang spissane sine, og man ser tydelig sakne av ein viss spiss i Leicester no. Teixeira starta bra, men også han har slept litt opp og har trøbbel med å gjere jobben til Ulloa. På heimebane har dei ikkje imponert stort, til tross for ein siger og ein uavgjort på sine to siste. Får uansett ein ypperleg sjanse til å rette på statistikken når Blackpool tar turen.
Brightons siste kamper:
Ipswich – Brighton 2-0
Brentford – Brighton 3-2 (Greer, Holla)
Brighton – Charlton 2-2 (Dunk x2)
Swindon – Brighton 2-4 (Forster-Caskey x2, Ince, Colunga)
Brighton – Bolton 2-1 (Mackail Smith, Teixeira)
Leeds – Brighton 0-2 (LuaLua, Teixeira)
Birmingham – Brighton 1-0
Blackpool har jo hatt ein turbulent sommar, og det har sett sine spor også i sesongstarten. Fikk sitt første poeng forrige helg når dei fikk med seg 0-0 heime mot Wolverhampton. Har spelt mange jamne kampar, men har mangla kvalitetane i begge ledd, då særleg på topp, for å få poeng. I midtveka jobba dei hardt for poenga, men måtte til slutt gi tapt mot Watford etter ei straffe i andre omgang. Vi ser betring hos Blackpool, men fortsatt er det mykje å gå på, før dei blir noko anna enn ein klar nedrykkskandidat.
Blackpools siste kamper:
Blackpool – Watford 0-1
Blackpool – Wolverhampton 0-0
Millwall – Blackpool 2-1 (Ranger)
Wigan – Blackpool 1-0
Blackpool – Brentford 1-2 (Delfouneso)
Blackpool – Blackburn 1-2 (Cywka)
Vurdering: Joe Lewis har storspelt i Blackpool-målet i sesongstarten, men han aleine klare ikkje å skaffe poenga som trengst. Får ein tøff kamp når dei kjem til Brighton, og det skal nok veldig mykje til om ikkje Brighton tar alle tre poenga her. Ein ypparleg kamp for Craig Machail-Smith å starte sesongen skikkelig på. Brighton treng ein spiss som skårar mål.
Tips: H
————————————————————————————————————————-
Derby-Cardiff
Kampstart: 16.00
Derby var tippa heilt i toppen etter deira fantastiske avslutning på forrige sesong, som nesten endte med opprykk. Men livet har nok vore litt tøft for enkelte etter den fatale play-off finalen. Etter ein litt tam start så slo dei kraftig til mot Fulham (5-1), før dei skuffa i kampen etter mot Ipswich. Mot Nottingham Forest fikk dei kjempa med seg eit flott poeng, i ein kamp dei var litt underlegne. Men dei viste gode tendensar, og i midtvekekampen mot Blackburn fikk vi sjå gode gamle Derby. Etter å ha havna under 0-1 tidlig så snudde dei kampen og leda 3-1 før Blackburn reduserte til 3-2. Will Hughes var endeleg den gode gamle (unge) seg igjen også, noko som har vore ein mangelvare det siste året. Kanskje var dei to siste resultata det som skulle til å bli kvitt hangoveren etter forrige sesong?
Derbys siste kampar:
Blackburn – Derby 2-3 (Ward x2, Hughes)
Nottingham Forest – Derby 1-1 (Best)
Derby – Ipswich 1-1 (Martin)
Derby – Charlton 1-0 (Calero)
Derby – Fulham 5-1 (Martin x2, Bryson, Dawkins, Ward)
Charlton – Derby 3-2 (Ward x2)
Cardiff og Ole Gunnar Solskjær starta sesongen svært lovande, men det har berre gått tyngre og tyngre for gutane frå Wales. Det såg ikkje bra ut når dei gikk frå glimrande 2-0 til pause over Norwich, til å tape den kampen 2-4 forrige laurdag. Når dei så skulle reise kjerringa i ein ny heimekamp i midtveka gjekk det igjen dårleg, og Middlesbrough tok med tre poeng frå den kampen, utan at Solskjær og Cardiff hadde noko å klage på. Onsdagen gikk det store spekulasjonar om jobben til Solskjær, og på Torsdag var det slutt for nordmannen, som dermed slår følgje med Ståle Solbakken og Henning Berg i rekka av nordmenn som ikkje takla verdas tøffaste liga. Danny Gabbidon får ansvaret for å lede laget mot Derby, og han kunne vel ikkje fått ein tøffare start.
Cardiffs siste kamper:
Cardiff – Middlesbrough 0-1
Cardiff – Norwich 2-4 (Ralls, Gunnarsson)
Fulham – Cardiff 1-1 (Jones)
Port Vale – Cardiff 2-3 (Macheda x2, Ralls)
Wolves – Cardiff 1-0
Cardiff – Wigan 1-0 (Maynard)
Cardiff – Huddersfield 3-1 (Jones x2, Whittingham)
Vurdering: Det kunne ikkje bli ein tøffare start på livet utan Solskjær med Derby på bortebane. For her møter Cardiff topp motstand når dei tar turen til Pride Park. Derby ser ut til å ha vakna litt til liv igjen, og dei er uansett nesten umulige å slå på heimebane under Steve McClaren. Vil nok køyre på med det dei har framover, og Cardiff sitt forsvar ser rett og slett ikkje ut til å vere godt nok til å halde følgje. Det skal skje mykje om ikkje heimelaget tar dette.
Tips: H
——————————————————————————————————-
Fulham-Blackburn
Kampstart: 16.00
Fulham har fått ein marerittstart på sesongen, og Felix Magath blei møtt med Magath out-plakatar når dei tok turen til Nottingham i midtveka. For eit poeng på sju kampar er rett og slett ikkje bra nok. Å tape klart 3-0 mot Reading forrige helg var eigentleg berre toppen av iskaka, og då hjelpte det ikkje å møte ligaens beste lag i midtveka. Til tross for at dei henta opp 2-0 og leda 3-2 i ein periode i andre omgang så endte det med nok eit tap. Når man på dei sju første kampane har brukt tre keepera, tre høgrebackar og tre venstrebackar, så skjønna man at Forest kunne skåre fem mål på dei. Det gjer ikkje saken betre enn at på tre av dei fire plassane på midten, så har det figurert tretten (13) forskjellige spelarar. Dette, i tillegg til dei forferdelege resultata var grunn nok til at Felix Magath fikk sparken sekunder før denne artikkelen skulle publiserast. Dette gjer vurderinga litt vanskeligare framfor deira neste kamp her, sidan Kit Symons får æra av å lede laget.
Fulhams siste kamper:
Nottingham Forest – Fulham 5-3 (McCormack x2, Rodallega)
Reading – Fulham 3-0
Fulham – Cardiff 1-1 (Hoogland)
Brentford – Fulham 0-1 (McCormack)
Derby – Fulham 5-1
Fulham – Wolves 0-1
Blackburn har opna sesongen som venta, altså ganske bra. Dei vinne ikkje alt, men plukkar jamnt og godt med poeng på grunn av sine angrepsspelarar som bøttar inn mål, med god hjelp frå midtbana. På heimebane har dei som sagt vore ganske gode, til tross for ein nedtur i midtveka mot Derby. Man veit alltid at det blir mål når Blackburn spelar, og då spesielt framover. Mot Derby var det Gestede som teikna seg på skåringslista, saman med Ben Marshall som no har tre mål på sine to siste kampar. Desse to saman med Jordan Rhodes kan fort få det artig i denne kommande kampen.
Blackburns siste kamper:
Blackburn – Derby 2-3 (Marshall, Gestede)
Blackburn – Wigan 3-1 (Marshall x2, Rhodes)
Wolves – Blackburn 3-1 (Rhodes)
Blackburn – Bournemouth 3-2 (Gestede, Hanley, Rhodes)
Norwich City – Blackburn Rovers 3-1 (Cairney)
Blackpool – Blackburn 1-2 (Gestede x2)
Vurdering: Fulham har ein lang veg å gå, og dei har per dags dato ikkje eit forsvar som kan stå imot ei slik angrepsrekke som Blackburn innehar. Når dei i tillegg slite stort framover på bana, så ser det ikkje lovande ut. Dei lille håpe for Fulham er at Blackburn kan ha ein tendens til å slite på bortebane, uansett motstand. Her skulle det eigentleg stå at mykje tyder på at Blackburn kan stikke av med ein bortesiger, men sparkinga av Felix Magath gjer at det plutseleg ser litt annleis ut. Det kan fort gi ein opptur for Fulham, men problema har vore sopass store, at eg nøya meg med å endre frå bortesiger, til poengdeling.
Tips: U
————————————————————————————————————
Leeds-Huddersfield
Kampstart: 16.00
Leeds er jo berre texas, og Dave Hockaday har allereie forlatt klubben, utan at det overraska nokon. Han var aldri rett mann, og det visste alle utanom eigaren Cellino. Assistent Neil Readfern fikk lede laget borte mot Birmingham forrige helg, og klarte då å få med seg eit bra bortepoeng etter eit seint mål av Mowatt. I midtveka kom dei nok ein gang bakpå borte mot Bournemouth, men etter pausen kom dei ut som eit heilt nytt lag, og valsa over heimelaget. Dei stoppa ikkje det før det fortent stod 3-1 til Leeds, i det som er eit av sesongens sterkaste resultat til no. Tre nye spelarar teikna seg på skåringslista i den kampen, og kanskje har Readfern noko på gang, sjølv om det er venta at ein ny manager snart er på veg inn dørene. Om han leda laget til ein siger mot rivalane frå Yorkshire, Huddersfield, så skal han no gi ein eventuell ny manager-kandidat noko å bryne seg på.
Leeds siste kamper:
Bournemouth – Leeds 1-3 (Doukara, Bellusci, Antenucci)
Birmingham – Leeds 1-1 (Mowatt)
Leeds – Bolton 1-0 (Warnock)
Bradford – Leeds 2-1 (Smith)
Watford – Leeds 4-1 (Selvmål)
Leeds – Brighton 0-2
Leeds – Middlesbrough 1-0 (Sharp)
Huddersfield er enda eit lag som allereie har bytta manager. Det skjedde som vi veit etter den aller første runda, og det etter lengre tid med ulmande flammar i korridorane. Chris Powell blei henta inn i landslagspausen og fikk to heimekampar å debutere på. Det resulterte i eit usselt poeng heime mot Wigan, som i for seg er sterkt nok. Men dei har ein lang veg å gå om det ikkje skal bli nok eit år i botnen, og vi er ikkje sikker på om Chris Powell har fått satt sine spor djupt nok enda. Må få i gang spissane sine igjen, for man kan ikkje vere avhengig av ein Jon Stead på topp, no offence, Stead.
Huddersfields siste kamper:
Huddersfield – Wigan 0-0
Huddersfield – Middlesbrough 1-2 (Stead)
Watford – Huddersfield 4-2 (Bunn, Wallace)
Huddersfield – Nottingham 0-2
Huddersfield – Charlton 1-1 (Wells)
Reading – Huddersfield 1-2 (Bunn, Butterfield)
Cardiff – Huddersfield 3-1 (Wallace)
Vurdering: Leeds har vist prov på at ikkje alt er galt i klubben etter at Readfern tok ansvar for laget. Andre omgangen mot Bournemouth var noko av dei beste dei har vist på år og dag. Dei mange nye spelarane har kanskje funne sin plass no, noko som fort kan gjere dette Leeds-laget stabilt. Møter eit Huddersfield som igjen er på leit etter sin stil. Chris Powell må nok få litt meir tid på seg, og dermed kjem kanskje dette Yorkshire-derbyet litt for tidlig. Leeds sin opptur i midtveka vil prege dei her.
Tips: H
—————————————————————————————
Middlesbrough-Brentford
Kampstart: 16.00
Boro har fått sving på sakene sine no, og har etter landslagspausen fått med seg to sterke bortesigrar mot Huddersfield og Cardiff. Spesielt den siste var verkeleg imponerande. Men det er lett å gløyme når man har landslagspause så det er viktig å minne om at dei to siste heimekampane har endt med tap. Først 2-3 mot Wednesday før det blei 0-1 mot Reading. Derfor skal ikkje vi friskmelde Boro heilt enda, men om Kike og spesielt Leadbitter fortsette sitt storspel, så kan dei slå kven som helst.
Boros siste kamper:
Cardiff – Middlesbrough 0-1 (Kike)
Huddersfield – Middlesbrough 1-2 (Leadbitter x2)
Middlesbrough – Reading 0-1
Middlesbrough – Preston 3-1 (Tomlin x2, Fewster)
Middlesbrough – Sheffield Wednesday 2-3 (Leadbitter x2)
Bolton – Middlesbrough 1-2 (Kike, Leadbitter)
Leeds – Middlesbrough 1-0
Brentford har opna friskt i sin første sesong tilbake i Championship. Sjølv om det blei eit klart tap i midtveka for veldig sterke Norwich, så skal dei ha ros for spelet sitt. Før dette fikk dei sin første heimesiger mot Brighton forrige helg, og før landslagspausen tok dei to sterke bortesigrar mot Rotherham og Blackpool. Finne dei tilbake til det solide forsvarsspelet dei hadde i desse bortekampane, så skal man ikkje sjå bort i frå at det kan bli nye poeng i deira neste kamp. Odubajo er eit uromoment som fort kan passe i ein slik kamp som ventar dei no.
Brentfords siste kamper:
Brentford – Norwich 0-3
Brentford – Brighton 3-2 (Odubajo, Gray, Douglas)
Rotherham – Brentford 0-2 (Proschwitz, Gray)
Brentford – Fulham 0-1
Brentford – Birmingham 1-1 (Odubajo)
Blackpool – Brentford 1-2 (Pritchard, Dallas)
AFC Bournemouth – Brentford 1-0
Vurdering: Middlesbrough kjem heim med to bortesigrar i sekken, og no forventa heimefansen ein siger på Riverside og. Har ein tendens til å skuffe på heimebane når det blir forventa tre poeng, så det kan fort skje igjen. Brentford tar og som nemnt med seg ein sterk borterekke når dei kjem på besøk, og kan fort vise seg å bli eit lag som irritera vettet av heimelaget. Eg er ikkje sikker på om eg stola nok på Middlesbrough til å gi dei sigeren her, til det er fristelsen for stor.
Tips: U
—————————————————————————————————-
Millwall-Nottingham Forest
Kampstart: 16.00
Ian Holloway og Millwall starta sesongen overraskande bra, men har som venta fått det litt tyngre etterkvart som sesongen har sett seg. Det er kanskje litt strengt å sei etter to tap på bortebane, mot nokså god motstand i Reading og Ipswich. Men om vi ser på deira to siste heimekampar og, så var det tendensar der til at ting var litt tyngre. Slitesigeren mot Blackpool var ikkje imponerande, og runda før det så tapte dei fortent 0-1 mot Rotherham. Dei får ein unekteleg tøff kamp her, og om dei klare å få med seg poeng så sette dei orda over til skamme.
Millwalls siste kamper:
Reading – Millwall 3-2 (Fuller, Beevers)
Ipswich – Millwall 2-0
Millwall – Blackpool 2-1 (Malone, McDonald)
Millwall – Southampton 0-2
Millwall – Rotherham United 0-1
Sheffield Wednesday – Millwall 1-1 (Gueye)
Fulham – Millwall 0-1 (Woolford)
Forest toppar tabellen med 17 poeng etter sju kampar. Det er imponerande det, men 17 mål på sju kampar er også veldig sterkt. Ein god grunn til det er deira nye spiss Britt Assombalonga som nesten skårar i kvar kamp, og gjerne med minst to om gangen. Det er morro å sjå kvalitetane til Forest no, og dei har eit lag som har dobbel dekning på alle posisjonane, noko som gjer dei mindre sårbar for skader, som dei alltid får ein del av. Det må vere skummelt å vete at du skal opp mot Forest når man ser på kva dei prestera no. Men dei første 20 minutta av andre omgang mot Fulham var skrekkelege. Å gå frå 2-0 til 2-3 var ikkje noko Stuart Pearce var fornøgd med, og slike ting kan dei fort bli straffa hardare for mot betre motstand. Ein dag så skårar ikkje Forest fire mål i ein kamp, og då kan dei fort finne på å tape.
Forests siste kamper:
Nottingham Forest – Fulham 5-3 (Assombalonga x3, Antonio, Paterson)
Nottingham Forest – Derby 1-1 (Assombalonga)
Huddersfield – Nottingham Forest 0-2 (Selvmål, Lansbury)
Nottingham Forest – Reading 4-0 (Antonio x2, Assombalonga, Fryatt)
Bournemouth- Nottingham Forest 1-2 (Assombalonga, Fryatt)
Bolton – Nottingham Forest 2-2 (Assombalonga x2)
Vurdering: Millwall sin form er dalande, mens Forest berre peisa på. Det er lite som tyde på at Ian Holloway skal klare å demme opp for Assombalonga og co. Styrken hans og farten til Antonio kan nok bli for mykje å hanskast med for Millwall. Det blir ikkje noko filleristing her, men at bortelaget tar alle tre poenga, ja det er veldig sannsynlig.
Tips: B
———————————————————————————————-
Norwich-Birmingham
Kampstart: 16.00
Norwich har fått ein glimrande start på sesongen, og om man ser vekk i frå tapet mot Wolverhampton i premiera, så har dette vore opprykkstakter av Norwich. Alexander Tettey har storspelt på midtbana og han har i tillegg notert seg for to mål så langt i sesongen, noko som ikkje er typisk han. Det vitnar om eit veldig offensivt lag, som kjem på angrep på angrep. Dette har både Brentford og Cardiff fått erfare den siste veka. Cameron Jerome har storspelt i sine to kampar etter overgangen til dei gule, og vi ser ikkje vekk i frå at han får sitt fjerde mål på sin tredje kamp her. Vil angripe med alt dei har på heimebane, og det vil bli vanskelig å stoppe dei.
Norwichs siste kamper:
Brentford – Norwich 0-3 (Tettey, Jerome x2)
Cardiff – Norwich 2-4 (Olsson, Hoolahan, Turner, Jerome)
Norwich – Bournemouth 1-1 (Grabban)
Norwich – Crawley 3-1 (Jacob Murphy x2, Jerome)
Ipswich – Norwich 0-1 (Grabban)
Norwich – Blackburn 3-1 (Johnson, Grabban x2)
Birmingham ser langt betre ut i år enn forrige sesong. Det ser man spesielt på heimebane der dei faktisk har klart å plukke med seg sigrar. Men Lee Clark sine menn er enda eit lag som har vist ei kurve som peikar nedover. Dei avslutta jo før landslagspausen med å få juling av Wigan (0-4) og etter 1-1 mot Leeds forrige helg så fikk dei nok ein gang juling i midtveka. 0-2 tapet mot Sheffield Wednesday var ein flashback til forrige sesong der dei sleit med å skape trykk på bortelaget, og endte opp med å sleppe inn mål på ugunstige tidspunkt. Må heve seg mange hakk om dei skal klare å få noko ut av denne kampen. Ein som likar å spele vanskelege bortekampar er Lee Novak, og kanskje finne han formen til denne kampen. Det trengst iallefall.
Birminghams siste kamper:
Birmingham – Sheffield Wed 0-2
Birmingham – Leeds 1-1 (Thomas)
Wigan – Birmingham 4-0
Birmingham – Sunderland 0-3
Brentford – Birmingham 1-1 (Caddis)
Birmingham – Ipswich 2-2 (Donaldson, Edgar)
Birmingham – Brighton 1-0 (Thomas)
Vurdering: Norwich i storform, og med ei angrepsrekke som osar mål for tida. Deira spelestil er så positiv og artig samanlikna med fjoråret, og det har gitt ein skikkelig opptur i byen. Møter her eit Birmingham som titt og ofte kan skru av om målet først kjem. Kan derfor bli ganske stygt om Norwich først får hull på byllen. Det kan berre bli eit utfall her. Og Lewis Grabban får seg mål igjen.
Tips: H
————————————————————————————————–
Rotherham-Charlton
Kampstart: 16.00
Rotherham er ikkje heilt lett å bli kloke på. Dei gjer det veldig bra som eit nyopprykka lag, og har hatt mange imponerande resultat. Den siste veka har dei hatt to tøffe bortekampar, og dei starta med å få med seg eit veldig heldig poeng borte mot Bournemouth, før dei tapte 3-2 mot Bolton i midtveka etter ein dramatisk kamp. Rotherham er på papiret eit godt lag, og spesielt foten til Pringle er det lett å bli glad i. Han har potensial til å avgjere kampar med sine innlegg og pasningar. No er Rotherham på heimebane igjen, og det er nok venta at dei skal gjere opp for den svake heimekampen dei hadde mot Brentford før landslagspausen. Då mangla dei mykje av den energien som vi har sett i starten av sesongen. Kanskje er gløden på veg til å dø litt ut.
Rotherhams siste kamper:
Bolton – Rotherham 3-2 (Wordsworth, Bowery)
Bournemouth – Rotherham 1-1 (Bowery)
Rotherham – Brentford 0-2
Swansea – Rotherham 1-0
Millwall – Rotherham 0-1 (Pringle)
Rotherham – Watford 0-2
Rotherham – Wolves 1-0 (Hall)
Charlton er jo utan tvil årets overrasking. Laget mange tippa ville slite i botnen ligge trygt plassert på play-off, etter ein rekke imponerande kampar. Dei har hatt ein utrulig evne til å få med seg poeng i jamne kampar, og då også sigrar. Fire poeng på dei to heimekampane den siste veka, der spesielt 1-0 sigeren over Watford sette spor i England. Har fått inn spelarar som verkeleg har løfta laget, og ein av dei er Vetokele som skårar jamnt og trutt. Spelar ikkje verdens artigaste fotball, men dei kjem så uendeleg langt med den innsatsen dei legge ned for tida. No ventar ein tøff bortekamp, men dei har gjort sine saker bra borte frå London og. I sist bortekamp så endte det 2-2 mot Brighton, noko som imponerte. Det blir spennande å sjå kor lenge dei kan halde dampen oppe.
Charltons siste kamper:
Charlton – Wolves 1-1 (Bikey) Charlton – Watford 1-0 (Buyens)
Brighton – Charlton 2-2 (Vetokele x2)
Derby – Charlton 1-0
Huddersfield – Charlton 1-1 (Vetokele)
Charlton – Derby 3-2 (Tucudean, Buyens, Vetokele)
Charlton – Wigan 2-2 (Cousins, Moussa)
Vurdering: Rotherham ser litt tyngre ut no enn i starten av sesongen, og dette er noko eit høgtflygande Charlton kan dra nytte av. Bortelaget har spelarar som kan kontre dette Rotherham-laget i senk om dei har dagen. Det blir nok heimelaget som styre spelet her, så spørst det om dei har evnen til å utnytte det spelemessige overtaket. Om ikkje så blir dei straffa. Ein veldig open kamp som kan ende med poeng til begge lag.
Tips: U
——————————————————————————————
Sheffield Wed-Reading
Kampstart: 16.00
Sheffield Wednesday er eit lag som har tatt mange steg fra forrige sesong. Dei ser no veldig kompakte ut og sleppe inn utrulig lite mål. Då blir sakne av Michail Antonio mindre også, sidan det trengs færre mål for å vinne kampar. Om man ser bort i frå 0-1 tapet mot Nottingham Forest, så har dei tre sigrar og tre uavgjort på sine første sju kampar, noko som er veldig sterkt. Dei har berre sluppe inn fire mål til no i sesongen, og berre Wolverhampton har færre innslupne til no i sesongen. Der ligg styrken deira, og no når den nye spissen May også begynner å vise kva han er god for, så kan dette bli veldig bra framover for gjengen frå Sheffield. 2-0 sigeren borte mot Birmingham i midtveka var sterk og viste at laget har potensial til å vere med på øvre sjikte av tabellen.
Wednesdays siste kamper:
Birmingham – Sheffield Wednesday 0-2 (May, Helan)
Bolton – Sheffield Wednesday 0-0
Sheffield Wednesday – Nottingham Forest 0-1
Burnley – Sheffield Wednesday 0-1 (Nuhiu)
Middlesbrough – Sheffield Wednesday 2-3 (Nuhiu x2, May)
Sheffield Wednesday – Millwall 1-1 (Maguire)
Sheffield Wednesday – Derby 0-0
Reading har hatt ein litt “opp og ned”-sesong til no, men tre sigrar på rappen vitnar om at laget begynner å få fasong. I starten av sesongen var det eit veldig ungt og urutinert lag, men med tilvekstane i form av Cox og Murray på topp så har dei fått erfaring og musklar, noko som har vore utslagsgjevande i dei tre siste kampane då dei to spissane har avgjort alle tre kampane. Forrige bortekamp endte med 1-0 mot Middlesbrough etter mål av nemnte Cox, og dei kan fint yppe seg på Hillsborough og.
Readings siste kamper:
Reading – Millwall 3-2 (Cox x2, Blackman)
Reading – Fulham 3-0 (Murray x2, Blackman)
Middlesbrough – Reading 0-1 (Cox)
Scunthorpe – Reading 0-1 (Taylor)
Nottingham Forest – Reading 4-0
Reading – Huddersfield 1-2 (Cox)
Reading – Ipswich Town 1-0 (Taylor)
Vurdering: To lag i god form møtes, og det kan vere litt vanskeleg å spå utfallet då. Klare Sheffield Wednesday å temme Cox og Murray så skal dei ha gode sjansar for tre poeng. Trur det blir ein målfattig kamp, der første målet vinner. Er på grensa til å kalle det ein uavgjortkamp, men Sheffield Wednesday sin form, og fordel av heimebane gjer at dei får tipset her. Men knepent.
Tips: H
——————————————————————————————–
Wolverhampton-Bolton
Kampstart: 16.00
Wolverhampton har vist solide takter etter returen til Championship, og er det laget som sleppe inn færrast mål (3) Det er imponerande av eit nyopprykka lag, men langt frå uventa når man ser kva Kenny Jackett fikk til forrige sesong med dette laget. Dei har også to i angrepsrekka som gjer at dei altid får sjansar. Sako og Dicko kan avgjere kvar ein kamp med sin fart og sine ferdigheta framfor mål, noko som har gitt Wolverhampton mange poeng. Bortsett frå det uheldige og høgst ufortente tapet borte mot Rotherham så har Wolverhampton fire sigrar og to uavgjorte resultat å vise til. Det er lite som tyde på at den gode formen stoppar opp med det første.
Wolves kamper:
Charlton – Wolves 1-1 (Batth)
Blackpool – Wolves 0-0
Wolves – Blackburn 3-1 (Sako x2, Dicko)
Wolves – Cardiff 1-0 (Selvmål)
Fulham – Wolves 0-1 (Sako)
Rotherham – Wolves 1-0
Dougie Freedman hadde kniven på strupen forran midtvekekampen mot Rotherham. Heldigvis kunne han puste letta ut etter tre mål av Joe Mason. Dermed klatra Bolton over streken noko som gjorde godt for den hardt pressa klubben. Men 1-2-4 på dei første sju er langt frå bra nok, og dei må snart begynne på ei rekke med sigrar om prosjekt-Freedman skal få fortsette. Det er mykje kvalitet i dette Bolton-laget, men dei får det rett og slett ikkje ut. På bortebane har dei sett veldig svake og har fortsatt til gode å ta med seg poeng frå desse kampane. I denne kampen skal nok ikkje fansen forvente så mykje poeng heller.
Boltons siste kamper:
Bolton – Rotherham 3-2 (Mason x3)
Bolton – Sheffield Wednesday 0-0
Leeds – Bolton 1-0
Crewe – Bolton 2-3 (Beckford x2, Pratley)
Brighton – Bolton 2-1 (Wheater)
Bolton – Middlesbrough 1-2
Bolton – Nottingham Forest 2-2 (Mason, Wheater)
Vurdering: Wolverhampton i storform og virkar rett og slett botnsolide. Har eit lag som er veldig vanskeleg å bryte ned, og då skal iallefall Bolton få vanskar med det, om ikkje Mason knekke koden også i denne kampen. Forventa her eit Wolves som malar Bolton i stykker og vinne greit, utan at eg forventar kalassiffer.
Tips: H
Mandag 22. september blir den siste kampen spelt:
Wigan-Ipswich
Kampstart: 20.45
Uwe sa etter 1-3 tapet mot Blackburn forrige helg at dei måtte vinne mot Huddersfield i midtveka. Der klarte dei berre 0-0, så no blir det viktig med siger. Vann sine to siste heimekampar før landslagspausen. Først ein slitesiger mot Blackpool, før det løsna skikkelig mot Birmingham. Har enda til gode å få det til å klaffe framover på bana, og det må på plass om dei skal kjempe i toppen denne sesongen. Har vore litt for avhengige av McManaman og Riera til no, så treng at fleire av den offesive krafta melder seg på. Blir ein tøff heimekamp i flomlyset denne mandagskvelden.
Wigans siste kamper:
Huddersfield – Wigan 0-0
Blackburn – Wigan 3-1 (Perch)
Wigan – Birmingham 4-0 (McManaman x2, Waghorn, Taylor)
Wigan – Blackpool 1-0 (Riera)
Cardiff – Wigan 1-0
Charlton – Wigan 2-1 (McManaman)
Mick McCarthy bygger fortsatt stein på stein, og grunnmuren ser igjen veldig kompakt ut. To viktige heimesigrar den siste veka med 2-0 mot både Brighton og Millwall. Særleg kampen mot Brighton var imponerande og ekstra gledeleg var det at Parr fikk sitt første mål for Ipswich. Sist bortekamp tok dei eit sterkt poeng borte mot Derby, og då viste dei akkurat kva McCarthy vil ha. Godt forsvar og farlege på sine eigne dødballar. Det vil nok igjen vere oppskrifta denne kampen.
Ipswichs siste kamper:
Ipswich – Brighton 2-0 (Parr, Murphy)
Ipswich – Millwall 2-0 (McGoldrick, Murphy)
Derby – Ipswich 1-1 (Berra)
Ipswich – Norwich 0-1
Birmingham – Ipswich 2-2 (Berra x2)
Reading – Ipswich 1-0
Vurdering: Eit heimelag som føler dei må vinne, mot eit bortelag som nok er fornøgd med posisjonen dei har opparbeida seg. Wigan vil nok presse på gjennom kampen, men spørsmålet er om dei har på plass den siste biten som kan opne opp forsvaret til Ipswich. Kan fort skje at dette blir ein perfekt McCarthy-kamp på bortebane, men det er litt typisk Wigan å slå tilbake no. Dei har mange raske og tekniske bein som kan bli problematisk for eit Ipswich med to tøffe kampar i beina. Vi går for heimesiger, men Ipswich gir seg nok ikkje utan skikkelig kamp.
Tips: H