Før Runden: 31.serierunde
February 12, 2015Før Runden: 17 og 18.februar
February 15, 2015Skrevet av: Kjetil Myklebust
Sjokkbølgjene slo hardt innover England i fjerde runde av FA-cupen, der stormaktene Chelsea og Manchester City måtte gi tapt mot Bradford og Middlesbrough på heimebane i to elleville fotballkampar. Det var ikkje mange som hadde tru på desse to, og heller ikkje Cambridge blei det forventa mangt av, men dei fikk kjempa seg til omkamp på Old Trafford, og dermed fikk økonomien eit løft for Luke Chadwick og co.
Forutan Middlesbrough så blei det blanda drops for laga frå Championship. Blackburn imponerte med ein sterk 3-1 siger over Swansea, mens Reading slo ut Cardiff og Derby tok seg greit av Chesterfield. Dermed har vi fire av 24 lag med inn i femte runde, og minst eit får bli med vidare til sjette runde også.
Vi tar ein kikk på alle dei åtte kampane som skal gå av stabelen denne helga, og alle åtte kan sjåast live på Tv2 Premium Sport 1 og 2.
Tv-kampane er som følgjer:
- West Bromwich-West Ham, Laurdag 13.45
- Blackburn-Stoke, Laurdag 16.00
- Derby-Reading, Laurdag 16.00
- Crystal Palace-Liverpool, Laurdag 18.30
- Aston Villa-Leicester, Søndag 13.30
- Bradford-Sunderland, Søndag 15.30
- Arsenal-Middlesbrough, Søndag 17.00
- Preston-Manchester United, Måndag 20.45
Laurdag:
West Bromwich-West Ham
Ikkje den kampen som fikk mest omtale etter trekninga, for knappe tre veker sidan, men kampen på The Hawthorns kan bli ein skikkelig godbit når man tenker på kven som sitt i managerstolane. WBA kom seg hit ved å slå Birmingham i lokalderbyet på St.Andrews. 2-1 sigeren blei sikra etter to mål av Victor Anichebe tidleg i første omgang, og Birmingham klarte aldri å komme heilt tilbake, til tross for ein sluttspurt. Wests Ham på si side måtte kjempe hardt borte mot Bristol City, og kunne til slutt gå jublande av bana med 1-0 til tross for store problem med å demme opp for Matt Smith og Bristol City til tider.
WBA sin form er ikkje så aller verst under Tony Pulis, og i midtveka stakk dei av med ein sterk 2-0 siger heime mot Swansea etter mål av Saido Berahino og Brown Ideye. Sistnemnte blei jo rekna for å vere ein flopp, men ting tyder på at han kanskje kan få ein ny vår under deira nye manager. WBA har vore veldig solide, om man ser bort i frå kampen mot Spurs, og det er mykje som tyder på at Pulis igjen gjer ting rett. Derfor skal det bli spennande å sjå korleis eit West Ham-lag, stinne av sjølvtillit etter 1-1 mot Manchester United og 0-0 borte mot Southampton taklar dette. Sam Allardyce sitt mannskap har litt skadeproblem, men løyste det glimrande mot Southampton, og kan fint gjere det igjen her.
Det er lite som tyder på at dette blir ein målrik affære. Her er det to nokså gjerrige lag som møtes, med to managera som veit korleis man skal forsvare seg. Eg reknar likevell med at WBA tar ein liten kommando i denne kampen, då det truleg blir nødvendig. Då blir det spennande om West Ham satsar på kontringar, og om dei lykkast med det. Begge lag er gode på dødball, så eg blir ikkje overraska om den duellen ender uavgjort. I ein jamn og tett kamp, ende nok heimelaget opp med jubelen.
Vårt tips: 1-0
—————————————————————————-
Blackburn-Stoke
Blackburn får enda eit besøk av Premier League-lag når Stoke no tar den korte turen bort til Ewood Park i det som blir alt anna enn lett. Blackburn stilte eit litt b-prega lag når Swansea gjesta forrige runde, men dei klarte likevell å slå til med ein 3-1 siger, mykje takka vere Swansea sitt tidlig raude kort. Stoke på si side hadde ingen problem med å slå Rochdale 4-1 til tross for litt trøblete førsteomgang.
Blackburn ser ut til å segle akterutseglt i ligaen, då avstanden opp til play-off begynne å bli nokså stor. Men dei har ikkje gitt seg enda, og Craig Conway og Jordan Rhodes ordna ein viktig siger på heimebane i midtveka. Det kan ha gitt laget ein tiltrengt bost framfor denne tøffe duellen her. Gary Bowyer stilte som nemnt eit litt svakt lag forrige gang, men det vil overraske om han rotera så mykje denne gangen. Kanskje får Joshua King sjansen igjen her, men han burde iallefall få med seg minst ein av Rhodes eller Gestede denne gangen. Stoke fikk til slutt juling mot Manchester City i midtveka, og laget har ein del skadeproblem no. Det kan gi utslag i denne kampen. Peter Crouch viser uansett at han er i form, og burde bli brukt her for å gi kraftkarane frå Blackburn litt motstand.
Ein vanskeleg kamp å spå, då man er litt usikker på kva lag desse to stiller. Blackburn har uansett potensial til å slå ut nok eit Premier League-lag på ein god dag, og Stoke er ikkje eit lag dei bør frykte så alt for mykje. Det blir nok lite finspel denne kampen, men begge lag har vist at dei kan det å krige. Med skadane til Stoke i bakhovudet, så får Blackburn ein liten fordel her. Men den kan vippe begge vegar.
Vårt tips: 2-1
————————————————————————————-
Derby-Reading
Man kan glede seg over at minst eit lag frå Championship får ta turen inn i sjette runde, når Derby får besøk av kollega Reading. Derby har ikkje imponert i sine to heimekampar mot lavare motstand, men på halv maskin så klarte dei å slå ut Chesterfield 2-0 sist. Reading har ikkje hatt det like enkelt og etter å ha slått ut Huddersfield på bortebane i 3.runde så måtte dei til Cardiff sist. Der snudde dei 0-1 til 2-1 i andre omgang og sikra seg avansement i sluttminutta når Hal Robson-Kanu sette inn 2-1 målet.
Derby er favoritt til å rykke opp til Premier League, med god grunn. I midtveka måtte dei ut i sin tøffaste kamp for sesongen, mot serieleiar Bournemouth. Der gjorde dei det ganske bra, og til tross for å komme under to gangar, så kom dei tilbake ved Tom Ince og Darren Bent. Dei to nykomne spelarane vil nok få tillit igjen her, då Steve McClaren har sagt at han vil gjere litt endringar på laget for å halde spelarane friske og raske til det som blir ein hektisk og spennande vår. Inn kjem nok også Jesse Lingard som er på lån frå Manchester United, og han kan fint leike seg mot Reading. Reading på si side har hatt ein god start på 2015, men fikk ein nedtur når dei tapte 0-2 heime mot Leeds i midtveka. På bortebane har dei gjort det bra i cupen i år, og dei tar også med seg ein veldig sterk bortesiger i ligaen frå forrige helg, når dei slo Wolverhampton 2-1.
Sjølv om Derby kjem til å spare nokre spelarar så har dei ein tropp spekka med kvalitet. Chris Martin fikk seg ein smell i midtveka og blir nok erstatta av Darren Bent her, men det skal nok ikkje vere noko problem. Reading på si side jaktar sin tredje strake bortesiger i cupen, og har lite å tape mot storfavoritten her. Uavhengig av lag, så tar nok Derby dette, på grunn av betre lag og heimbanefordel. Men ikkje tru det blir enkelt.
Vårt tips: 3-1
———————————————————————————-
Crystal Palace-Liverpool
Selhurst Park kjem til å rocke når Liverpool kjem på besøk for andre gang denne sesongen, for heimelaget har forrige oppgjer friskt i minnet. Crystal Palace vant overraskande 3-2 borte mot Southampton i det som var ein forrykande femterundekamp sist. Liverpool på si side måtte ha omkamp etter at første oppgjer mot Bolton endte 0-0 på Anfield. I returkampen klarte dei å snu 0-1 til 2-1 i sluttminutta etter at Bolton hadde pådratt seg eit raudt kort i midten av andre omgang.
Crystal Palace har verkeleg tatt av under Alan Pardew, og i tillegg til suksessen i cupen så har dei tatt bra med poeng i ligaen også. Poengdelinga mot Newcastle i midtveka var nok litt under forventa, men dei viste igjen at dei er eit veldig vanskelig lag å slå på heimebane. Dei kan i tillegg glede seg over at Yannick Bolasie er tilbake frå Afrikameisterskapet, og han lagde store problem for Liverpool sist gang dei møttes. Liverpool slo tilbake frå den triste kampen mot Everton ved å slå Tottenham 3-2 i ein forrykande fotballkamp. Til tross for at dei i delar av kampen sleit mot formlaget frå London så viste dei nok ein gang at ting begynner å klikke for dei raske og tekniske spelarane på topp. At Lucas og Steven Gerrard er ute her vil nok hemme laget ein del, men offensivt har dei mykje å ta av no.
Dette blir nok ein fartsfylt kamp der begge lag kjem til å angripe med stor fart. Liverpool er fortsatt litt rufsete i forsvar og det er noko Palace sine hurtige angrepsspelarar kan utnytte. Det same kan vi sei motsatt veg og, då Brede Hangeland og co ikkje er av dei raskaste. I fjor var det ein ellevill kamp her som endte 3-3, og eg ser ikkje bort i frå at noko liknande kan skje igjen. Men denne gangen får vi ikkje sjå grinande Liverpool-spelarar vandre av bana.
Vårt tips: 2-3
————————————————————————————
Søndag:
Aston Villa-Leicester
To managera og to lag som slite i botnen av Premier League, får eit avbrekk frå kaoset som rådar der, når Leicester kjem til Villa Park. Aston Villa sleit lenge mot eit godt Bournemouth-lag sist, men kunne juble over avansement etter at kampen blei blåst av med resultatet 2-1. Leicester på si side kunne juble for same resultat etter at dei snudde kampen på slutten på bortebane mot Spurs. Eit sterkt resultat som viste kva som eigentleg bur i laget.
Som nemnt er det to lag som sliter tungt i botnen av Premier League, og Aston Villa måtte gå til det skritt å sparke Paul Lambert etter den horrible kampen mot Hull i midtveka. Den endte 2-0 og Aston Villa var aldri i nærleiken av å vere med i kampen om dei poenga. Grått, trist og kjedeleg har det vore lenge, og no treng dei sårt ein opptur, både her og i ligaen. Christian Benteke skårar ikkje lengre, og det er det ingen andre som gjer heller. Leicester på si side kunne og ha møtt opp her utan manager, men etter mykje fram og tilbake viste det seg at Nigel Pearson fikk fornya tillit. Det kan man forstå meir av då laget i det siste har imponert spelemessig, men i midtveka tapte dei igjen på at dei ikkje er god nok i nokon av boksane. Sjanse på sjanse blei sløst vekk mot Arsenal, og dei endte opp med å tape 2-1 i det som kunne blitt både eit eller tre viktige bortepoeng. Spissane har ikkje gjort jobben sin her heller, og det må det endrast på om det skal bli ny kontrakt og avansement i cupen.
To lag som ligg i botnen av Premier League, og som slit med å skåre mål. Likevell sitter eg med ein følelse av at denne kampen kan bli litt målrik. Leicester spelar flott fotball både heime og borte, og om det lausna, så vil det lausne skikkeleg. Det blir nok ein jamn kamp, der Leicester vil styre mykje av spelet, så får vi sjå om Aston Villa kan klare å utnytte sjansane når dei kjem, slik som mot Bournemouth. Blir det ein omkamp mon tro?
Vårt tips: 2-2
—————————————————————————————
Bradford-Sunderland
Potetåkeren til Bradford er klar for ei ny cupbombe, og eg er sikker på at Gus Poyet skjelver i boksa når han tar bussen nedover til Yorkshire. Bradford sitt comeback mot Chelsea vil det for alltid bli snakka om. Det er ikkje mange lag som har snudd 0-2 til 4-2 på Stamford Bridge, og det er nok ingen av laga i League One som hadde klart den bragda igjen. Sunderland på si side måtte ha omkamp etter at det første oppgjeret mot Fulham hadde endt 0-0. Men ein keepertabbe i returoppgjeret i London gjorde sitt til at Sunderland klarte å snu 0-1 til 1-3 og nytt oppgjer i FA-cupen.
Bradford sine spelarar spelte over evne i kampen mot Chelsea. Ein middelmådig spelar som Jon Stead såg ut som ein million der han leika seg med Tim Cahill og co utover i andre omgang. Klarar formlaget å gjenta bedrifta her? Bradford-manager Phil Parkinson har gjort dette laget til eit cuplag, noko dei beviste når dei nådde ligacupfinalen for to år sidan. No er dei på veg mot Wembley igjen, og med formen dei også viser i ligaen no, så kan dei fort klare det. Dei imponerte iallefall stort på Måndag når dei slo topplaget MK 2-1 på heimebane i ein kamp dei dominerte i store delar av kampen. Sunderland på si side har også heva prestasjonane i det siste, men gikk på ein stjernesmell når dei tapte 0-2 heime mot QPR i midtveka. Dette var eit QPR som ikkje hadde vunne på elleve bortekampar i Premier League, og som har sett forferdelege ut, når dei kjem vekk frå kjent gras i London. Gus Poyet sitt mannskap har ikkje akkurat vore fargerike denne sesongen, og det blir dei ikkje her heller, når man veit korleis baneforholda blir. Her må dei berre kjempe det dei har og håpe på det beste.
Bradford kjem kanskje ikkje inn i denne kampen som favorittar hos dei som setter oddsen, men i mine auge så er dei ein ørliten favoritt her. Sunderland er ikkje noko særleg spennande lag, og dei som er spennande skal få slite hardt med dette underlaget. Bradford på si side viste utmerka godt mot MK at dei meistra dette, og formen er verkeleg på veg opp hos Phil Parkinson sitt mannskap. Sjølvtilliten frå Chelsea-sigeren sitter nok godt i minnet også. Ny, ørliten cupsmell? Ja.
Vårt tips: 2-1
—————————————————————————————-
Arsenal-Middlesbrough
Arsenal har nok sett kampen mellom Manchester City og Middlesbrough fleire gangar for å forsikre seg om at dei ikkje går på same smellen her. Kan det bli eit nytt sjokk? Arsenal kom seg hit ved å slå Brighton 3-2 på bortebane i ein kamp dei klarte å gjere spennande mot slutten. Middlesbrough er allereie nemnt, men den andreomgangen mot Manchester City vil nok ingen i Middlesbrough gløyme. Lee Tomlin var verdsklasse når han leika seg gjennom midtbana og forsvaret til City gang på gang, og resten av laget var ikkje langt unna når det gjeld klasse heller. 2-0 var ikkje eit mål for lite i det som var ein leksjon i kontringsfotball.
Arsenal gikk på eit surt derbytap mot Tottenham forrige helg, men slo tilbake ved å slite seg til ein litt heldig siger heime mot Leicester i midtveka. I det man trudde Arsenal var på veg mot verkeleg storform, så har dei vist svakheit igjen. Aaron Ramsay måtte igjen av med skade i midtveka, og blir nok ikkje å sjå i aksjon her. Så spørst det om ein sjanglete Alexis Sanchez blir gambla på her. Arsene Wenger er nok iallefall veldig obs på kva som ventar her, og vil nok ikkje spare for mykje. Middlesbrough kjem til Emirates som serieleiar etter at deira 2-1 siger borte mot Blackpool i midtveka sendte dei opp på topp. Også der viste dei ein herleg innstilling ved å skåre eit seint sigersmål. Laget rir på ei medgangsbølgje som ikkje ser ut til å stoppe. Solide bakover og med offensive spelarar i storform. Aitor Karanka vil nok ha problem med å bestemme seg for kven som skal få spele her, men eg trur det blir nokså likt det mannskapet som banka Manchester City.
Kan det skje igjen, eller vil eit slikt eventyr få sin naturlige slutt? Det som bør bekymre Wenger litt er at Middlesbrough spelar litt som Leicester gjer, og det hadde hans mannskap store problem med å finne ut av i forrige kamp. Om ikkje Arsenal klare å utnytte sjansane som dei vil få, og dermed får eit utålmodig publikum mot seg, så kan det fort bli ein reprise for Middlesbrough. Men til tross for at man har ein ørliten tru på at det kan skje igjen, så vil nok Arsenal no vere meir budd på kva som ventar, og dermed tar dei seg nok også vidare. Men Arsenal, pass på guds skyld på Albert Adomah og Lee Tomlin, for dei er nok klar for nye herjingar.
Vårt tips: 2-1
————————————————————————————
Måndag:
Preston-Manchester United
Preston fikk ein skikkelig godbit ved å slå ut Sheffield United i omkamp i forrige runde, når Manchester United gjestar Deepdale. Gjengen frå Preston blei levna liten sjanse i returkampen på bortebane mot Sheffield United, men imponerte sterkt ved å snu 0-1 til 3-1. Manchester på si side var fryktelig svake i bortekampen mot Cambridge og måtte ha returkamp for å komme seg hit. Dei må heve seg om det ikkje skal komme ein ny smell.
Preston har etter det sjokkerande tapet mot Crawley for to veker sidan slått tilbake med to sigrar i ligaen, i tillegg til å ha vunne returkampen mot Sheffield United. Det må ha gitt laget til Simon Grayson fornya sjølvtillit framfor denne draumen av ein kamp på Deepdale. Laget til Grayson ligg på ein fin fjerdeplass i League One, og har fått tru på at dei kanskje kan klare direkte opprykk. Joe Garner viste lovande takter med sine to mål i midtveka, og saman med Kevin Davies, Paul Huntington og Paul Gallagher, så er dei klare for å gi forsvaret til United ein helvetes kveld. Når man i tillegg tar med at Simon Grayson var manager forrige gang Manchester United blei slått ut av FA-cupen av eit lag frå League One. Og i troppen til Preston så finner vi også mannen som avgjorde den kampen, nemleg Jermaine Beckford. Sjølv om han er langt frå den spelaren han var den gang, så veit man aldri i fotball. Manchester United kjem til kampen med få skader, men har likevell til gode å imponere i 2015, og med dei to forrige bortekampane i cupen i minne, så ser man ikkje vekk i frå at det kan komme ei lita bombe her.
Preston kjem til å pøse på med lange ballar opp mot spissane sine, og deretter komme etter med eit enormt trykk. Klare Manchester United å stå imot dette så skal det gå bra, men historia viser at det fort kan bli problematisk. Det er på tide at storlaget står fram og viser at dei faktisk vil vinne denne cupen, og då hjelpe det ikkje å spele halvhjerta som mot Yeovil og Cambridge. Van Gaal stiller nok sitt sterkaste mannskap, så får vi sjå om det likevell er godt nok i det første møtet mellom desse laga sidan 1972.
Vårt tips: 1-1