Lovnadar om langsiktige planar og sakte oppbygging vart brotne i løpet av kort tid i Nottingham Forest.

Komande helg spelar Nottingham Forest på bortebane mot erkerivalen Derby County. På dei siste fem kampane mot Derby, inkludert denne kampen, har Nottingham Forest hatt like mange managere. Billy Davies, Steve McClaren, Steve Cotterill og Sean O’Driscoll har alle fått fyken dei siste to åra. No er det Alex McLeish sin tur til å leia klubben mot Derby, eit lokaloppgjer som Derby har gått sigrande ut frå dei siste tre gongene dei har møtt kvarandre.

Jamie Ward feirar det første av Derby sine to mål i 2-1-sigeren sin over Forest på City Ground i september 2011, framfor 27 356 tilskodarar (inkludert bloggforfattaren, som tok dette biletet frå tribunen).

Tidlegkampen mellom Nottingham Forest-Leeds på Boxing Day var TV-kamp, ein kamp mellom to av laga legendariske Brian Clough var manager for i sin lange og interessante karriere, og det var lite i den kampen som tyda på at Forest var ein klubb som hadde noko behov for å skifta manager. Ein strålande andreomgang sikra dei ein 4-2-siger, og etter at resten av kampane i den 24. serierunden var ferdigspelt var Nottingham Forest på åttandeplass, med kun eitt poeng opp til ein kvalifiseringsplass. Det er ikkje timingen som her er problemet, slik enkelte mediefolk i England gav uttrykk for på Twitter rett i etterkant av offentleggjeringa, sjølv om den verkar rar. Avgjersla om å skifta ut O’Driscoll var sannsynlegvis teke før Leeds-kampen, noko den raske tilsetjinga av ny manager òg tilseier. Det er naturleg å ville gi den nye mannen sjansen til å vera manager gjennom heile transfervindauget om dei først vil skifta ut manageren. Problemet er ikkje timingen, det er rett og slett at avgjersla om å senda han på dør bryt så tydeleg med tidlegare lovnadar frå eigarane.

Etter 24 kampar i fjor, altså same stadie av sesongen som ein var på då O’Driscoll måtte gå, låg klubben på nedrykksplass. Kun to poeng skilte dei frå 24.- og sisteplassen. Fotballen som vart spelt var av det begrederlege slaget – laget hadde scora berre 18 mål, færrast i divisjonen. Dei hadde ingen god start på sesongen under Steve McClaren, og fotballen vart ikkje akkurat betre av at namnebror Steve Cotterill tok over. Cotterill er kanskje ingen veldig dårleg manager, men han vil aldri bli beskulda for å vera for opptatt av fin fotball, i alle fall. 19. november 2011 vann Forest 3-2 over Ipswich, og etter det scora dei ikkje før dei spelte mot Ipswich på nytt. No er den statistikken verre enn den høyrest ut til, sidan dei tok turen til Ipswich allereie den andre dagen av 2012, men det var uansett ille. Sju kampar (fire av dei på heimebane) utan nettkjenning er fælt nok for ein spiss, for eit heilt lag er det endå verre.

Vårsesongen til Forest var betre, og klubben redda seg nokre rundar før slutt. Ein del Forest-fans gav æra til Sean O’Driscoll, som vart tilsett i klubben som førstelagstrenar i januar. O’Driscoll og Cotterill står langt frå kvarandre spelestilsmessig, men var gamle vener etter å ha spelt saman i Bournemouth nokre år. Gradvis byrja Forest å scora mål igjen, best eksemplifisert gjennom ein 7-3-siger på bortebane mot eit Leeds-lag dei tapte 4-0 mot på heimebane. Denne forbetringa på våren kom trass i at klubben vart ramma av ein tragedie i vinter, då den lokalfødde klubbeigaren Nigel Doughty døydde, berre 54 år gammal. Sommaren 2012 vart klubben seld til Al-Hasawi-familien frå Kuwait, noko som skulle bety forsterka satsing mot Premier League-fotball.

Noko av det første dei gjorde var å sparka Steve Cotterill, og jobben hans vart gitt til Sean O’Driscoll, som i mai hadde blitt Crawley-manager. Forest lokka med sine ambisjonar og sine langsiktige planar, og det kunne ikkje O’Driscoll takka nei til. Tilsetjinga var populær. Både på grunn av jobben han allereie hadde gjort i støtteapparatet, men òg som følgje av sine prestasjonar under vanskelege høve i både Bournemouth og Doncaster. Ikkje berre hadde han relativ suksess, det vart gjort ved å spela fin fotball. Forest-legenden Brian Clough påstod ein gong at gudane ville ha putta gras i skyene om det var meininga at det var der spelet skulle føregå. O’Driscoll har vore ein eksponent for fin fotball, blant anna vart hans Doncaster-lag i League One samanlikna med Arsenal, og O’Driscoll med Wenger.

Kvar det vart av desse langsiktige planane klubben i juli hadde er det vel kun Al-Hasawi-familien som veit. 3-5-årsplan vart det snakka om ved tilsetjinga, Forest skulle byggast opp sakte, men sikkert. Tidlegare i desember kom ryktene om at ikkje alt var heilt bra i Forest, etter at lønningar vart betalt seint, klubbkredittkortet vart avvist på eit hotell i Brighton og etter at styreformann Omar Al-Hasawi trappa ned engasjementet, og overlot styreformannansvaret til fetteren; Fawaz Al-Hasawi. Det har seinare blitt avvist at det er problemer frå offisielt hald, og forklaringar på hendingane har blitt gitt, men det planta nok ein usikkerheit blant ein del supportarar. Men det bleiknar samanlikna med hendingane på Boxing Day og den påfølgjande dagen.

Sean O’Driscoll overpresterte ikkje med dette Forest-laget, men han har gjort det som var forventa av dei fleste: Laget har hatt framgang, og dei heng med i toppen, utan å ha prega toppen av tabellen skikkeleg enno. Dei har ikkje hatt lange sigersrekker, men har plukka poeng her og der. Spelemessig har det vore OK, om enn ikkje ekstraordinært enno – sånt tek tid. O’Driscoll tok over klubben 19. juli, på eit tidspunkt der klubben nesten ikkje hadde forsvarsspelarar, og han måtte på jakt etter tilgjengelege spelarar som enno ikkje hadde skifta klubb. Klubben har trass i dette haldt seg konkurransedyktig, og det er vanskeleg å sjå at snakket om at Forest var “for ujamne” held som forklaring på at O’Driscoll måtte gå. Alle klubbar i Championship (Cardiff er den einaste klubben som er i nærleiken av å vera eit unntak) er ustabile. Klubben har føreteke eit stilskifte, i tillegg til store omskiftingar i klubben både i leiinga og i spelarstallen. Klubben sin posisjon no får avgjersla til å verka veldig lite gjennomtenkt, og veldig lite langsiktig. Få tenkjer meir langsiktig enn O’Driscoll, og det er vanskeleg å sjå for seg at dette Forest-laget han var i ferd med å skapa ikkje skulle kunne bli ein opprykkskandidat innan svært kort tid – kanskje allereie denne sesongen.

Likevel vart altså denne avgjersla teke, og ein kan spekulera i kva som gjer at Al-Hasawi-familien har mista trua – om dei i det heile tatt nokon gong verkeleg hadde den. Kanskje følte dei at han mangla litt karisma. Han kan framstå litt traust, og han gir ikkje alltid journalistar svara dei er ute etter, men svara er sjeldan kjedelege eller fulle av klisjéar slik ein får frå dei fleste managere. Al Hasawi-familien lova ein “ikonisk” manager etter at dei sparka Cotterill i sommar, og utan å gjera for store forsøk på å analysera kva dei meinte kan ein muligens lesa ut frå det at dei ikkje følte at O’Driscoll var den riktige personen til å fronta klubben. “Noisy” var det ironiske kallenamnet O’Driscoll fekk under spelarkarrieren. Han er ikkje mannen som vil gi store lovnadar om opprykk, han lover ikkje gull og grøne skogar om folk berre støtter opp om “prosjektet”, slik mange managere ville gjort. “Å vinna neste kamp” var svaret O’Driscoll gav då han som Doncaster-manager vart spurd om ambisjonane til klubben medan dei låg på ein finfin fjerdeplass i Championship. Etter oppfølgjingsspørsmål om ambisjonar på lengre sikt svarte han at det var å vinna neste kamp igjen.

Kanskje var O’Driscoll-tilsetjinga berre midlertidig i påvente av eit større namn. McLeish er definitivt eit større namn, og han har Premier League-erfaring, noko som kan vera ein del av grunnen til at eigarane har meir trua på at han skal føra Forest opp. Han har i tillegg vunne ligacupen, noko som gjer seg bra på ein CV som dessverre for ryktet hans òg inneheld to nedrykk. Han har vore manager i Championship før, med Birmingham, og då tok han Blues rett opp i Premier League. McLeish sitt namn vert forbunde med negativ og kjedeleg fotball, og det er ikkje noko Clough-gale Nottingham Forest-supportarar har spesielt sansen for. Underteikna var sjølv til stades på ein kamp på City Ground under Steve McClaren-epoken, og sjølv om fotballen var meir interessant under han enn under Cotterill, så var det likevel fleire som murra i periodar av kampen der det vart slått for mykje langt. McLeish kan gi skeptiske fans nok å murra for. Nesten alle klubbar har supportarar som snakkar varmt om klubbane sine tradisjonar for vakker fotball langs bakken, men i Forest er det frå utsida enklare å forstå kvifor dei ser på det som viktig. Det er knapt muleg å tenkja på Nottingham Forest utan å tenkja på Clough, og han var som nemnd tidlegare svært oppteken av spel langs bakken. I Forest er det tungt å stå steilt mot tradisjonane til Clough.

Ein må kanskje altså venna seg til ein ny spelestil, men fansen sitt største problem med dette ser ut til å vera at det viser seg at alt pratet om langsiktige planar slettes ikkje var til å stola på. Forest-eigarane prøvde å framstilla seg som tålmodige og målretta eigarar, og sa det meste rett dei første månadane i klubben. Nokre romjulsdagar med store omveltningar har gjort at mange av supportarane har mista trua på langtidsprosjektet. Momentum er forstyrra, og fansen er plutseleg langt meir skeptiske til Al-Hasawi-familien. At O’Driscoll er ein bra mann som er vanskeleg å ikkje lika, gjer det definitivt ikkje lettare. I dag vart det i tillegg klart at Frank Clark (som var med på å vinna Serievinnarcupen i 1979), Keith Burt og Mark Arthur har fått sparken i klubben, noko som ifølgje lokalavisa ikkje skal ha noko med McLeish å gjera. Clark hadde ein ambassadørrolle etter at han måtte slutta som styreformann etter Al-Hasawi-overtakinga, og han skal ha blitt svært overraska over å måtte gå. Keith Burt var “rekrutteringsdirektør”, og fleire Forest-bloggar har gitt uttrykk på Twitter for at denne avgjersla igjen viser at ein langsiktig strategi ikkje er prioritert. Mark Arthur har hatt ein administrerande direktørstilling, og journalisten Paul Taylor i lokalavisa stiller på Twitter spørsmål om kven som skal leia rekrutteringsprosessen av spelarar dei neste to vekene, og situasjonen verkar i det heile tatt å vera prega av kaos.

Skilnadane aukar stadig mellom liten og stor i engelsk fotball, og den nye TV-avtalen sikrar endå meir pengar i omløp, og kanskje det er dette som gjer at dei har gått bort frå den langsiktige strategien. McLeish kan nok ikkje venta for lenge med å levera opprykk. Opprykk på kort sikt må vera eit soleklart mål når dei først har gått til det steget å kvitta seg med O’Driscoll. Kanskje vil han oppnå det, og ein vil uansett kanskje aldri vita heilt sikkert om avgjersla romjula 2012 var lur. Kontrafaktiske spørsmål er vanskelege i fotballen. Men supportarane fortener betre enn å bli lurt til å tru at leiinga brukar ein stein-på-stein-mentalitet når det viser seg at det heller er bruk-og-kast-mentaliteten som stadig råder. Suksess kjem ikkje over natta, uttalte Al-Hasawi-familien i sommar, men no er det nettopp det dei satsar på. Om McLeish ikkje får det til i Forest vil det ta seg dårleg ut på ein CV som allereie har blitt svekka av nokre nedrykk samt ein svak statistikk i ein tøff omstillingsperiode i Aston Villa. Men det vil i tillegg vera veldig skadeleg for Al-Hasawi-familien sitt forhold til eigne supportarar.

Resultata for McLeish har ikkje vore veldig gode hittil. Forest klarte så vidt poeng på heimebane mot formsvake Crystal Palace i McLeish sin første kamp på City Ground, før dei vart knust 3-0 av managerlause Blackburn på første nyttårsdag. Heime mot Peterborough i førre serierunde vart det ein 2-1-siger, muligens etter litt hell med nokre dommaravgjersler. Mellom dei to siste ligaoppgjera spelte Forest òg ein cupkamp på heimebane mot Oldham (som har slitt tungt i det siste i divisjonen under Forest), noko som enda med eit pinleg 3-2-tap heime på City Ground.

Livet går vidare. Sean O’Driscoll har no funne ein klubb i Bristol City som skal vera klar til å stå bak han sjølv om han ikkje klarar å redda dei frå nedrykk, medan Forest altså førebur seg til å møta Derby på Pride Park. Derby vert leia av Nigel Clough, son til Brian, og klubben bygger sakte, men sikkert opp eit svært så spennande lag. Stortalentet Will Hughes vert lenkja til storklubb på storklubb, og han er ikkje det einaste produktet av Derby-akademiet som spelar ei viktig rolle i dagens Derby-lag. Under Clough har lønskostnadane blitt kutta dramatisk, og Clough har blitt gitt tid til å bygga opp eit godt lag. Klubben driv godt no, etter nokre år der satsinga framstod som ufornuftig med høge lønningar på middelmådige spelarar. At Derby har vunne dei siste tre oppgjera mot Forest kan fungera som ein illustrasjon på fruktene ved ei fornuftig satsing framfor den Derby hadde før. Nottingham Forest manglar den stabiliteten Derby har, og stabilitet har vore eit nøkkelord i mang ein Forest-blogg dei siste vekene. Det er lenge sidan dei hadde skikkeleg stabilitet. Brian Clough var manager i klubben i over 18 år, og i dei snart 20 åra sidan han slutta har Forest hatt 20 ulike managere om ein inkluderer midlertidige managere. Fem managere i løpet av 2011 og 2012, seks om ein inkluderar Rob Kelly som leia klubben i ein kamp mellom McClaren og Cotterill. O’Driscoll var mannen Forest-fansen trudde ville kunne gi dei stabilitet igjen, og no er Alex McLeish nestemann dei må håpa på at kan gi klubben både suksess og stabilitet – og helst utan at det betyr at ballen er i lufta så mykje at Nottingham-folket får nakketrøbbel.

Begge desse to East Midlands-laga kjempar om å henga med i kampen om play-off, og prestisjen i desse oppgjera gjer at oppgjera plar vera intense nok som det er sjølv om ein ser bort frå tabellposisjonen: Det har blitt vist raudt kort i dei fire siste oppgjera mellom laga. Vinnaren av kampen vinn ikkje berre tre poeng, men òg retten til å skryte samt The Brian Clough Trophy. McLeish har ikkje hatt ein god start i Nottingham Forest, men med siger mot Derby kan han få mange fans med seg. Ingenting er som å vera betre enn naboen.

Verken på kort- eller lang sikt.

 

___

Kampen vert sendt på TV 2 Sport Xtra 1 og på TV 2 Sumo på laurdag med sending frå klokka 13.55.

 

Høgdepunkt frå haustoppgjeret mellom klubbane.

About The Author

Leave a Reply