Skrevet av: Håkon Aaberge

Kor lenge kan det vara for Burnley? Det er spørsmålet alle stiller seg no etter nok ein siger. Denne gongen mot opprykksfavoritt Queens Park Rangers, som før denne runden låg på andreplass trass i at dei hadde éin kamp mindre spelt. No er det fem poeng ned til QPR, medan Leicester (som har passert Hoops på tabellen) er tre poeng bak. Det er eit tosifra antal poeng ned til den triste sjuandeplassen.

Før sesongen var det få, om nokon, som venta at Burnley skulle kunne kjempa om direkte opprykk. Dei kunne hyppig bli observert under nedrykksstreken i tabelltipsa til ein del fans av andre lag på Twitter.Spørsmålet ein må stilla er: Kva talte mot Burnley? Kvifor kom nokre til den konklusjonen at Burnley kom til å slita med å unngå nedrykk? Ein openbar ting å nemna er at Charlie Austin (til slutt) forsvann. Storscoraren. Og Burnley var ikkje akkurat sprudlande offensivt etter at Dyche i fjor tok over heller.

Entusiasmen under Dychevar der ikkje blant fansen. Diskusjonane gjekk både på Twitter, på ulike nettforum og på pubane om han burde få sparken sidan det var blitt så frykteleg kjedeleg å sjå på – i tillegg til at resultata ikkje var spesielt imponerande. At keeper Lee Grant – årets spelar i klubben(framfor Austin, altså) – forsvann gjorde ikkje akkurat at fansen såg lysare på det.

Men Sean Dyche er kanskje for lett å undervurdera. Han framstår ikkje kanskje som ein moderne manager som vil skapa eit nytt Swansea, men han er ein dyktig fyr. Han tok over frå Eddie Howe, som hadde fått Burnley til å scora mange mål, men dei sleit med å tetta igjen bakover. At den gamle midtstopparen Dyche kunne vera mannen å gå for Burnley var ikkje heilt overraskande, for han hadde fått eit brukbart ry etter tida i ulike rollar i Watford.

Litt morsomt var det uansett at dei gjekk frå Eddie Howe til Sean Dyche. Eddie Howe er den minst skumle personen ein kan tenkja seg, medan Dyche er den mest skremmande manageren i det engelske ligasystemet. Utsjånaden er nesten nok i seg sjølv, men stemma er den mest skremmande delen. Ein Tom Waitsk kvalitet som ikkje mange nok managere har. Eddie Howe har i ung alder opparbeida seg ein imponerande CV, og er ein dyktig manager som har gjort underverker med Bournemouth både før og etter Burnley-perioden. Howe, som vart inspirert til å bli manager av tidlegare Bournemouth-manager Sean O’Driscoll, fekk uansett aldri orden på Burnley-forsvaret.

Det har vore nok av utfordringar å hanskast med – i alle lagdelar. Keeperplassen vart eit problem sidan gode Grant forsvann. Forsvaret sleit då Dyche tok over, som nemnd. Midtbana har framstått som noko grå. Og angrepet mangla andre målscorarar enn Charlie Austin, og Austin vart seld til Queens Park Rangers.

Som i Watford har Dyche handla lurt. Spelarar som ikkje nødvendigvis har vore gode nok i andre klubbar, har vist seg å vera det for Burnley under Dyche. Scott Arfield er eit godt døme på ein av fleire Dyche-signeringar som foreløpig har vist seg å vera god. Uønskja i Huddersfield, og no imponerar han for serieleiar Burnley. David Jones er ein annan mann som har kome inn på midten, og som ikkje har gjort midtbana spesielt mindre grå, men som rett og slett har fungert. Chris McCann, som no har gått til Wigan for å spela under gamlesjef Owen Coyle, har vore ein viktig Burnley-spelar ei god stund. David Jones har foreløpig framstått som ein oppgradering.

Forsvaret har vore upåklageleg hittil. Kun laurdagens motstandar, QPR, har plukka ballen ut av nettet færre gonger enn Clarets. Tom Heaton er mannen i mål, ein solid keeper som har funne seg kjapt til rette i Burnley-drakta. Kanskje har både han og nemnde David Jones dratt nytte av at dei er svært gode kameratar etter tida i yngre avdelingar i Manchester United.

Leiaren i forsvaret er kaptein Jason Shackell, som er ein av dei beste midtstopparane i divisjonen. Ved sidan av seg har han Michael Duff, som kanskje ikkje alltid er så spektakulær, men som på nivå to heilt klart kan gjera ein god jobb med den riktige partnaren. Det har han i Shackell. Venstreback Ben Mee har teke store steg sidan artikkelforfattaren såg han for City-reservane våren 2010. Kieran Trippier (også han med bakgrunn frå Manchester City, for øvrig) på motsett back var svært god i fjor, og han har haldt fram i same spor denne sesongen. Det er få backar i heile England som slår innlegg av like god kvalitet så ofte. Leighton Baines er kanskje den einaste. Med denne forsvarsfiraren framfor Heaton ser det ut som om Dyche har løyst dette problemet.

I tillegg til dei nemnde midtbanespelarane har ein folk som Dean Marney, Junior Stanislas, Ross Wallace, Brian Stock og Keith Treacy som alle kan vera ein del av ein solid midtbanefirar. Ein gjeng som vil gi mykje, men det skrik ikkje akkurat opprykk. Lånesigneringa av Michael Kightly (som Dyche jobba med i Watford òg) har vore til hjelp for å gjera det mindre forutsigbart. Stanislas og Wallace er elles dei to som i størst grad kan bidra til å gjera Burnley mindre uforutsigbare

Men angrepsspelet var det mest interessante sidan ein der mista den eine spelaren som har scora mål regelmessig, og i tillegg reiste Martin Paterson (som i fjor scora åtte ligamål) til Huddersfield. Danny Ings, som Eddie Howe henta inn frå Bournemouth, har ein lenge venta på at skulle visa kvalitetane sine for fullt, skadetrøbbel er noko av det som har hindra det i å skje før. I tillegg har ein hatt Sam Vokes, som mange fans nærast hadde gitt opp. Å spela Vokes saman med Austin er unaturleg, men Vokes og Ings fungerar derimot veldig godt saman. Godt hjulpe av kvarandre har begge slått til for fullt denne sesongen, og begge to kjempar no heilt i toppen av toppscorarlista. Ings hadde seks mål til saman i dei to føregåande sesongane. No står han med 13 (ni av dei i ligaen). Vokes hadde til saman ni mål på sine to føregåande sesongar, no står han med åtte (alle i ligaen).

Austin hadde litt skadetrøbbel i fjor, og Burnley fungerte bra utan. Kanskje såg Dyche at Ings og Vokes no var klare til å bli førsteval. Austin ville nok reist uansett denne sommaren, det var nok OK for alle partar. Men dei fleste hadde nok venta at Burnley skulle forsterka seg med eit nytt førsteval på topp, eller ein som i alle fall var ein reell utfordrar til Vokes og Ings. Stadig kan det nok vera behov for betre dekning på topp, men Ings og Vokes har i alle fall vist at dei er fullt kapable til å erstatta Austin på kvart sitt vis. Der Austin stort sett var ein målgjerar så er begge dei to langt meir involverte i spelet òg. I tillegg jobbar dei knallhardt. Det er moro med gode spissduoar, og her har ein den mest velfungerande duoen i den profesjonelle fotballen i England. Faktisk skal dei ha ein avtale om at den av dei som skaffar straffar tek den.

Burnley hadde relativ suksess i fjor òg, sidan dei hamna framfor Blackburn for første gong sidan 1979/80-sesongen. Og den sesongen var ikkje så artig heller, sidan Burnley rykka ned frå nivå to medan Blackburn rykka opp frå nivå tre. Burnley slit framleis med å slå Blackburn, men å hamna framfor erkerivalen var ein opptur sist sesong. No, etter denne utrulege sesongstarten, er det naturleg å sikta høgare.

Ved skadetrøbbel kan Burnley fort slita, og dei kan fort bli avhengige av lånesystemet for å halda ting gåande. At dei då har ein manager som stort sett treffer bra vil vera viktig. I tillegg er det nok ikkje utenkjeleg at klubben tek seg råd til ein permanent signering eller to i januar om dei stadig har gode sjansar på direkte opprykk. Men sjølv om det er gode spelarar i dette laget så er det vanskeleg å riva seg laus frå følelsen av at dei ærleg talt overpresterer. Kor lenge vil Vokes og Ings fungera? Kva skjer om spissparet møter motgang? Kva vil skje når resten av laget møter motgang?

Danny Ings og Sam Vokes ordner scoring mot QPR. Sjekk deres fantastiske samspill.

At Dyche er manager bør kunne hjelpa på ein del av desse problemstillingane. Han tek ikkje av når Burnley vinn, og ved tap så står han støtt, og det verkar som om han har ei god tilnærming til å takla det utan at det blir krisestemning. Laget Owen Coyle rykka opp med var ikkje ekstraordinært ferdigheitsmessig, men mentaliteten Coyle hadde fått innstilt i laget gjorde dei til ein knalltøff motstandar. Dei spelte utan frykt, med glede, og dei kjempa for kvarandre. Det var verkeleg moro å sjå på Burnley-laget på sitt beste. Speleøktene på treningane gjekk gjerne ut på å få Coyle (som var med) til å scora flest mogleg mål, og Burnley imponerte alle med sin entusiasme på veg til sitt opprykk. Dyche har neppe den same karismaen som Coyle viste i Burnley, men han er ein sterk personlegheit som vil vera ein ressurs i den situasjonen Clarets er i no. Taktisk er det ikkje noko hokus pokus med Burnley, men dei er svært vanskeleg å spela mot.

Burnley kan uansett ikkje segla gjennom heile sesongen. Kor gode dei kjem til å vera til å få skuta på rett kjøl igjen vil bli avgjerande når motgangen kjem. Det kan vera skilnaden på Premier League-spel og nye sesongar i Football League.

Med ressurssterke klubbar rundt seg er Burnley stadig berre ein outsider. Men ein sjarmerande outsider med vel så mykje kvalitetar i seg som opprykkslaget frå 2008/09-sesongen.

 

* Burnleys norske supporterklubb la i går ut et ekslusivt intervju med selveste Sean Dyche. Intervjuet kan du lese her, og du kan følge supporterklubben via deres Twitterkonto @BFCNorge.  

About The Author

2 Responses

Leave a Reply