Ikkje ein einaste manager har blitt sparka mellom den 8.serierunda og den 9.serierunda. Med det i bakhand kan man trygt sei at ingenting er som det skal vere før denne runda. Mange godbitar er iallefall klar til å nytast.

 

 

Skrevet av: Kjetil Myklebust

Laurdagens tv-kamp: 16.00: Blackpool-Norwich City
Søndagens tv-kamp: 14.15: Reading-Wolverhampton

Rundens oddskupong:

  • Safe: Blackpool-Norwich, B, 1,72. Nottingham-Brighton, H, 2,05. Bournemouth-Wigan, H, 2,10 = 7,40.
  • Risk: Huddersfield-Millwall, H, 2,30. Birmingham-Fulham, B, 2,65. Brentford-Leeds, U, 3,25 = 19,81

 

 

nordicbetnylogo

Alle Laurdagskampane startar klokka 16.00

Birmingham-Fulham

Birmingham har til tross for at dei ser mykje betre ut i år, lagt seg langt ned på tabellen etter åtte serierundar. Lee Clark sitt mannskap tapte deira forrige heimekamp 0-2 mot Sheffield Wednesday, i det som var eit kraftig steg tilbake til fjorårets nivå. Men dei slo kraftig tilbake når dei forrige helg klarte 2-2 borte mot ligaens beste lag, Norwich. Etter å ha leda 2-0 måtte dei til slutt ta til takke med eit poeng, men berre det var imponerande. No er det gått fire kampar sidan forrige heimesiger (Brighton 1-0) så det er kanskje på tide å slå tilbake igjen. Ellers kan dette fort vere starten på nok ein tøff sesong på St.Andrews. I fjor endte dei opp med berre to sigrar heime. Det vil dei ikkje gjenskape.

Birminghams siste kamper:
Norwich City – Birmingham 2-2 (Reilly, Gray)
Birmingham – Sheffield Wed 0-2
Birmingham – Leeds 1-1 (Thomas)
Wigan – Birmingham 4-0
Birmingham – Sunderland 0-3
Brentford – Birmingham 1-1 (Caddis)

Fulham fikk endeleg sparka Felix Magath, og dermed var den positive stemninga tilbake på Craven Cottage framfor kampen mot Blackburn forrige helg. Dessverre for dei, så endte den kampen med eit knepent 0-1 tap mot Blackburn etter at Shaun Hutchinson øydela for vertane med sitt fortente raude kort i første omgang. Dermed ligge Fulham fortsatt sist på tabellen med sitt eine poeng, men det er nok ikkje lenge til dei er over den raude streken. Kit Symons klare nok å snu denne skuta ganske så fort, og det hjelpe på når spelarar som Bryan Ruiz også får speletid no. Mannen var godt gøymt under Magath sitt strenge regime, men kom inn sist og viste at han blir viktig i denne snuoperasjonen. Han var også delaktig i 2-1 sigeren mot Doncaster i ligacupen i midtveka med sitt mål der.

Fulhams siste kamper:
Fulham – Blackburn 0-1
Nottingham Forest – Fulham 5-3 (McCormack x2, Rodallega)
Reading – Fulham 3-0
Fulham – Cardiff 1-1 (Hoogland)
Brentford – Fulham 0-1 (McCormack)
Derby – Fulham 5-1

Vurdering: Dette er ein veldig open kamp, og for heimelaget sin del så er det umogleg å spå om det blir fugl eller fisk. Dei kan variere frå det glimrande til det forferdelege. Det passar nok Birmingham litt dårleg å møte Fulham på dette tidspunktet, for eg trur rett og slett at den nye given til Fulham kan vinne denne kampen for dei. Det blir jamnt, og det kan fort vere at første målet vinner denne kampen.

Tips: B

————————————————————————-

Blackburn-Watford

Blackburn kjempa seg til ein sterk siger borte mot Fulham sist, og dermed ligge dei fint til like bak play-off. Den dagen Blackburn klare å sette saman ei rekke med gode kampar så kan dei fort blande seg inn i toppen. Men det er litt for store svingingar no, og dermed er det ikkje lett å vete kva som skjer i neste kamp. Sist heimekamp mot Derby viste akkurat dette, då dei rota bort poeng etter dårleg forsvarsspel. Då hjelp det lite at Gestede og Rhodes skårar i annakvar kamp. Luke Steele fikk sin debut i mål for Blackburn sist, og gjorde sine saker glimrande. Det blir spennande å sjå om han klare å halde Paul Robinson ute når han er tilbake. Shaun Duffy var også ein som fikk sjansen sist, og hans prestasjon gjorde også sitt til at man kanskje kan forvente mindre trøbbel i forsvar i tida framover. Perioden framover vil nok i stor grad avgjere korleis denne sesongen vil utarte seg for Blackburn.

Blackburns siste kamper:
Fulham – Blackburn 0-1 (Rhodes)
Blackburn – Derby 2-3 (Marshall, Gestede)
Blackburn – Wigan 3-1 (Marshall x2, Rhodes)
Wolves – Blackburn 3-1 (Rhodes)
Blackburn – Bournemouth 3-2 (Gestede, Hanley, Rhodes)
Norwich City – Blackburn Rovers 3-1 (Cairney)

Watford skuffa stort forrige helg når dei tok imot Bournemouth. Til tross for at dei fikk med seg eit poeng, så vart dei til tider utspelt på Vicarage Road. Det var ikkje det man forventa av eit Watford som har storspelt på heimebane til no i år. Troy Deeney sin skade er heller ikkje noko som gjer situasjonen lysare for Watford, og det blir spennande å sjå korleis dei skal klare seg utan han. Matej Vydra er enda ikkje der han var for to år sidan, når han bøtta inn mål for Watford. På bortebane har Watford vore veldig ustabile, og dei har hatt problem med forsvarsspelet, noko som igjen kan bli problematisk når man ser på kven som ventar. Også Watford står framfor nokre viktige veker.

Watfords siste kampar:
Watford – Bournemouth 1-1 (Cathcart)
Blackpool – Watford 0-1 (Vydra)
Charlton – Watford 1-0
Watford – Huddersfield 4-2 (Abdi x2, Andrews, Deeney)
Watford – Doncaster 1-2 (Dyer)
Watford – Leeds 4-1 (Forestieri x2, Toszer, Deeney)
Rotherham – Watford 0-2 (Dyer, Munari)

Vurdering: Ein veldig open kamp dette også. Heimelaget variera frå kamp til kamp, men det gjer også gjestane. Blackburn er normalt gode på heimebane, og Watford normalt litt dårlegare borte, så det er vanskeleg å sjå bort i frå ein heimesiger. Om Blackburn får eit tidleg mål, så kan Watford få det tøft, men om det blir stanging, så kan fort kontringsstyrken til Watford bli vanskeleg for Blackburn å stoppe. Eg trur det blir mange mål og spenning til siste slutt.

Tips: H

—————————————————————————————-

Blackpool-Norwich

Blackpool klarte ikkje å stable så ekstremt mange gode spelarar på plass før sesongen, men deira nye keeper Joe Lewis frå Cardiff har vist seg å vere ei glimrande signering. Forrige helg sikra han klubben nok eit poeng når han klarte å halde nullen borte mot Brighton. Eit sterkt resultat som nok gav klubben ein fortent opptur. For med berre to poeng til no denne sesongen så ser det ut til å gå akkurat som frykta, men man ser og at spelarane som er blitt henta blir betre og betre for kvar runde som går. No når Lewis er i gang så kan man kanskje håpe at spissane snart skal gjere det same og. For det har ikkje vore mykje futt i Ishamel Miller og Nathan Delfouneso til no. Nile Ranger har også levert som venta, så her har dei mykje å gå på før Jose Riga blir fornøgd. Riga på si side ser ut til å ha fått litt lengre tid i klubben, noko som strengt tatt berre skulle mangle.

Blackpools siste kamper:
Brighton – Blackpool 0-0
Blackpool – Watford 0-1
Blackpool – Wolverhampton 0-0
Millwall – Blackpool 2-1 (Ranger)
Wigan – Blackpool 1-0
Blackpool – Brentford 1-2 (Delfouneso)

Norwich stod for ein liten nedtur sist, når dei berre klarte 2-2 heime mot Birmingham. Det var veldig uventa etter deira sterke kampar mot Cardiff og Brentford før dette. Deira nye spiss Cameron Jerome fortsetter å hamre inn mål, og står no på fem mål på tre kampar. Han og resten av laget er ein fryd å sjå framover på bana, og det er liten tvil om at dei vil vere favorittar i nesten kvar kamp dei stille opp i framover. Blir ikkje overraska om Norwich igjen henta fram storspelet når dei igjen tar turen vekk frå Norwich. Heller ikkje her legg vi så stor vekt på at Norwich tapte mot Shrewsbury i ligacupen. Det er ikkje mange av spelarane der som skal i aksjon i denne kampen.

Norwichs siste kamper:
Norwich – Birmingham 2-2 (Jerome x2)
Brentford – Norwich 0-3 (Tettey, Jerome x2)
Cardiff – Norwich 2-4 (Olsson, Hoolahan, Turner, Jerome)
Norwich – Bournemouth 1-1 (Grabban)
Norwich – Crawley 3-1 (Jacob Murphy x2, Jerome)
Ipswich – Norwich 0-1 (Grabban)

Vurdering: Blackpool nærmar seg sin første siger, og dei ser betre ut for kvar kamp, men akkurat her får dei det veldig tøft. Norwich er i strålande form, sjølv om dei skuffa i 45 minutt sist. Skal styre denne kampen frå start til slutt, og sjølv ikkje Lewis klare å stoppe Cameron Jerome og co her.

Tips: B

———————————————————————

Bolton-Derby

Bolton og Dougie Freedman fortsetter å slite. Etter deira herlege, og viktige siger mot Rotherham i forrige heimekamp, så blei det ny nedtur når dei tapte 0-1 mot Wolverhampton sist helg. Om det ikkje var fælt nok å tape, så klarte dei også å brenne straffespark på stillinga 0-1 i andre omgang. Det poenget hadde vore fantastisk å fått med seg, men igjen går marginane mot dei. Man trenge berre å sjå straffesparket, og returen til Owen Garvan om igjen om man skulle vere i tvil om desse marginane. Joe Mason har vore den einaste som garantera mål for Bolton, og han treng meir støtte om dei skal løfte seg på tabellen.

Boltons siste kamper:
Wolverhampton – Bolton 1-0
Bolton – Rotherham 3-2 (Mason x3)
Bolton – Sheffield Wednesday 0-0
Leeds – Bolton 1-0
Crewe – Bolton 2-3 (Beckford x2, Pratley)
Brighton – Bolton 2-1 (Wheater)
Bolton – Middlesbrough 1-2

Derby var skikkelig på gang etter eit sterkt poeng i derbyet mot Forest, og den påfølgjande sigeren borte mot Blackburn. Derfor var det noko overraskande at det berre blei uavgjort heime mot Cardiff sist helg. Dei gjorde det tøft for seg sjølv med å komme bakpå 0-2, før Jordon Ibe fikk sitt første mål for klubben. Craig Bryson redda poeng men det var skuffelse rundt Pride Park etter kampen. Derby er like bak play-off og treng ei god rekke med gode kampar no for å kjempe seg opp mot direkte opprykk, som bør vere målet for denne gjengen. Då bør slike kampar som denne vinnast. Deira 2-0 siger mot Reading i ligacupen i midtveka var solide saker frå eit litt reserveprega Derby, noko som kan ha gitt Steve McClaren litt hovudbry før laguttaket her.

Derbys siste kampar:
Derby – Cardiff 2-2 (Ibe, Bryson)
Blackburn – Derby 2-3 (Ward x2, Hughes)
Nottingham Forest – Derby 1-1 (Best)
Derby – Ipswich 1-1 (Martin)
Derby – Charlton 1-0 (Calero)
Derby – Fulham 5-1 (Martin x2, Bryson, Dawkins, Ward)

Vurdering: Bolton leitar fortsatt etter på-knappen og skal derfor få problem med å ta ein ny heimesiger mot Derby. Derby sin raske spelestil kan fort bli eit problem for dei litt tyngre stopparane til Bolton. Man skal aldri avskrive Bolton, men denne kampen her blir akkurat for tøff slik ståa i klubben er no.

Tips: B

—————————————————————————————

Bournemouth-Wigan

Eddie Howe så ut til å ha funne fram til den gode gamle Bournemouth-stilen igjen mot Watford sist helg. Då spelte laget frå sørkysten ball i hatt med Watford med fart og trøkk som vertane ikkje klarte å stoppe. Men igjen så var det den jobben som skjer framfor begge måla da. Den har gitt mange tapte poeng for Bournemouth denne sesongen, og igjen blei det avgjerande. Straffebom av ringreven Ian Harte, og rotemål i mot på slutten gav to tapte poeng. Det er berre eit tidsspørsmål før det løsna skikkelig for denne gjengen, og då tenker eg først og fremst på Callum Wilson og Yann Kermorgant. Matt Ritchie er også ein som snart bør finne nettmaskene. No kjem ein ny sjanse, og dei kan ikkje stole på eventyrlege skot frå Harry Arter kvar gang. Dei viste fantastiske takter mot Cardiff i ligacupen i midtveka med 3-0 i Wales. Det vitnar om at det går mot lysare tider framfor mål.

Bournemouths siste kampar:
Watford – Bournemouth 1-1 (Arter)
Bournemouth – Leeds United 1-3 (Surman)
Bournemouth – Rotherham 1-1 (Cook)
Norwich – Bournemouth 1-1 (Wilson)
Bournemouth – Northampton 3-0 (Gosling, Pitman, Wilson)
Blackburn – Bournemouth 3-2 (Pitman, Cook)

Etter to dårlege bortekampar som berre resulterte i eit poeng så var Wigan litt i poengnød når Ipswich kom på besøk forrige Måndag. Men Wigan sleit kraftig med å skape sjansar og trøkk, og var også langt frå patent når Ipswich prøvde seg. Dermed endte det med eit fortent tap, noko som sette større press på Uwe Rosler. Wigan var venta å kjempe heilt i toppen denne sesongen, men er ikkje til å kjenne igjen frå måten dei spelte på frå desember og ut sist sesong. Virka rett og slett som om det er for mange humørspelarar på laget no. Må heve seg mange hakk om det skal bli poeng denne helga.

Wigans siste kamper:
Wigan – Ipswich 1-2 (Waghorn)
Huddersfield – Wigan 0-0
Blackburn – Wigan 3-1 (Perch)
Wigan – Birmingham 4-0 (McManaman x2, Waghorn, Taylor)
Wigan – Blackpool 1-0 (Riera)
Cardiff – Wigan 1-0

Vurdering: Bournemouth viste oss kvifor det er så lett å bli glad i dei i den tv-sendte kampen sist helg, og det kan, til tross for poengtap, ha vore eit lite vendepunkt igjen. Møter eit Wigan-lag som har tre svake kampar på rappen, og som har vore direkte svake på bortebane i år. Det er venta at Bournemouth vil styre denne kampen frå start til slutt, og om dei er litt meir effektive enn dei har vore den siste tida, så skal det bli tre nye poeng her. Wigan er rett og slett ikkje gode nok for tida.

Tips: H

———————————————————————————–

Brentford-Leeds

Etter ein veldig god periode og start på Championship, så har Brentford gått på to kraftige smellar. Først blei det 0-3 heime mot Norwich, før dei fikk juling av Middlesbrough forrige helg. Med 0-7 på desse kampane så seie det seg sjølv at forsvaret må samle seg litt igjen før møtet med Leeds. Sjølv om det berre har blitt ein siger på heimebane i år, så har dei spelt ganske så bra på deira nydelige Griffin Park, og med det trykket som er der, så skal det mykje til om dei ikkje klare å heve seg eit hakk eller to i deira neste heimekamp. Vil nok sette trykk frå start for å rette på inntrykket frå dei to siste kampane.

Brentfords siste kamper:
Middlesbrough – Brentford 4-0
Brentford – Norwich 0-3
Brentford – Brighton 3-2 (Odubajo, Gray, Douglas)
Rotherham – Brentford 0-2 (Proschwitz, Gray)
Brentford – Fulham 0-1
Brentford – Birmingham 1-1 (Odubajo)

Vi kan gratulere Leeds med ny manager, etter at det blei klart at Darko Milanic tok over klubben denne veka. Han får det vesentleg enklare enn vi frykta når David Hockaday fikk sparken for ein knapp månad sidan. For Neil Readfern har gjort ein glimrande jobb i påvente av ny manager. Ti poeng av tolv moglege skal man ikkje kimse av når man såg prestasjonane til Leeds før Readfern fikk sjansen. No har dei imponert med ny glød og giv, i tillegg til å spele flott fotball. Rudolph Austin har kjempa seg inn på laget igjen og vore ein veldig viktig bidragsytar, saman med to av dei nye, Antenucci og Doukara som begge har skåra i deira to siste kampar. 3-0 sigeren mot Huddersfield i lokalderbyet forrige helg var veldig sterk og viste potensialet i laget. Klare Leeds å bygge vidare på dette så kan dei fort få ein veldig artig sesong.

Leeds siste kamper:
Leeds – Huddersfield 3-0 (Austin, Antenucci, Doukara)
Bournemouth – Leeds 1-3 (Doukara, Bellusci, Antenucci)
Birmingham – Leeds 1-1 (Mowatt)
Leeds – Bolton 1-0 (Warnock)
Bradford – Leeds 2-1 (Smith)
Watford – Leeds 4-1 (Selvmål)

Vurdering: Nesten umogleg å tippe utfallet av ein slik kamp, då begge lag har gode sjansar for tre poeng. Skal man sjå på form så stiller Leeds klart sterkast, men bortsett frå den utrulige omgangen mot Bournemouth så har ikkje Leeds overbevist på bortebane. Brentford må ta mange poeng heime om dei skal halde seg i denne divisjonen, og derfor blir det krig for laga som kjem på besøk. Det blir ikkje mange mål her, og eg trur heller ikkje nokon kjem til å juble for tre poeng her.

Tips: U

———————————————————————————————-

Cardiff-Sheffield Wednesday

Cardiff fikk med seg eit heldig bortepoeng mot Derby i deira første kamp utan Ole Gunnar Solskjær. Det såg lenge ut som det skulle bli tre poeng, men to seine mål frå Derby øydela for det. Denne uka har det enda ikkje blitt klart kven som tar over etter Solskjær, til tross for at Russell Slade har blitt sterkt linka, så nok ein gang får Danny Gabbidon jobben for det. Denne veka har dei henta nok ein tidligare Manchester United-spelar til klubben. Urokråka Ravel Morrison er nemleg klar for tre månader på lån. Dermed er det fem tidligare United-spelarar som har tatt turen til Wales dei siste ni månadane. Han kan utan tvil sette sitt preg på Cardiff, då hans tidligare låneperiodar i Birmingham og QPR har vore svært gode. Cardiff sitt forsvar har sett skrøpelig ut til no i år, og det er i hovudsak der Gabbidon og co bør ha gjort ein jobb den siste veka. Det hjalp iallefall ikkje å sette seg sjølv innpå laget mot Bournemouth i ligacupen. Då var igjen forsvaret katastrofalt og med 0-3 i sekken så håpar vi Gabbidon igjen er å finne på benken når denne kampen startar.

Cardiffs siste kamper:
Derby – Cardiff 2-2 (Gunnarsson, Whittingham)
Cardiff – Middlesbrough 0-1
Cardiff – Norwich 2-4 (Ralls, Gunnarsson)
Fulham – Cardiff 1-1 (Jones)
Port Vale – Cardiff 2-3 (Macheda x2, Ralls)
Wolves – Cardiff 1-0

Sheffield Wednesday får mykje skryt, og manager Stuart Gray får mykje av æra for det som skjer i stålbyen no, med god grunn. Laget har gått frå to sesongar i botnstriden, til å bli eit botnsolid lag. Dei slepper inn veldig lite mål og har gjort det til vane å irritere vettet av motstandarane til no denne sesongen. Forrige helg vant dei igjen ein jamn kamp heime mot Reading, der deira nye spiss Stevie May igjen blei tunga på vektskåla. Det var langt frå Sheffield Wednesday sin beste kamp for sesongen, men det var likevel imponerande å sjå kor hardt dei jobba for resultata. Har ei lang rekke med imponerande bortekampar bak seg, deriblant sigrar mot Middlesbrough og Birmingham. Kan dei klare sin tredje strake og fortsatt inneha ein plass blant play-off? Det er ikkje umulig om dei klare å legge det tøffe 0-7 tapet mot Manchester City i ligacupen bak seg.

Wednesdays siste kamper:
Sheffield Wednesday – Reading 1-0 (May)
Birmingham – Sheffield Wednesday 0-2 (May, Helan)
Bolton – Sheffield Wednesday 0-0
Sheffield Wednesday – Nottingham Forest 0-1
Burnley – Sheffield Wednesday 0-1 (Nuhiu)
Middlesbrough – Sheffield Wednesday 2-3 (Nuhiu x2, May)
Sheffield Wednesday – Millwall 1-1 (Maguire)

Vurdering: Eg ser ikkje det som like sikkert at Cardiff skal få ein umiddelbar effekt av sparkinga av Solskjær, slik som andre lag, men dei har uansett eit meir enn godt nok lag til å kunne vinne mot kven som helst på heimebane. Får det alt anna enn lett når dei skal prøve å trakke seg gjennom innbitne Wednesday-spelarar. Om ting ikkje går deira veg frå starten av så kan Sheffield Wednesday fort stikke av med både eit og tre poeng her. Men eg trur Ravel Morrison sitt inntog vil gi Cardiff dei nødvendige marginane til å vinne denne kampen, såvidt.

Tips: H

————————————————————————-

Charlton-Middlesbrough

Bob Peeters sitt Charlton-lag har enda ikkje slutta å imponere. Deira poeng borte mot Rotherham viste berre nok ein gang at noko bra er på gang hos den sjarmerande klubben. Dei har hatt sju ulike målskårarar dei siste sju kampane, noko som vise at dette ikkje er eit lag for enkeltspelarar, men det kollektive. Har gjort The Valley om til eit lite fort denne sesongen, og det skal ikkje overraske om det vil fortsette å vere det. Spelar ein fotball det kan vere vanskeleg å stå imot når heimefansen pressar Charlton framover. Kanskje er det duka for eit mål av deira midtbanedirigent Johnnie Jackson snart? Han har for vane å vere der når det gjelde, men har ikkje hatt eit like stort behov for det denne sesongen.

Charltons siste kamper:
Rotherham – Charlton 1-1 (Berg Gudmundsson)
Charlton – Wolves 1-1 (Bikey)
Charlton – Watford 1-0 (Buyens)
Brighton – Charlton 2-2 (Vetokele x2)
Derby – Charlton 1-0
Huddersfield – Charlton 1-1 (Vetokele)
Charlton – Derby 3-2 (Tucudean, Buyens, Vetokele)

Middlesbrough kjem med tre strake sigrar i sekken, etter deira fantastiske heimekamp mot Brentford sist. Grant Leadbitter er per dags dato den beste spelaren i Championship. Han er rett og slett umulig for tida og det vise igjen med seks mål på dei seks siste seriekampane, som midtbanespelar. Har nesten på eiga hand dratt laget ut frå ein litt dårleg periode og dette har smitta over på fleire spelarar som begynner å vise potensialet sitt no. Albert Adomah er ein av desse, som også storspelte sist kamp. Når dei i tillegg har ein Kike på topp som skårar jamnt og trutt, så ser dette Middlesbrough-laget ut som eit lag man bør rekne med. Viste gode takter mot Liverpool i midtveka, og sjølv om mange av benkslitarane fikk sjansen så er eg litt spent på kva 120 minutt med fotball har gjort av skade framfor denne kampen.

Boros siste kamper:
Middlesbrough – Brentford 4-0 (Leadbitter, Kike, Adomah, Bamford)
Cardiff – Middlesbrough 0-1 (Kike)
Huddersfield – Middlesbrough 1-2 (Leadbitter x2)
Middlesbrough – Reading 0-1
Middlesbrough – Preston 3-1 (Tomlin x2, Fewster)
Middlesbrough – Sheffield Wednesday 2-3 (Leadbitter x2)
Bolton – Middlesbrough 1-2 (Kike, Leadbitter)

Vurdering: To lag i strålande form. Eit lag som er i ferd med å bygge opp eit fort på heimebane mot eit lag som har reve ned fleire fort den siste tida. Kan rett og slett ikkje sjå at nokon av laga skal tape denne kampen. Dette blir ein jamn og tett kamp der ein enkel situasjon vil eventuelt avgjere til fordel for eit av laga. Men her må vi nok berre dele broderlig.

Tips: U

———————————————————————————————

Huddersfield-Millwall

Huddersfield har fått ein tøff sesongstart og med sine fem poeng så ligger dei under streken etter åtte kampar. Det er rett og slett ikkje godt nok for laget som skulle ta steget vekk frå botnkampen denne sesongen. Chris Powell sitt inntog til klubben har enda ikkje ført til noko som helst form for poengfangst. Eit poeng på tre kampar, der den siste var eit fortent 0-3 tap mot erkerival Leeds er nok ikkje det han hadde håpa på når han tok over klubben. Det er ikkje mange av lagdelane hos Huddersfield som har fungert til no i år. Forsvaret har lekt, midtbana har ikkje fått kontroll over kampar og spissane skåra alt for lite mål. Då ligge man der man ligge. Med seks kampar utan siger, så er det på tide at poengfangsten startar snarast.

Huddersfields siste kamper:
Leeds – Huddersfield 3-0
Huddersfield – Wigan 0-0
Huddersfield – Middlesbrough 1-2 (Stead)
Watford – Huddersfield 4-2 (Bunn, Wallace)
Huddersfield – Nottingham 0-2
Huddersfield – Charlton 1-1 (Wells)
Reading – Huddersfield 1-2 (Bunn, Butterfield)

Millwall kjempa hardt mot opprykksjagande Nottingham Forest forrige helg, og kunne og burde fått med seg meir enn eit poeng frå den kampen. Det var uansett eit kraftig steg i riktig retning igjen, etter eit par svake kampar for Ian Holloways menn. Med sine elleve poeng så har dei uansett kortare veg opp til play-off, enn ned til dagens motstandar Huddersfield, som ligge på nedrykksplass. Men til tross for det, så begynne det å bli ei stund sidan forrige siger, og med tap her så kan det fort sjå langt mindre lystig ut for Millwall. Til tross for bra forsvarsspel så er det framover man må stille spørsmålsteikn. Det er ikkje mange av spissane deira som har levert godt nok med mål til no i sesongen.

Millwalls siste kamper:
Millwall – Nottingham Forest 0-0
Reading – Millwall 3-2 (Fuller, Beevers)
Ipswich – Millwall 2-0
Millwall – Blackpool 2-1 (Malone, McDonald)
Millwall – Southampton 0-2
Millwall – Rotherham United 0-1
Sheffield Wednesday – Millwall 1-1 (Gueye)

Vurdering: Huddersfield må nesten vinne denne heimekampen og vil nok gå ut med eit stort press for å prøve å bygge på seg litt sjølvtillit. Det er absolutt på tide at Nahki Wells teikna seg på skåringslista igjen, og det er noko som seie meg at det skjer igjen her. Her trur eg Huddersfield vil kjempe hardast for poenga, og då får dei også med seg alle tre. Men dei vinner berre med eit mål.

Tips: H

———————————————————————–

Ipswich-Rotherham

Mick McCarthy såg laget sitt gjere det han ville sagt var ein perfekt bortekamp på Måndag. Då kunne dei jublande reise heim med 2-1 siger over Wigan i ein imponerande førestilling. Bakover var dei aldri truga før reduseringa ti minutt før slutt, og framover imponerte David McGoldrick, Conor Sammon og Daryl Murphy med herleg energi når Ipswich trengte det. Står no med tre strake sigrar, noko som er sjeldan kost for fansen på Portman Road. Det ser ut til at Ipswich-laget no har fått satt seg litt, og då blir dei vanskelege å slå.

Ipswichs siste kamper:
Wigan – Ipswich 1-2 (Hyam, Sammon)
Ipswich – Brighton 2-0 (Parr, Murphy)
Ipswich – Millwall 2-0 (McGoldrick, Murphy)
Derby – Ipswich 1-1 (Berra)
Ipswich – Norwich 0-1
Birmingham – Ipswich 2-2 (Berra x2)

Rotherham skuffa litt igjen når dei møtte Charlton heime forrige helg, men ein godkjent andre omgang redda eit poeng. Med sine åtte poeng så er det ikkje lange vegen verken opp eller ned på tabellen, så det er nok på tide å vinne ein kamp igjen. Steve Evans var meir opptatt av å prate om eit straffespark som aldri i livet var straffe etter sist kamp, og man får berre håpe han har blitt roligare i løpet av veka. For det er litt å jobbe med før dette laget skal bli eit stabilt Championship-lag, noko som tross alt er planen til denne klubben. Det var iallefall gledeleg at Luciano Becchio fikk sitt første mål for klubben mot Charlton. Ein spiss som skårar mål treng dei, og sjølv om det var 18 månader sidan sist seriemål, så ser eg ikkje bort i frå at det fort kan ramle inn mål for Becchio no. Kanskje kan det gi eit spark bak til deira andre spiss også, Alex Revell?

Rotherhams siste kamper:
Rotherham – Charlton 1-1 (Becchio)
Bolton – Rotherham 3-2 (Wordsworth, Bowery)
Bournemouth – Rotherham 1-1 (Bowery)
Rotherham – Brentford 0-2
Swansea – Rotherham 1-0
Millwall – Rotherham 0-1 (Pringle)
Rotherham – Watford 0-2

Vurdering: Ipswich i strålande form og på jakt etter sin fjerde kamp på rad, mens Rotherham rota litt meir. Då er det vel berre rett og rimeleg at dette blir alt anna enn ein heimesiger. Men uansett om man har det i bakhovudet, så må man følgje logikken når man vurdera, og den tilseie at Ipswich vil male seg til tre nye poeng. Dei virka så solide bakover, og med dei tre ringrevane på topp så har dei medisinen som skal til for å vinne, sjølv om det ikkje nødvendigvis er så vakkert. Eit tett og jamn kamp som ende med ein heimesiger.

Tips: H

——————————————————————————

Nottingham Forest-Brighton

Nottingham har starta sesongen på ein veldig imponerande måte. 18 poeng, fem sigrar og tre uavgjort er fasiten på dei åtte første kampane. Og dermed er dei det einaste laget som enda har til gode å tape ein kamp denne sesongen. Stuart Pearce har heldigvis dobbel dekning på lagdelane sine, for det trengst no. Jack Hunt, Andy Reid og kaptein Chris Cohen har alle måtte kaste inn handkleet dei siste vekene. Og for kaptein Chris Cohen var det igjen av den forferdelege sorten. Hans tredje alvorlege skade på to år, og den andre skaden i sitt høgre kne, gjer sitt til at han er ute for resten av sesongen, akkurat som han opplevde forrige haust. Men til denne kampen er det fortsatt flust av spelarar å velje mellom, og når man har spissen Britt Assombalonga på bana så forventar man mål. Åtte mål på dei siste seks kampane er imponerande. Det ser ikkje ut til at verken Assombalonga eller Forest skal få ein formdupp med det første.

Forests siste kamper:

Millwall – Nottingham Forest 0-0
Nottingham Forest – Fulham 5-3 (Assombalonga x3, Antonio, Paterson)
Nottingham Forest – Derby 1-1 (Assombalonga)
Huddersfield – Nottingham Forest 0-2 (Selvmål, Lansbury)
Nottingham Forest – Reading 4-0 (Antonio x2, Assombalonga, Fryatt)
Bournemouth- Nottingham Forest 1-2 (Assombalonga, Fryatt)

Der Nottingham Forest har bøtta inn mål, så har nettopp det med mål vore det store problemet for Brighton denne hausten. 0-0 heime mot svake Blackpool sist var langt frå godt nok, og igjen viste det oss kor store problem dei har med å fylle tomrommet etter Ulloa som herjar for Leicester i Premier League denne sesongen. Adrian Colunga har ikkje klart å gjere sakna av Ulloa mindre, mens Craig Mackail-Smith fortsatt treng litt tid etter lang tids skade. Dermed ser det ikkje så veldig lystig ut for Sami Hyypia og co når dei tar turen til City Ground denne laurdagen.

Brightons siste kamper:
Brighton – Blackpool 0-0
Ipswich – Brighton 2-0
Brentford – Brighton 3-2 (Greer, Holla)
Brighton – Charlton 2-2 (Dunk x2)
Swindon – Brighton 2-4 (Forster-Caskey x2, Ince, Colunga)
Brighton – Bolton 2-1 (Mackail Smith, Teixeira)
Leeds – Brighton 0-2 (LuaLua, Teixeira)

Vurdering: Eit lag som bankar inn mål mot eit som ikkje gjer det. Eit lag i strålande form mot eit lag som manglar form. Nottingham Forest kjem til å gå ut i hundre i denne kampen og eg rekna med at Brighton skal få meir enn nok med å forsvare seg i denne kampen. Brighton har for godt forsvar til å gå på ein skikkelig smell her, men at det blir tap må man rett og slett rekne med. Ein veldig trygg heimesiger om Britt Assombalonga og co finne vegen til nettmaskene igjen.

Tips: H

—————————————————————————————–

Søndag:

Reading-Wolverhampton

Til tross for eit klart tap i ligacupen mot Derby i midtveka, utan at vi legge så mykje i den cupen her, så har Reading hatt ein god periode før dei måtte gi tapt for Sheffield Wednesday forrige helg. Det er ikkje enkelt å vinne fotballkampar når man misser på straffespark heller, slik som Glenn Murray gjorde. Deira to siste heimekampar endte begge med tre mål og tre skåra mål i kvar kamp, der Glenn Murray og Simon Cox bytta på å vere helten. Dei to har gitt det unge Reading-laget sårt tiltrengt erfaring noko vi såg dei mangla før desse kom inn. Nigel Adkins visste han ville få ein tøffare sesong, men har tatt den ekstra utfordringa med stor ro. Dei ser tidvis betre ut i år enn i fjor, noko som lova bra for framtida.

Readings siste kamper:
Sheffield Wednesday – Reading 1-0
Reading – Millwall 3-2 (Cox x2, Blackman)
Reading – Fulham 3-0 (Murray x2, Blackman)
Middlesbrough – Reading 0-1 (Cox)
Scunthorpe – Reading 0-1 (Taylor)
Nottingham Forest – Reading 4-0
Reading – Huddersfield 1-2 (Cox)

Wolverhampton ligger på ein flott tredjeplass med like mange poeng som Norwich på andreplass før denne runda. Det er imponerande men ikkje uventa av Kenny Jacketts menn. Jobben som er blitt gjort i denne klubben dei siste tolv månadane er rett og slett fantastisk. Bakover sleppe dei knapt til sjansar, noko man ser på dei tre(!!) måla dei har slept inn til no. Men dei har vore avhengig av dette forsvaret til no, for dei har berre skåra åtte mål på dei åtte første kampane, noko som gjer at man må heilt ned på 19.plass for å vinne eit lag som har skåra færre mål. Sako og Dicko har stått for omtrent alle dei åtte måla og det er dei to artige spelarane dei må stole på i nærmaste framtid også. Wolverhampton sitt største problem dei siste kampane har vore evna til å kontrollere kampar. Mot Bolton sist så mista dei kontrollen ein periode noko som fort kunne straffa seg om ikkje Ikeme var flink til å redde straffer. Klare dei å holde unna i 90 min denne helga?

Wolves kamper:
Wolves – Bolton 1-0 (Dicko)
Charlton – Wolves 1-1 (Batth)
Blackpool – Wolves 0-0
Wolves – Blackburn 3-1 (Sako x2, Dicko)
Wolves – Cardiff 1-0 (Selvmål)
Fulham – Wolves 0-1 (Sako)

Vurdering: Denne kampen skrike eigentleg 0-0 eller siger med eit mål til eit av laga. Wolverhampton vil nok ein gang prøve å halde tett bakover og satse på farten og styrken til Dicko og Sako, mens Reading nok vil forsiktig prøve å skape problem for Wolves. Det blir nok ein ta og føle på-kamp fram til eit eventuelt mål kjem. Begge lag har dermed gode sjansar her, men vi trur dei nøyer seg med eit poeng kvar.

Tips: U

About The Author

One Response

Leave a Reply