Skrevet av: Kjetil Myklebust

 

Fjerde runde var heilt rå for dei mindre laga, mens i den femte runda var vi nesten tilbake til normalen. Men heldigvis gjorde Bradford som forventa då laget frå League One slo ut Sunderland etter 2-0 på heimebane. For dei resterande laga i Championship så gikk det tålelig bra. Blackburn gjorde nøyaktig det same som forrige runde når Joshua King nok ein gang fiksa raudt kort på ein Stoke spelar og deretter ordna eit vanvittig show. I Championship-duellen mellom Derby og Reading var det noko overraskande Reading som sneik seg vidare, mykje takka vere ein debutant for Derby, ved namn Stephen Warnock. Middlesbrough klarte på si side ikkje å gjenskape bedrifta frå bortekampen mot Manchester City og måtte dermed sei adjø til FA-cupen etter at dei tapte 2-0 mot Arsenal.

Dermed får vi fire flotte kampar om retten til å få spele semifinale på Wembley, og alle kampane kan sjåast live på Tv2 Premium Sport 1.

Tv-kampane er som følgjer:

  • Bradford-Reading, laurdag 13.45
  • Aston Villa-West Bromwich, laurdag 16.00
  • Liverpool-Blackburn, søndag 17.00
  • Manchester United-Arsenal, måndag 21.00

Laurdag:

Bradford-Reading

Det er dei to svakaste laga som er igjen i FA-cupen som møtes til kamp om ein av dei fire plassane på Wembley, og det kan bli ein svært så artig kamp. Bradford tok med seg sjølvtilliten frå Chelsea-sigeren med seg heim til The Valley, og presterte nok ein sterk kamp om Premier League-motstand når Sunderland blei slått 2-0 i forrige runde. Reading på si side var langt frå favoritt når dei måtte reise til Pride Park for å møte Derby forrige gang. Men når Stephen Warnock klarte å pådra seg to gule kort i sin første omgang i Derby-drakt, så fikk Reading overtaket. Og sjølv om dei blei pressa bakover av laget med ti mann, så hadde dei ein januarsignering som verkeleg gjorde jobben. Det var nemleg ringreven Yakubu som avgjorde den kampen i sluttminutta når han viste god gammaldags klasse.

Til tross for ei god generalprøve i midtveka (1-0 heime mot Crawley) så har dei siste kampane bært preg av at cupkampane tar litt energi. To strake tap var fasiten før Crawley-kampen, og sjølv om det var mot god motstand så har dei virka litt slitne. Men Phil Parkinson er ein mann som elskar cup, og det er nok inga tvil om at denne kampen her har kokt i bakhovudet på han og spelarane dei siste vekene. Reading på si side sikra seg eit sterkt bortepoeng mot Bolton i midtveka når Jamie Mackie utlikna i siste sekund, men bortsett frå det har også dei hatt to svake kampar i oppladinga. Først blei det 0-3 borte mot Huddersfield, før dei heime mot Nottingham Forest måtte sjå det same resultatet etter 90 spelte minutt. Reading har eigentleg lite å spele for i ligaen, så man skal kanskje ikkje legge så mykje i resultata der. Deira store mål for sesongen no er nok å få spele på Wembley.

Kanskje den kampen underteikna gleda seg mest til denne runda. Det er to outsidera som nok aldri hadde forventa å få spele om ein semifinaleplass. Begge lag har hatt ein vanskeleg veg hit, men har imponert gang på gang. Bradford si angrepsrekke med Hanson, Stead og Clarke blir farlig her, og det er desse Reading må stogge. Reading på si side vil nok også her prøve å ligge lavt og vente på at sjansen byr seg. På ein potetåker av ei bane blir det nok ein gang ein krig, og med eit heimepublikum i fyr og flamme så blir eg ikkje overraska om Bradford nok ein gang klare å slå eit betre lag. Til tross for at dei slo Sunderland sist, så ser eg på denne kampen som litt vanskelegare for Bradford, då dette er like stort for Reading. Der Sunderland hata plassen, bana og situasjonen frå første sekund, så vil Reading digge det. Det blir knallhardt og jamnt, men eg trur Bradford nok ein gang klare det.

Vårt tips: 2-1

——————————————————————————-

Aston Villa-WBA

At desse to skal møtes på same bane to gangar på under ei veke er berre fantastisk. Aston Villa kom seg hit ved å slå Leicester 2-1 på heimebane i deira første kamp utan Paul Lambert. Det var ikkje imponerande men det var nok den gangen. WBA på si side imponerte stort ved å banke West Ham 4-0 i forrige runde, i det som må ha vore deira beste kamp for sesongen. Men vi kan berre gløyme form og tidligare resultat, for desse derbykampane leve sitt eige liv. I møtet mellom desse to i midtveka så var det Aston Villa som gikk av med sigeren etter eit straffespark av Benteke i det siste minutt. Aston Villa hadde kanskje ein av sine beste kampar for sesongen, mens WBA hadde sin svakaste kamp under Tony Pulis iallefall.

2-1 sigeren til Aston Villa på tysdag betyr ikkje mykje, men det kan ha gitt dei eit lite overtak framfor denne duellen her. Dei dominerte i store delar av førsteomgangen og kunne fort ha leia meir enn 1-0 til pause. Etter pausen kom WBA betre med og viste igjen at lag under Pulis er gode på dødballar. Tim Sherwood sin første siger som manager for Aston Villa smakte nok godt, men bortsett frå denne kampen så har ikkje dei imponert alt for mykje. WBA hadde før tapet mot Villa ein god periode, og kunne sjå tilbake på ein 0-0 kamp borte mot Sunderland, og ein veldig sterk siger heime mot Southampton forrige helg.

Det er berre å gløyme sigeren i midtveka for begge lag. For denne kampen er heilt open. Tony Pulis har nok sett gjennom tapet i midtveka med mikroskop for å finne ein måte å slå dette Villa-laget på. Villa på si side kan ta med seg litt sjølvtillit inn i kampen, og det må vere godt for eit lag som knapt har skåra å ta med seg at begge spissane fant vegen til nettmaskene sist. Det var jamnt på tysdag og det blir det også denne laurdagen. Kan vi få eit tredje oppgjer mellom desse laga, men denne gang på The Hawthorns? Ja, det trur eg rett og slett vi får.

Vårt tips: 1-1

—————————————————————————-

Søndag:

Liverpool-Blackburn

Dette blir nok garantert den minst spennande kampen denne runda, når formlaget Liverpool tar imot Blackburn på Anfield. Liverpool gjorde ein sterk bortekamp mot Crystal Palace når dei snudde 0-1 til 2-1 i ein kamp dei dominerte stort. Blackburn på si side har gjort det for vane å få forsvarsspelar på motstandarlaget utvist, for så å kontre dei i senk. Joshua King gjorde det til gangs sist når han skåra tre mål i tillegg til å ordne raudt kort. Då må det vere surt for nordmannen å nok ein gang pådra seg strekkskade som setter han ut av spel i denne kampen.

Liverpool si form talar for seg sjølv. Dei er fortsatt det einaste laget i Premier League som ikkje har tapt i 2015, og dei begynner å likne meir og meir på laget som sjarmerte Liverpool-fansen i fjor. Den sterke sigeren mot Manchester City forrige helg blei overlappa av ein kontrollert siger mot Burnley i midtveka, så laget kjem til denne kampen fulle av sjølvtillit. Blackburn på si side har etter eit par dårlege kampar slått tilbake med to sterke generalprøver. I midtveka når dei slo Sheffield Wednesday 2-1 på bortebane og forrige helg når dei kjempa seg til 0-0 mot topplaget Bournemouth, også det på bortebane.

Til tross for gode generalprøver så skal Blackburn få det tøft, når dei no møter eit Premier League-lag på bortebane. At cuphelten frå dei to forrige rundene er ute med skade hjelpe lite. Med alt håp om play-off ute, vil eg tru at Gary Bowyer endeleg stiller sitt sterkaste mannskap i cupen. Men at han med King ute nøyer seg med ein av Rudy Gestede og Jordan Rhodes på topp. Dei kan håpe at dei klara å holde tett bakover, og at dei store sterke spelarane kan lage trøbbel for Liverpool på dødball. Det er faktisk det einaste håpet her, for mest truleg vil angrepsrekka til Liverpool spele ball i hatt med dette Championship-laget. Moroa er over for Blackburn no.

Vårt tips: 4-0

—————————————————————————-

Måndag:

Manchester United-Arsenal

Storkampen kjem denne gang på måndag når Arsenal tar turen til Old Trafford, i det som må bli ein saftig duell. Manchester United gjorde for første gang ein god cupkamp når dei nokså greit slo ut Preston på bortebane sist. Kampen endte 3-1 sjølv om Preston nok gjorde storlaget litt nervøst ved å ta leiinga i den kampen. Arsenal på si side fikk ein nokså lett heimekamp mot Middlesbrough, som aldri klarte å komme opp på nivået dei viste mot Manchester City. Dermed kunne Giroud og co enkelt kontrollere inn 2-0 og avansement.

Dette er laga som også har dei to siste plassane som gir Champions League, men det er Arsenal som har imponert mest dei siste månadane. Om man ser bort i frå den horrible kampen mot Monaco i Champions League, så har laget verkeleg sett sterkt ut. Spesielt framover på bana har dei fleire strengar å spele på no, noko som har gitt greie sigrar mot QPR, Everton og Crystal Palace. Manchester United har kanskje noko som liknar på grei form også, etter sigrar mot Sunderland og Newcastle den siste veka. Sjølv om det fortsatt luggar litt, så tar dei jamnt med poeng.

I tidligare oppgjer har man hatt Arsenal som vil holde på ballen, mens Manchester United har angripe med tempo når dei har fått ballen. No møtes to lag som begge er veldig glade i å halde på ballen, noko som kan gi ein spennande twist i dette oppgjeret. Vil vi no sjå eit United med ball og eit Arsenal-lag som kontrar? Uansett spelestil eller ikkje så vil dette bli ein jamn kamp, der små detaljar vil avgjere kampen. Det vil overraske meg om vinnaren vinne med meir enn eit mål her. Til tross for at Arsenal kanskje har den beste formen, så får Manchester United heimebanefordelen her, og den kan bli viktig når man ser på prestasjonane til United heime versus borte. Jamnt og tett, men heimelaget tar det såvidt.

Vårt tips: 2-1

————————————————————–

Om tipsa skulle gå inn så vil det vere snipp snapp snute for laga i Championship. Men då kan vi i det minste glede oss med at vi får eit League One-lag på Wembley. Det vil bli stort det også.

About The Author

Leave a Reply