Oppsummering 42 serierunde
April 15, 2015Oppsummering 43.serierunde
April 16, 2015Skrevet av: Kjetil Myklebust
Fire lag er igjen i den gjeve FA-cupen, og denne helga blir det avgjort kven som får spele den store finalen, den 30 mai på Wembley. Men først skal laga spele semifinalane sine på Wembley også.
La oss først berre starte ved eit hjertesukk. Semifinalen blir nok ein gang spelt på Wembley, der den store finalen skal spelast. Kvifor er det slik? Ja, vi veit det er pengane som er grunnen, men det er rett ut tåpelig. Eg skal ikkje trenge å høyre Arsenal-fansen synge “We are going to Wembley” i 90 minutt på Turf Moor, når dei enda ikkje har nådd finalen. Eg skal ikkje trenge å sjå at Aston Villa-fansen storma bana etter kvartfinalesigeren, fordi dei skal spele semifinale på Wembley. Wembley skal vere heilag, og då burde man komme seg gjennom alle hindra før man skal kunne stolt gå ut på den ærverdige matta. Meir treng man ikkje sei om den saken, men la oss håpe at ein dag vi får sjå fantastiske semifinalar på Villa Park, og ikkje Wembley.
Så til kampane:
- Reading-Arsenal, laurdag 18.20. Tv2 Sport Premium 1
- Aston Villa-Liverpool, søndag 16.00. Tv2 Sport Premium 1
Reading-Arsenal
Det er Reading og Arsenal som sparkar i gang den første semifinalen og det blir spennande å sjå kva eit middels Championship-lag klarar å utrette mot formlaget i Premier League.
Veien til semifinalen: Reading har fått sin dose bortekampar i årets FA-cup. Dei starta tredje runde med å vinne 1-0 borte mot Huddersfield etter mål av Nick Blackman. I fjerde runde fikk dei ny bortekamp, denne gang mot Cardiff, der gjestane snudde 0-1 til 2-1 etter eit seint mål av Hal Robson-Kanu. Deretter forventa alle tap når Reading skulle ta turen til formlaget Derby, men ei tidlig utvisning av Stephen Warnock gjorde sitt til att gjestane fikk det litt enklare. Etter at Derby hadde utlikna målet til Pavel Pogrebnyak så dukka Yakubu opp like før slutt og aleine med keeper var den store mannen sikker som banken. Også i kvarten måtte det ein bortekamp til då dei reiste til Bradford, som i tur og orden hadde slått ut Chelsea og Sunderland. Men det var tydelig at Reading hadde sett meir fram til å spele på potetåkeren enn Sunderland og dermed fikk Reading kjempa seg til ein omkamp etter at kampen ebba ut med 0-0. I returkampen var det inga tvil og Reading feia over Bradford med 3-0. Dermed kunne dei juble for ein tur til Wembley(!!). Arsenal har også hatt sin dose bortekampar, men starta årets FA-cup med eit møte med fjorårets motstandar i finalen, Hull. Det blei lett match og Arsenal kunne spasere vidare til fjerde runde med 2-0. Der venta Brighton, som gav Arsenal tøff kamp, men gjestane frå London kunne puste letta av når dommaren blåste av for 3-2 siger. I femte runde var det ny heimekamp, denne gang mot Middlesbrough. Gjestane var ikkje like god som mot City i runda før og Arsenal kunne igjen kontrollert juble for avansement med 2-0 etter mål av Olivier Giroud. I kvartfinalen var det Manchester United på Old Trafford som stod for tur. Etter at det stod 1-1 til pause så kunne Danny Welbeck enkelt sette inn 2-1 etter ei flott pasning av sin tidligare lagkamerat Antonio Valencia. Arsenal stod i mot presset som kom, og når Angel Di Maria klarte å få to gule kort på 20 sekund så var saken grei. Wembley neste.
Kampen: Arsenal i storform møter eit Reading som dei siste vekene ikkje har hatt særleg mykje å spele for i Championship. Derfor er det litt vanskeleg å bedømme korleis Steve Clarke sine menn eigentleg står når dei verkeleg har tenninga. Sist siger for Reading kom 10 mars når Brighton blei slått 2-1. Etter det har dei fått fire uavgjort og tre tap i ligaen. Det vitnar ikkje akkurat om storform før deira største kamp for sesongen. Arsenal på si side har åtte strake sigrar i ligaen, og sjølv om dei gjorde alt anna enn å imponere mot Burnley forrige helg, så klarte dei igjen å vinne. Arsenal har så mange strengar å spele på no når alle er skadefri og Reading sitt forsvar må forvente seg mykje hjelp frå midtbane og angrep for å klare å demme opp for det hurtige angrepsspelet som Giroud og co viser for tida. Det er forventa at Pavel Pogrebnyak startar denne kampen, då det er større sjanse for at Reading tar dette Arsenal-laget på duellstyrke enn på fart. Og saman med ein Jamie Mackie som kan springe rundt som ein virvelvind kan dei alltids klare å skape litt problem for Arsene Wenger sitt forsvar.
Vårt tips: Vi forventar at Arsenal tar total kontroll over dette oppgjeret frå første spark. Klarar Reading å stå imot lenge nok så veit man aldri, men her skal det rett og slett vere alt for stor forskjell mellom laga. Den store bana på Wembley gir også Arsenal ein fordel då dei får meir plass til å brodere seg gjennom Reading. Fart og kombinasjonsspelet til angrepstrioen til Arsenal blir rett og slett for mykje her. Det blir ein fin dag for Reading, men når kampen startar er det slutt og Adam Federici får ein tøff dag på jobben. 0-3
——————————————————————————————
Aston Villa-Liverpool
Det er nok venta langt jamnare kamp når Tim Sherwood og Brendan Rodgers sine lag brakar saman på søndagen. Sjølv om Liverpool er langt betre på papiret, så skal man ikkje gløyme at Aston Villa har hatt eit godt tak på Liverpool dei seinare åra.
Veien til semifinalen: Aston Villa har fått mange heimekampar i årets FA-cup, og mot svakare lag også, men dei har nesten i kvar kamp gått inn som underdog, eller små favorittar på grunn av sin tidvis horrible form. Dei starta årets FA-cup med å slå årets svakaste lag i Championship, Blackpool, 1-0 etter eit seint mål av Christian Benteke. I runda etter var det topplaget frå same divisjon, Bournemouth som måtte ta turen til Villa Park. Der var det forventa at Aston Villa fort kunne ryke, men etter eit fantastisk mål av Carles Gil og eit av Andreas Weimann så kunne Villa igjen juble for avansement med 2-1. Same resultat blei det også når dei fikk ny heimekamp mot Leicester i femte runde etter mål av Leandro Bacuna og Scott Sinclair. Her gjorde for første gang, Aston Villa ein god kamp og Tim Sherwood kunne i sin første kamp begynne å drømme om Wembley. Den drømmen blei større når Aston Villa igjen fikk heimekamp mot naboane WBA. Då var laget begynt å vise form i ligaen, og var det klart beste laget når WBA blei slått 2-0 etter mål av Fabian Delph og Scott Sinclair. Då var det berre for fansen å storme bana. Liverpool på si side har ikkje akkurat gjort det lett for seg sjølv på denne lange vegen mot semifinalen. I tredje runde møtte dei lille Wimbledon med den store spelaren Adebayo Akinfenwa. Og sjølv om Steven Gerrard skåra to mål i denne kampen så var det Akinfenwa sitt mål vi hugsar frå den kampen når han utlikna til 1-1. Til tross for stort press så stod Liverpool imot og gikk vidare med 2-1. I neste kamp var det duka for Bolton på heimebane, og igjen gjorde Liverpool det vanskelig for seg. Etter 0-0 på Anfield så måtte Liverpool snu 0-1 til 2-1 borte mot Bolton i returoppgjeret, etter eit seint, men fantastisk, mål av Philippe Coutinho. I femterunde måtte dei igjen komme tilbake frå 0-1 i bortekampen mot Crystal Palace, men ein sterk andre omgang gjorde sitt til at Liverpool kom seg vidare til kvartfinalen. Der måtte dei igjen ut i ny omkamp på bortebane, etter ein ny mållaus kamp på Anfield mot Blackburn. I returoppgjeret kunne Coutinho igjen juble når han skåra kampens einaste mål. No ventar Aston Villa på Wembley.
Kampen: Aston Villa har verkeleg fått fart på sakene sine etter at Tim Sherwood tok over. I tillegg til suksessen i FA-cupen så har dei gjort det veldig bra i ligaen også, der bortesigeren mot Tottenham i generalprøva toppa det som har vore ein fantastisk start for Sherwood. 4-0 borte mot Sunderland, To sigrar mot WBA og ein Christian Benteke som bøttar inn mål gir stor optimisme før denne kampen for Aston Villa, og kombinasjonen Benteke/Agbonlahor har vore betre enn nokon gang den siste månaden. Då må det nok skremme Brendan Rodgers litt at Sakho manglar i denne kampen, for han har vore ei veldig viktig brikke i forsvaret i 2015. Utan han, og med Lovren eller Toure som erstattar har det plutselig sett litt verre ut i dei bakre rekkene. Framover på bana skal Liverpool også kunne by på store problem, med ein Coutinho i storform og ein Sterling som verkeleg må vise at han også kan snakke for seg på bana også. Han gjorde det mot Newcastle, og klare han å følgje det opp her så skal forsvaret til Villa få trøbbel også. Aston Villa vil nok gå ut som mot Spurs, kompakte og satse på kontringar. Det er ikkje alltid Liverpool lika å møte slikt og dei må derfor vere tolmodige her for å unngå å bli kontra i senk her. Eit Liverpool-press som gir utteljing tidlig vil nok vere drepen for Tim Sherwoods menn her.
Vårt tips: Liverpool vil gå ut med initiativet her, og vil nok presse Aston Villa bakover. Det store spørsmålet er rett og slett om dei vil klare å få utteljing på presset, eller om Aston Villa vil kontre dei i senk. Første målet blir veldig viktig for Liverpool å få. Denne kampen kan fort gå til ekstraomgangar, men om det skjer så strekker nok Liverpool det lengste strået. 1-2.
Dermed får vi Arsenal-Liverpool i finalen den 30.mai.