Før Runden: Onsdag 21.januar
January 20, 2015Før Runden: 27.serierunde
January 23, 2015Skrevet av: Kjetil Myklebust
Vi er klare for den fjerde runda i den prestisjetunge FA-cupen, og i denne spalta vil det bli fokusert på dei kampane som går av stabelen på Tv2 sine plattformer, i tillegg til kampane der lag frå Championship er i aksjon.
I forrige runde måtte lag som Leeds, Blackpool, Sheffield Wednesday, Ipswich og Watford sjå seg slått av lag frå Premier League. Mens Wigan, Brentford, Charlton, Wolverhampton, Huddersfield og Rotherham gikk tapande ut av duellar med divisjonsnaboar. Men dei skal likevell vere glade for at dei ikkje heiter Millwall, Norwich eller Nottingham Forest, for desse måtte sjå seg slått av lag i divisjonen under, nemleg League One.
Dermed sitte vi berre igjen med ti lag frå Championship framfor den fjerde runda.
Tv-kampane denne runda er:
- Cambridge-Manchester United, fredag kl 20.55
- Manchester City-Middlesbrough, laurdag kl 16.00
- Birmingham-West Bromwich, laurdag kl 16.00
- Liverpool-Bolton, laurdag kl.18.30
- Bristol City-West Ham, søndag kl.15.00
- Aston Villa-Bournemouth, søndag kl.16.00
- Brighton-Arsenal, søndag kl.17.00
- Rochdale-Stoke, måndag, kl.21.00
Cambridge – Manchester United
FA-cupen tjuvstarta fredagskvelden med ein skikkelig godbit. Cambridge er det lavaste rangerte laget som er igjen i cupen, og dei fikk æra av å trekke det haltande storlaget frå Manchester.Dermed må bortefansen ta den lange turen til Abbey Stadium med ein kapasitet på rundt 9000 tilskodarar. Og der ventar ein gamal kjenning for United-fansen, i Luke Chadwick.
Cambridge som i fleire år har levd i skygga av laga i Football League kom endeleg opp igjen når dei i sommar kjempa seg opp til League Two via play-off. I deira første sesong har dei imponert, og etter den gode generalprøva der dei vant 4-0 mot Newport, så ligg dei på ein finfin 12.plass med berre seks poeng opp til play-off. I den tredje runda av cupen slo dei ut Luton med 2-1 på heimebane og no er heile byen klar for krig, mot stormakta. Manchester United på si side sjangla seg vidare med 2-0 borte mot Yeovil etter fantastiske mål av Ander Herrera og Angel Di Maria, men det var lite imponerande. Prestasjonane på bortebane har ikkje vore imponerande så sjølv om det i utgangspunktet skal vere ein lett match, så ser vi ikkje bort i frå at gjestene fort kan få trøbbel her. Cambridge fikk i forrige kamp sjå sin nye signering Cameron McGeehan storspele med to mål frå sin midtbaneposisjon, og det er ein spelar som Manchester United bør sjå opp for. Det same kan man sei om deira toppskårar Ryan Donaldson. Den tidligare Newcastle-spelaren har imponert stort etter overgangen frå Gateshead i 2013, og viser ofte at han har eit høgare nivå enn League Two.
Vi forventa at Manchester United tar dette til slutt, men dei må verkeleg vere med i krigen som kjem. For er det ein spelar som gjerne kunne tenkt seg å ta skalpen på Manchester United, så er det Luke Chadwick. Med mange spelarar over 1.90 for heimelaget, så er det ikkje akkurat vanskeleg å tippe kva oppskrifta blir i denne kampen. Og den oppskrifta er ikkje akkurat det forsvararane til Manchester United lika best. Artig for League One-laget blir det uansett.
Tips: 1-3
——————————————————————————————–
Manchester City-Middlesbrough
På Etihad er det eit av topplaga i Premier League som tar imot eit av topplaga i Championship til duell. Og det blir spennande om Aitor Karanka har noko på lur for å stoppe Sergio Aguero og co.
Manchester City sleit seg vidare til fjerde runde med ein lite overbevisande 2-1 siger heime mot Sheffield Wednesday. Dei låg i store delar av kampen under, og sleit med å skape stort på eit solid Wednesday-lag, før dei heilt på tampen fikk lurt inn 2-1. Men til denne kampen er spissane til City tilbake, og det er ofte stor forskjell på eit City-lag med og uten Aguero og Edin Dzeko. Middlesbrough har igjen blitt eit lag som kan kjempe om plass i Premier League etter at Aitor Karanka kom inn portane forrige sesong. Karanka brukte forrige sesong på å sette eit solid forsvar, mens det denne sesongen har blomstra i angrepsrekka deira. Spelarar som Kike, Albert Adomah, Jelle Vossen og Patrick Bamford kan skape trøbbel for eit litt sjelvande City-forsvar. I tillegg har dei ein Grant Leadbitter på midtbana som har vore ein av Boro sine beste spelarar i år. Laget som slo Barnsley 2-0 på bortebane i forrige runde kjem iallefall til denne kampen fulle av sjølvtillit.
Hadde denne kampen blitt spelt på Riverside, så kunne vi kanskje turt å tippa på Middlesbrough, men på Etihad skal City vere det beste laget, sjølv om kampen mot Wednesday ikkje gjer oss heilt sikker på at dette går greit. Manchester City røyk ut mot Wigan på Etihad forrige sesong, så dei er ikkje ukjent med å få trøbbel av lag i divisjonen under. Skal vi tippe at Middlesbrough tar leiinga, men Sergio Aguero avgjere i løpet av dei fem siste minutta?
Tips: 2-1
——————————————————————————————–
Birmingham-West Bromwich
Hadde denne kampen blitt spelt for seks månader sidan, så hadde det ikkje vore like spennande, men med forma til Birmingham for tida, så blir dette eit utrulig spennande lokalderby på St.Andrews.
Birmingham sleit seg vidare frå tredjerunde med 3-2 siger borte mot Blyth Spartans, etter at dei låg under 0-2 til pause. Men åtte herlege minutt snudde kampen for Birmingham og dermed unngikk dei ein stor skrell. I ligaen har det gått strålande for vertane etter at Gary Rowett tok over for Lee Clark i Oktober. Han har tatt laget frå nedrykksplass til ein sterk ellevte plass på tabellen, og særleg på heimebane er storspelet tilbake igjen, etter fleire år der snøen kom oftare enn sigrane på St.Andrews. West Bromwich har også skifta manager denne sesongen, og Tony Pulis har blitt henta inn for å redde laget frå nedrykk. Han fikk ein pangstart heime mot Gateshead i tredje runde av cupen, der stillinga til slutt endte 7-0.
Denne kampen skrike krig, og siden det er lenge sidan desse to har fått spelt dette derbyet så blir vi overraska om det ikkje smelle skikkelig på eit fullsett St.Andrews. Birmingham har nokre spelarar i storform som kan skape store problem for forsvaret til WBA. Ungguten Demarai Gray er berre 19 år, men har storspelt for Birmingham denne sesongen, og imponere han her, så kan han fort forsvinne før januarvindauget er stengt. Ein avgjerande faktor i denne kampen er duellen mellom Clayton Donaldson og Saido Berahino. Det er stor sjanse for at ein av desse to avgjer denne kampen.
Tips: 1-1
———————————————————————————————–
Liverpool-Bolton
Nok ein kamp mellom eit lag frå Premier League og eit lag frå Championship. Og det er to lag i god form som møtes på Anfield.
Etter tapet mot Manchester United i starten av Desember har Liverpool plukka bra med poeng den siste månaden, og sjølv om kanskje ikkje spelet har varma så har iallefall poengfangsten fått dei opp i kampen om Champions League-plass igjen. I forrige runde av FA-cupen hadde dei store problem mot eit hardkjempande AFC Wimbledon, og berre to gode Gerrard-avslutningar hindra ei lite flause. Liverpool skal også passe seg for å sjå seg blind på tabellen når dei leitar opp Boltons 14.plass, for den lyge litt. Når Neil Lennon tok over så låg Bolton på nest siste plass, mens Lennon uttalte at målet var play-off. Og no, knappe tre månader seinare så er det fult mogleg. Med berre eit tap på dei siste tolv, og deriblant fleire sterke resultat så skal man ikkje sjå bort i frå at Bolton kan skape litt trøbbel på Anfield. For med ringrevar som Eidur Gudjohnsen og Emil Heskey så veit man at alt kan skje, for dei to har bidratt til den gode stemninga på Reebok.
Igjen føler vi oss litt snurt over at det er Premier League-laget som får heimekamp i det som ellers ville blitt ein veldig hard kamp, men sjølv om det er Liverpool som er heime så trur vi at Bolton med sin positive energi kan gjere livet surt for Liverpool. Bolton har nok sett at dødball er noko Liverpool sliter med, og derfor vil vi nok sjå eit forsøk på å utnytte dette. Til tross for ein god plan, så slite nok Liverpool seg vidare her.
Tips: 3-1
—————————————————————————————–
Bristol City-West Ham
Dette er ein godbit folkens. Eit stappfullt og energisk Ashton Gate tar imot eit av årets overrasking i Premier League når West Ham tar turen til den flotte byen, Bristol.
Heimelaget har imponert stort denne sesongen i League One, og mykje tyder på at dei er tilbake i Championship frå hausten av. Særleg på heimebane har Bristol storspelt og grunnen er enkel. Dei har veldig mange spelarar som bankar inn mål. Steve Cotterill tok i fjor over eit lag som knapt gjorde anna enn å spele uavgjort, men i år har han gjort dei til eit lag som nesten alltid vinner, også dei jamne og tette kampane. Grunnane er Aaron Wilbraham (Kjent frå Moss) og Kieran Agard sitt storspel i haust, og Jay Emmanuel-Thomas og Matt Smith sitt storspel i det siste. Det er desse fire som kan skape trøbbel for forsvaret til West Ham denne søndagen. West Ham på si side har i år vist seg fram på ein måte man kanskje ikkje trudde Sam Allardyce hadde i seg. Med artig og god angrepsfotball har dei sjarmert seg oppover tabellen, og ser ut til å kunne kjempe om topp 10 for første gang på lenge. West Ham måtte gjennom 210 minutter med fotball, pluss straffespark for å komme seg hit i dag. Kampen mot Everton blei ikkje avgjort før keeper Adrian først redda straffespark, for så å sette inn siste straffa sjølv i ein eventyrlig returkamp.
Bristol City måtte også til omkamp for å komme seg hit, men to mål av Emmanuel-Thomas var nok til å sende ut Doncaster i returkampen. No ventar langt tøffare motstand, men sjølv om det er to divisjonar mellom laga, så blir denne kampen jamn. Sjølvtilliten som Cotterill har prenta inn i laget kan også vere nok til å sende ut West Ham, på ein god dag. Vi trur faktisk at Bristol City kan spe på med litt inntekt til utbygging av stadion i form av ein omkamp på Upton Park.
Vårt tips: 2-2
——————————————————————————————-
Aston Villa-Bournemouth
Det er eit heimelag frå Premier League, mot eit bortelag frå Championship, igjen. Men akkurat her kan man nesten kalle bortelaget favorittar.
Aston Villa har no gått over ein månad utan å sjå ballen i nettet i ligaen. Og vi snakkar om den månaden med flest fotballkampar i løpet av ein sesong. I løpet av denne perioden har dei heller ikkje vunne ein ligakamp, så varsellampene lyser kraftig på ærverdige Villa Park. Holte End har tålt mykje dei siste åra, men eit tap mot Eddie Howe sitt Bournemouth vil fort gjere frustrasjonen frå fans og leiarar om til handling. Aston Villa har som nemnt ikkje vunne ein ligakamp, men dei fikk kjempa seg til ein fjerderundekamp ved å slå håplause Blackpool 1-0 på heimebane etter eit lovlig seint mål av Benteke. Bournemouth på si side kunne synge heile vegen tilbake til sørkysten etter å ha slått Rotherham 5-1 på bortebane. Og slik har Eddie Howe sitt mannskap framstått denne sesongen. Dei har ein spelestil som få lag klare å forsvare seg mot, og derfor har dei også inntatt tabelltoppen i Championship, til tross for ein liten nedtur i generalprøva (0-1 mot Leeds). Matt Ritchie er ein av deira beste spelarar, og ein som fint kan skape trøbbel mot litt trauste Villa-backar. Framme er Callum Wilson og Yann Kermorgant to av spelarane å sjå opp for. Men man skal ikkje tru at det er desse som står for måla, for hos Bournemouth har dei ein filosofi om at alle kan banke inn eit mål eller to av og til, så derfor skjer det ganske ofte at kven som helst får seg eit mål.
Er det ein dag Aston Villa kan skåre eit mål igjen, så er det her. Bournemouth er nemleg meir opptatt av å skåre mål enn å forsvare seg. Men nøkkelen for Aston Villa blir rett og slett å sjå om dei klare å henge med på det hurtige angrepsspelet til gjestane. Om dei klare det, kan det bli avansement, men skepsisen er stor her. Tipset blir rett og slett ein lite overraskande bortesiger, så får vi sjå om Premier League-laget klare å overraske oss positivt.
Vårt tips: 1-3
———————————————————————————–
Brighton-Arsenal
Brighton har klart å slå ut lag frå Premier League før, men klare dei å slå ut formlaget Arsenal heime på Falmer Stadium denne søndagen?
Brighton har fått ein liten opptur etter at Chris Hughton tok over for Sami Hyypia i juleperioden. For eit lag av Brighton sitt kaliber skal ikkje kjempe om å unngå nedrykk til League One. Betring til tross, det er fortsatt eit problem for lage å finne vegen til nettmaskene, noko som har vore eit problem sidan Ulloa gikk til Leicester i sommar. Craig Machail-Smith er ein skygge av seg sjølv etter lengre skadeperiode og når forsvarsspelaren Lewis Dunk er deira toppskårar med seks mål, så skjønna man at problemet har vore stort. I forrige runde av FA-cupen klarte dei iallefall å skåre to ganga, noko som var nok til å senke Brentford. Men i ettertid har dei klart å tape 0-1 mot same laget i ligaen, så alt er ikkje på plass for Hughton. Arsenal på si side kjem høgtflygande etter triumfen borte mot Manchester City, og dei hadde heller ikkje problem med å komme seg vidare i forrige runde av cupen, då Hull blei slått 2-0.
Til tross for Brighton sin relativt gode historie mot Premier League-lag dei siste åra, så er det veldig lite som tyder på ny jubelkveld her. Arsenal ser ut til å ha knekt eit par kodar i det siste, og har i tillegg ein veldig stor tropp å velje mellom for augeblikket. Truleg kan man med god margin sette pengane på bortelaget i denne kampen, sjølv om Brighton fikk ein liten opptur med 3-2 sigeren over Ipswich i midtveka. Har dei funne formelen for å skåre mål kanskje?
Vårt tips: 1-2
—————————————————————————————–
Rochdale-Stoke
Den fjerde runda blir avslutta måndagskvelden med ein skikkelig krig frå Spotland Stadium i Rochdale. “The Dale” har femte runde som sin beste prestasjon i FA-cupen, og vil nok gjerne oppnå den meritten igjen.
Rochdale kriga Nottingham Forest ut av FA-cupen i forrige runde, og det er nettopp det Stoke bør forvente her. For laget som ligg på ein overraskande femteplass i League One kan å krige. Dei er imponerande sterke på heimebane og kan skryte av å ha to midtbanespelar i form av Matt Done og Peter Vincenti, som bøttar inn mål. Det same gjer spissen Ian Henderson, og det er desse tre spelarane Mark Hughes må sjå opp for. Stoke som før ikkje var kjent for anna enn lange innkast og krig vil nok måtte finne tilbake til litt av den gamle Pulis-filosofien her. Stoke gjorde det ikkje lett for seg sjølv i forrige runde, men kunne til slutt juble for å ha slått ut lille Wrexham. Ein langt tøffare kamp ventar her, og det blir spennande å sjå korleis Stoke angripe denne kampen. Blir det gamle Stoke, eller nye Stoke som møter opp her?
Man veit kva man får med Rochdale på Spotland, så der er saken grei. Spørsmålet er berre korleis Stoke førebur seg til kamp. Med tanke på at baneforholda ikkje blir perfekte her, så kjem man ikkje unna dei lange og høge ballane her. Og sjølv om Stoke ikkje vil ha det stempelet på seg no, så trur vi kanskje at dei innehar kvalitetane til å matche Rochdale på det. Men berre så vidt. Det blir nok ein omkamp på vindfulle Britannia.
Vårt tips: 1-1
———————————————————————-
Så til slutt, ein liten kikk på dei andre kampane der Championship-lag er i aksjon, men som ikkje går på tv.
Blackburn-Swansea
Økonomisk skakkøyrte Blackburn tar imot eit Swansea som har det litt tyngre enn normalt for tida. Det bør by på ein jamn og tøff kamp på Ewood Park.
Blackburn treng pengar, så FA-cupen kan vere ein fin måte å spe på litt. Det har ulma i klubben etter at Rudy Gestede ikkje ville vere med på kamp forrige helg, og det er like greit at karen forsvinne. Dermed står man igjen med Jordan Rhodes, ein mann som veit kor målet står, men som var litt i skyggen av Gestede tidligare i sesongen. Blackburn slo ut Charlton på bortebane i forrige runde, men har aldri klart å unngå svingingane denne sesongen. Ein siger blir ofte etterfølgt av tap, og visa versa. Det er synd, for på sitt beste er dette eit lag som kan kjempe om opprykk til Premier League igjen. Klare dei å ta fram det her, så kan Gary Monk sitt mannskap få det tøft. Swansea hadde derimot ingen problem med å slå ut Tranmere i forrige runde, og då fikk også Gomis vist at han kan erstatte Bony, som no er gått til Manchester City. I generalprøva fikk Swansea juling av Chelsea, heime på Liberty Stadium, så det spørst om det ikkje er eit litt sjelvent lag som kjem her.
På ein god dag kan Blackburn fint hamle opp med Swansea, og dei har vist gode takter mot gode lag i FA-cupen dei siste åra. Det ligg i korta at Jordan Rhodes skal vise heimefansen at han er mannen dei skal vere glad i her, og det kan fort bli han som avgjer denne kampen. Siden man er litt usikker på dagsformen til begge desse laga så er det vanskeleg å tippe, så om det ikkje blir heimesiger, så kan man kanskje forvente ein omkamp.
Vårt tips: 2-2
——————————————————————————-
Cardiff-Reading
Den einaste Championship-duellen denne runda, og det er ein kamp mellom to lag som kan forvente opptur den kommande tida.
Cardiff er tilbake i blått og det er ikkje eit sekund for seint. Det gav dei ein liten opptur i forrige heimekamp då dei slo Fulham. Men nedturen kom raskt tilbake i 2-3 tapet borte mot Norwich forrige helg. Russel Slade har ikkje gjort alt for mange populære val etter at han tok over for Ole Gunnar Solskjær, og det er veldig tydelig at han vil spele fotball på gamlemåten igjen. Det fungerte greit i tredjerunde-kampen i FA-cupen då dei slo Colchester 3-1, men vil det fungere mot Reading? Gjestane tok seg vidare ved å slå Huddersfield 1-0 borte, men slite fortsatt på botnen av tabellen, sjølv etter Steve Clarke sitt inntog.
Det meste tyde på at det blir ein jamn og tett kamp, og sidan ingen av laga imponerer så får Cardiff fordelen, av to grunnar. Det er heimebanefordelen, og at dei fortsatt kan få litt gevinst av at dei er tilbake i blått. Adam Le Fondre avgjer mot gamle lagkameratar.
Vårt tips: 2-1
————————————————————————-
Derby-Chesterfield
Derby vil tilbake til Premier League, mens Chesterfield prøvar å kjempe seg opp i toppen av League One. Dette skal vere grei match.
Derby sitt 1-2 tap heime mot rivalen Nottingham Forest svei kraftig for Steve McClaren, og derfor vil han nok sende utpå eit sterkt lag som kan sette skapet på plass her. Will Hughes blir sikkert kvilt, men ellers blir det nok eit tilnærma toppa lag som tar kommandoen her, slik at dei kan unngå ein ny dramatisk kamp i FA-cupen. Straffemålet i det 90 minutt heime mot Southport då, var ikkje akkurat overbevisande. Chesterfield på si side hadde ein veldig lang veg å gå for å komme hit. I andre runde av cupen slo dei MK Dons 1-0 på bortebane, men siden dei stilte med ein spelar som ikkje kunne spele FA-cup så måtte dei spele kampen på nytt. Utrulig nok så klarte Chesterfield å vinne returkampen 1-0 også, og gikk dermed veldig fortent vidare til neste runde. Der måtte det også omkamp til etter at første oppgjer mot Scunthorpe endte 2-2. I returkampen måtte det ekstraomgang til og der var Chesterfield sterkast, og vann kampen 2-0.
Til tross for at vegen hit har vore lang og tøff for Chesterfield, så kan man ikkje forvente meir av laget frå League One. Derby skal vere fleire hakk for store her, og burde ta ein grei siger.
Vårt tips: 2-0
——————————————————————–
Sunderland-Fulham
To lag som verkeleg har opplevd tøffe stunder denne sesongen, møtes på Stadium Of Light.
Sunderland krabba seg vidare med ein lite overbevisande 1-0 siger over Leeds på heimbane i forrige runde, men bortsett frå det, så har det nye året starta veldig svakt. Med lite mål og trist fotball så har ikkje det vore mykje jubel blant Sunderland-fansen. Dei kan sikkert få meir motgang når Fulham kjem på besøk, for dei har fått ein liten formtopp igjen den siste veka. Med to sigrar i løpet av få dagar så kan laget frå den finare delen av London begynne å sjå litt oppover på tabellen igjen. Ross McCormack viste at han er i slag når han nesten på eigenhand banka Nottingham Forest i midtveka, og han kan fort gjere det her også. Fulham måtte også gjennom omkamp og straffespark for å komme seg hit, men det virka som om det var nettopp den returkampen mot Wolverhampton som snudde litt av vinden for Fulham.
Det blir ein jamn og tett kamp med lite mål. Det er kanskje slik at første målet vinner her. Sjølv om Fulham fort kan finne på å skape trøbbel her, så for Sunderland fordelen, eine og aleine på grunn av heimebanefordelen.
Vårt tips: 1-0