Før Kamp: Norwich City – Ipswich Town
May 15, 2015Play-Off Finale: Preston-Swindon
May 22, 2015Skrevet av: Kjetil Myklebust
No går vi inn i ei av dei herlegaste helgene i årets sesong i The Football League. Det er duka for play-off finale i både League Two, League One og Championship. Det heile blir sparka igang med ein drusar av ein kamp, når Southend og Wycombe brakar saman på Wembley denne lørdagen. Kven slår følgje med Burton, Shrewsbury og Bury opp til det tredje nivået i England? Det er venta at 20 000 Southend-fans tar turen til Wembley denne laurdagen, mens Wycombe kjem med rundt 15 000 fans.
——————————————————————————–
- Southend United-Wycombe Wanderers
- Avspark: 18.30 (Laurdag, 23 mai)
- Tv-kanal: Tv2 Sport Premium
- Dommar: Simon Hooper
- Drakter: Southend spelar i sine blå og kvite heimedrakter, mens Wycombe stiller i sine gule bortedrakter.
Southend
Det er knappe 18 månader sidan den tidligare Hull-manageren Phil Brown kom inn portane på Roots Hall for å få orden på laget som var i ferd med å bli eit “gode, men ikkje gode nok-lag”. Phil Brown starta sin tid i klubben med å ta laget med til Wembley faktisk, men det er ikkje gode minner han sitter igjen med. I den berømte “Football League Trophy”-finalen måtte Southend gi tapt for Crewe, og det lovar ikkje akkurat bra. Southend har dei siste fire åra vore i play-off tre gangar. Alle tre gangane har det blitt tap i semifinalen, der dei i fjor måtte gi tapt for Burton Albion. Derfor er det eit stort pluss at dei denne gangen har komme seg heile vegen til finalen, og kanskje dette er året for Phil Brown og co. Denne sesongen har vore god for Southend, og dei har heile sesongen vore i toppen av tabellen. Framfor siste serierunde låg Southend likevell på direkte opprykksplass, og trengte berre ein siger borte mot Morecambe for å rykke opp til League One. Dei svikta totalt og tapte 3-1 og måtte dermed sjå både Bury og Wycombe Wanderers gå forbi dei på tabellen.
Dermed blei det play-off og motstandar i semifinalen blei Stevenage der det etter 1-1 i første kamp skulle bli avgjort på Roots Hall. Southend var det klart beste laget, men klarte likevell å komme under 0-1 i andre omgang. Heldigvis for dei fikk Ryan Leonard utlikna og Southend pressa på for sigeren. Fem minutt på overtid kunne deira store spiss Barry Corr avgjere når laget fikk ei billig straffespark, men spissen banka ballen i tverra. Dermed måtte det ekstraomgangar til, og der blei innbyttar Stephen McLaughlin avgjerande når han sette inn 2-1 etter 108 minutt. Like før slutt kunne deira store helt, og mannen med skrekkskaden frå første kamp (Om du ikkje har sett det, søk Michael Timlin, stygg skade) avgjere kampen med eit flott langskot. At Michael Timlin i det heile tatt kunne spele denne kampen, fire dagar etter skrekkskaden er utrulig. Men det var uansett nok til at turen no går til Wembley. Skal dei endeleg lykkast i play-off?
Av profilar å sjå opp for i denne kampen må storspissen Barry Corr nemnast. Han har banka inn 16 mål i ligaen denne sesongen, og kan fort bli skummel for Wycombe her. Joe Pigott på lån frå Charlton er ein anna mann som kan skape trøbbel på topp. På midtbana kjem man ikkje unna nemnte Timlin. Hans prestasjon i semifinalen vil for alltid gjere han til ein legende i denne klubben, og han er akkurat den krigaren som kan hjelpe Southend over streken her. Jack Payne er og ein målfarlig midtbanespelar som kan vere artig å følgje. I fjor blei keeper Daniel Bentley årets spelar i klubben, og han vil nok ein gang bli viktig her.
Wycombe
Laget med det flotte stadionet, Adams Park, har lagt nokre tøffe sesongar bak seg, når dei igjen jaktar på spel i League One. Laget rykka sist ned frå League One i 2012, og etter at “Wycombe Wanderers supporters trust” tok over klubben like etter, var det mykje optimisme å spore i klubben. Men sesongstarten i League Two starta forferdeleg, og berre to månader ut i sesongen var det duka for managerskifta. Det var då den gamle storspelaren og kaptein for Wycombe, Gareth Ainsworth kom inn dørene. Han redda klubben frå nedrykk men i sesongen etter var det igjen problem, og før siste serierunde var klubben tre poeng frå sikker plass. Alt håp virka ute, og Wycombe var med stø kurs på veg ut av ligasystemet. Men ein dramatisk finaledag endte med 3-0 siger over Torquay, samtidig som Bristol Rovers tapte mot Mansfield. Dermed redda dei igjen plassen på målforskjell. Ainsworth gjorde store grep i sommar, og kasta mange spelarar på dør og revitaliserte troppen. Det har bært frukter, for denne sesongen har dei verkeleg vore gode. Og sjølv om dei lenge låg an til å rykke direkte opp, så måtte dei, etter ein rotete slutt, til slutt ta til takke med play-off, noko som likevell er veldig bra for laget som var i store problem for eit år sidan.
I play-off måtte dei møte Plymouth over to kampar i semifinalen. I første kamp på bortebane såg dei ut til å gjere kort prosess når dei leda 3-0 med fem minutt igjen av kampen. Men ein sterk sluttspurt av Plymouth, som gav dei to mål, gjorde sitt til at det likevell var litt spenning inn mot den siste avgjerande kampen. Men den spenninga tok Wycombe seg fort av i heimekampen. Kaptein Paul Hayes gjorde 1-0 før Alfie Mawson gjorde 2-0 like før pause. I andre omgang reduserte Plymouth, men Wycombe kontrollerte kampen inn og kunne juble for Wembley etter 5-3 samanlagt. Dermed kan Wycombe koste på seg ein tur til Wembley for første gang sidan 1994. Den gang var det også opprykksfinale til League One, og den gangen var det Wycombe som kunne juble, etter å ha slått Preston. Eit Preston-lag beståande av dagens Wycombe-manager, Gareth Ainsworth.
Av profilar på dette Wycombe-laget så kjem man ikkje unna kaptein og storskårar Paul Hayes. Med sine 15 mål er han toppskårar med god margin. Fred Onyedinma er ein anna spiss som man skal sjå opp for. Han er på lån frå Millwall, og har gjort sine saker bra med sine åtte mål. Ein anna som er på lån, og som er nemnt før er Alfie Mawson. Stopparen har vore ein bauta etter at han kom på lån frå Brentford, og står faktisk bokført med heile åtte mål, noko som er veldig sterkt for ein forsvarsspelar. Han vil bli ein farleg mann på dødballar. Matt Bloomfield er midtbanespelar og grunnen til at han bør nemnast er hans lange tid i klubben. Han har vore i Wycombe sidan 2003 og er ein stor helt på Adams Park, og om nokon fortena eit opprykk, så er det han. Marcus Bean er og eit namn nokre kanskje kjenner til og for dei som har spelt mykje FM, så må også det gamle QPR-talentet Hogan Ephraim nemnast. Kantspelaren er nok klar til å fore Hayes og co.
Innbyrdes oppgjer:
Denne sesongen har Wycombe eit godt tak på Southend. I første kamp på Adams Park blei Southend knust heile 4-1 etter mål av Cowan Hall, Joe Jacobson og Matt McClure ganger to, til tross for at Southend tok leiinga etter berre to minutt ved Payne. På Roots Hall blei det jamnare då laga måtte dele poenga i ein kamp som endte 2-2. Southend tok leiinga to gangar ved Corr, men Southend slo tilbake begge gangar, og til slutt var det Mawson som fikk utlikna til 2-2, få minutt før slutt. Men i ein finale betyr slike ting lite.
Vurdering:
Kast form, tidligare møter og alt anna sprøyt ut vindauget. Når det er play-off finale er det vanskeleg å spå kva som vil skje. Kven er det som får skjelven og kven er det som går til krig med rett innstilling? Ofte er det små teikn som gir oss ein følelse av kva lag som kanskje ikkje vil klare å prestere under eit slikt press, men her stiller laga ganske likt. Det at Southend har feila ofte i play-off, tapt sist gang dei var på Wembley, og svikta under press i siste serierunde gir meg likevell ein uggen følelse på vegne av Phil Brown sine menn, til tross for at de bare har ett tap på de ti siste kampane. Wycombe som lenge låg på tabelltopp har også svikta i siste del av sesongen, så det treng kanskje ikkje bety så mykje.
Det er venta å bli ein tøff batalje dette, med mange duellar og fysisk spel. Southend har vist at dei har krigarane på plass med Michael Timlin i spissen, og han vil nok også her gi alt. Av angrepsspel er det kanskje Wycombe som har vore det kvassaste laget denne sesongen, men her kjem man til ei bane som er ganske stor, noko som vil gi fordel for dei raske spelarane. Sjølv om han starta på benken i semifinalen ville eg brukt Stephen McLaughlin frå start her, då han kan kunne skape store problem for Wycombe-forsvaret.
Eg vil tru det blir ein kamp der ingen av laga vil gå hardt ut i frykt for å få mål i mot, og dermed kan det fort bli lite spel og mykje trøkk i starten. Men får vi eit mål her vil det fort bli ein ellevill og open fotballkamp. Det er også store sjansar for at enten Paul Hayes eller Barry Corr vil bli avgjerande i denne kampen, då mange av sjansane ofte ender opp hos desse to. Så får vi sjå, om Phil Brown er like genial som han var når Hull rykka opp til Premier League, eller om det er Gareth Ainsworth som manar sin yndlingsklubb fram til siger.
Tips: Southend vinner 2-1 etter ekstraomganger.