Skrevet av Kjetil Myklebust

 

 

 

Om vi berre får halvparten av kaoset vi fikk i semifinalane, så bør vi berre stille oss inn for ein ellevill fotballkamp når dei to store laga møtest på Wembley denne søndagen. Før nokon av finalekampane denne helga er spelt vil eg gå ganske langt i å spå denne som den mest målrike av dei alle. Preston og Swindon har stor fanskare, så det er forventa av Wembley blir fylt opp av Championship-sultne Preston og Swindon-fans. Det er nokre år sidan sist for desse laga. Dei vil så gjerne opp igjen, og for begge lag er det på tide. Då er det synd det berre er eit av laga som kan juble når denne pinsesøndagen går mot slutten.

———————————————————————————-

  • Preston North End-Swindon Town
  • Avspark: 18.30 (Søndag, 24 mai)
  • Tv-kanal: Tv2 Sport Premium 2
  • Stadion: Wembley
  • Dommar: Andy Madley
  • Drakter: Preston stiller i kvite heimedrakter, Swindon spelar i sine raude heimedrakter.

 

Preston North End

Det gamle storlaget frå Lancashire er eit lag som fortena å spele høgare oppe enn League One. Laget som har eksistert lengre enn nesten samtlege lag har gått lenge utan den store suksessen, og man må faktisk tilbake til 1938 for å finne forrige gang dei vant eit stort trofe. Preston var i 2009 nærme eit opprykk til Premier League, men måtte til slutt gi tapt for Sheffield United i semifinalen i play-off, og då starta nedturen. Sesongen etter var dei nære eit nedrykk til League One, men siger i siste serierunde redda klubben i denne omgang. Klubben har hatt ein stor flokk med managera innom klubben dei siste sesongane, og hadde heile fem managera innom klubben i perioden 2008-2013, deriblant Darren Ferguson og Southend-manager Phil Brown. Den siste som fikk sparken i denne perioden var Graham Westley som ordna ein ny rekord for Preston med tolv kampar på rad utan siger. Dermed var det duka for det som er dagens manager, Simon Grayson, ein mann som har blitt ein ekspert på å rykke opp frå League One. Han har dei siste åra rykka opp med både Leeds og Huddersfield, og no håpar han å gjere det med Preston også. Etter å ha sikra klubben frå å rykke ned til League Two i sin første halve sesong, så gjorde han Preston til eit topplag igjen då han sikra play-off forrige sesong. Der gikk det ikkje som håpt, då Rotherham blei for sterke i semifinalen.

Denne sesongen såg dei ut til å ta enda eit steg under Simon Grayson, og sjølv om Bristol City var uslåelige på toppen av tabellen, så såg det lenge ut til at Preston skulle slå følgje opp med Bristol. Laget verka solide og hadde angrepsspelarar som bøtta inn mål, og etter 1-1 i toppkampen mot Bristol City i starten av April, så virka det som om det var to lag som nesten kunne feire direkte opprykk der og då. Men dei to påfølgjande kampane i ligaen skulle gjere alt så spennande, og dette kan kunne plage Preston i lang tid. Først gav dei frå seg ei 2-0 leiing mot Gillingham på heimebane, der gjestane utlikna langt inne på overtid. Runda etter skjedde det same igjen. Med 2-1 leiing og med ein mann meir på bana mot Port Vale, såg det ut som ein viktig trepoengar skulle komme. Men med ti mann klarte Port Vale å utlikne heilt på tampen. Fansen begynte igjen å tvile på at dette laget skulle klare det, men Graysons menn slo tilbake med to strake sigrar, noko som gjorde sitt til at dei var i førarsetet framfor siste runde. Preston trengte berre å slå nedrykkstrua Colchester for å sikre seg opprykket. I ein rotete og tam kamp begynte nervøsiteten å komme etterkvart som rival Milton Keynes banka inn mål. Dermed var Preston heilt avhengig av å vinne kampen, men istadenfor å ta leiinga så endte dei opp med å komme under 0-1 ti minutt før slutt. Preston klarte aldri å svare, og dermed kunne MK juble for opprykk, mens Preston måtte ut i play-off.

Mange lag som sviktar heilt på slutten, kan få problem med å komme seg gjennom ein play-off. Skuffelsen har ofte ikkje lagt seg og dermed klare man ikkje å prestere skikkelig når både skuffelse og nervøsitet veks. Likevel fikk Jermaine Beckford roa nervane når han tidlig i første semifinale mot Chesterfield gav laget leiinga. Laget rodde iland ein heldig siger dei kunne ta med seg tilbake til Deepdale. Sjølv om dei også i returkampen starta rotete og nervøst så kunne igjen Jermaine Beckford redde klubben, og når det første målet var på plass, var det aldri tvil. Storskårar Joe Garner auka til 2-0 før Beckford kunne fastsette sluttresultatet til 3-0 og turen til Wembley var i boks.

Preston har mange profilar på laget sitt, og ein av dei du bør sjå opp for i denne finalen er storskårar Joe Garner. Den store spissen står med 25 ligamål denne sesongen og er ofte i eiga klasse når han får ballen innafor sekstenmeteren. Han vil garantert kunne skape trøbbel her. Jermaine Beckford har hatt ein småtung sesong, men med sine tre mål i semifinalane er det liten tvil om at han har funnet forma framfor denne finalen. Han har gjort store ting før, og kan sikkert gjere det igjen. I mål har dei henta inn Sam Johnstone på lån frå Manchester United, og han har gjort sine saker veldig bra sidan han kom til klubben. Han kan fort bli ein matchvinnar i den enden av bana, om han får den hjelpa han pleie å få av solide Tom Clarke og Paul Huntington i forsvaret . På midtbana har man Paul Gallagher som er på lån frå Leicester. Han har ein herleg fot, og i tillegg til å vere ein glimrande tilretteleggjar så kan han skåre vakre mål sjølv, noko han har bevist med sine tretten mål denne sesongen. Og vi blir ikkje overraska over at gode gamle Kevin Davies kjem inn å avgjere heile greia, men då må han gjere det betre enn til no i år. Eit mål er nemleg ikkje mykje å skryte av.

———————————————————————-

Swindon Town

Det begynner å bli nokre år sidan Swindon rota seg opp i Premier League. 1994 var året og det skulle vise seg å bli med det eine året. Dei siste ti åra har Swindon hatt store økonomiske problem, og heile to gangar har dei havna under administrasjon etter pengetrøbbel. Dette har også gjort sitt til at klubben har hatt nokre av sine tyngste år, også når det gjaldt fotballen som blei prestert. I 2006 rykka dei ned til League Two, og blei dermed det første laget frå Premier League som rykka ned til det lavaste nivået i Football League. Heldigvis for klubben så blei det med eit år i League Two, og Swindon kunne juble for opprykk etter 2006/07-sesongen. i 2008 blei dei kjøpt opp av ein gjeng leda av Andrew Fitton, og klubben blei dermed kvitt dei økonomiske problema dei hadde slitt med i årevis. Det gav resultat, for i 2009/10-sesongen var Swindon i toppen av League One. Dei endte på femteplass og etter siger i semifinalen i play-off mot Charlton på straffespark, kunne de ta turen til Wembley. Der tapte dei uheldigvis 0-1 for Millwall, i det som var deira første tap på Wembley av fire forsøk. Sesongen etter trudde alle at Swindon skulle gå rett opp, men skuffelsen frå finaletapet låg tydeligvis igjen. Laget rota det skikkelig til, og etter 19 kampar utan siger etter jul måtte dei igjen ta turen ned til League Two. Klubben kunne då ha fått trøbbel igjen, men dei henta istaden inn Paolo Di Canio som etter litt trøbbel i starten, verkeleg fekk sving på sakene. Med femten kampar utan tap før jul, etterfølgt av ei rekke på ti strake sigrar etter jul, så kunne den galne italienaren juble for opprykk til League One igjen. I League One såg det lenge ut som om Swindon skulle få sitt andre opprykk på rad, men etter at Paolo Di Canio trakk seg i februar, i det som var ein bisarr situasjon med innbrot og meir til, så måtte dei ut i play-off etter ein formdupp. Der blei det tap på straffespark mot Brentford og Kevin MacDonald som hadde tatt over for Di Canio gav seg like etter sesong. Inn dørene kom noverande manager Mark Cooper, og i hans første sesong så klarte han ikkje å lede laget til opprykk, eller play-off, sjølv om det ikkje var langt unna.

Årets sesong har vore god sett frå Swindon si side, og sjølv om Mark Cooper heile tida vore klar på at dette fortsatt er eit lag som treng tid, så er det ikkje overraskande at dei gjorde det bra. Dei har spelt artig fotball og har kjempa i toppen heile sesongen. Sjølv om det blei tidlig klart at dei ville få problem med å holde følgje med dei tre øverste laga, Bristol City, MK og Preston, så har dei alltid vore like bak, og kunne enkelt trygge inn ein plass i play-off der dei endte på fjerdeplass. Med like mange poeng opp til direkte opprykk som ut av play-off, så er nok Swindon godt fornøgd med å nå ein finale her.

Swindon sin veg til play-off var kanskje ikkje så nerveprega som Preston sin, men det tok dei igjen i semifinalen. Der måtte Swindon møte Sheffield United over to kampar, og for nokre kampar vi fikk. Den første kampen på Bramall Lane var ein forrykande fotballkamp, der Sheffield United tok leiinga tidlig i førsteomgang, og dei kunne gå til pause med 1-0 etter at Swindon brente ei straffe. Etter kvilen fortsette kampen i eit forrykande tempo men denne gangen var det Swindon som skåra tidlig når Sam Ricketts skåra sitt einaste mål til no i sesongen. Og i det kampen såg ut til å ebbe ut med 1-1 så fant høgrebacken Nathan Byrne ut han skulle klemme til frå langt hald. Det gjorde han rett i for ballen fauk i nettet og Swindon kunne ta med seg eit perfekt resultat heim til County Ground. Og om vi trudde første kamp var fantastisk, så må kamp to vere legendarisk. Ja, for det blei til slutt den mestskårande play-off kampen gjennom tidene. Swindon sjokkopna med å leie 3-0 før 18 minutt av kampen var spelt etter to mål av Ben Gladwin og eit av Michael Smith. Då vi var i ferd med å konkludere med at finalen var eit faktum, så slo Sheffield United tilbake med ei redusering etter 20 minutt, og før dommaren fikk blåst for pause så var det plutselig 3-2 til Swindon. Det lille håpet som Sheffield no hadde fått såg ut til å bli knust når Smith sette inn 4-2 på straffespark etter 60 minutt, men Sheffield slo tilbake like etter og reduserte til 4-3. Etter eit lite press frå Sheffield var man iallefall klar for å konkludere med finaleplass når den gamle Tottenham-spelaren Jonathan Obika la på til 5-3 med fem minutt igjen å spele. Cooper dansa på sidelinja og publikum sang for full hals, for no skulle dei til Wembley. Men denne kampen var legendarisk, og Sheffield United klarte det kunststykke å skåre to mål på to minutt i det 89 og 90 minutt. Og når dommar la til sju tilleggsminutt så var det klart for eit nervepirrande drama for gjengen som hadde feire sigeren i lang tid allereie. Men Swindon kom seg med nød og neppe unna tilleggsminutta utan å sleppe inn mål, og etter 5-5 i denne kampen og 7-6 samanlagt, så var Swindon klar for finalen. Kan man håpe på eit liknande drama der?

Spelarar man bør sjå opp for i denne finalen er også her mange. Vi kan starte med storskårarane i denne klubben også, nemleg Andy Williams og Michael Smith, som står med 21 og 15 mål denne sesongen. Dei to spissane har skapt eit godt samarbeid og kan fort gjere livet surt for dei litt store og treige stopparane til Preston. Når man i tillegg har hurtige Jonathan Obika på laget, så har Cooper fleire strengar å spele på der oppe. På midtbane har man giganten Massimo Luongo som har hatt ein flott sesong for Swindon, men den store spelaren på midtbane er likevell Ben Gladwin, som med sine elleve mål frå midtbane har vore ein av deira viktigaste spelarar denne sesongen. Til tross for at Swindon har sluppe inn ein del mål denne sesongen, og i play-off, så må vi nemne keeper Wes Foderingham, som på ein god dag kan stoppe alt som kjem hans veg. I tillegg er forsvarsspelar Jordan Turnbull på lån frå Southampton ein viktig spelar.

Innbyrdes oppgjer

Denne sesongen starta med at oppgjeret Swindon-Preston blei utsatt. Når den først blei spelt så var det heimelaget Swindon som stakk av med sigeren, etter at Andy Williams skåra kampens einaste mål i sluttminutta. I returkampen på Deepdale i April var det derimot liten tvil om kven som skulle vinne. Swindon var klar for play-off, mens Preston kjempa for direkte opprykk. Dermed blei det ein enkel 3-0 siger til Preston etter tre mål av Joe Garner. Han tar derfor med seg ein god følelse inn til møtet med Swindon-keeper Wes Foderingham

Vurdering:

Kan vi håpe på ein 5-5 kamp? Nei, vi kan nok ikkje det, men her kan det fort bli ein god del mål. To lag som veit å angripe, og med spisspar som verkeleg veit kor målet står. Joe Garner og Jermaine Beckford vs Andy Williams og Michael Smith blir ein herleg duell i kampen. Om man ser på den siste kampen mellom desse to så må man sei at Preston er favoritt her. Dei var også det klart beste laget sesongen sett under eit, og må nok berre finne seg i å gå inn i til kampen som favorittar. Mest truleg vil også Preston vere laget som tar initiativ i kampen, og dei vil nok prøve å presse Swindon bakover frå start av. Swindon vil nok gå med på dette og prøve å kontre på Preston med sine hurtige spelarar.

Magefølelsen seier at Preston tar dette, rett og slett fordi dei er betre til å forsvare seg enn det Swindon er, utan at Swindon er direkte dårlege til å forsvare seg. Men Preston må passe seg for å ikkje ta for store sjansar frå start av, for då kan dei fort få eit mål i mot, og dermed jage enda meir. Preston viste tydelege teikn på at når presset tar dei og dei må ha mål, så kan det knyte seg. Derfor er nok Simon Grayson, som har opplevd dette ofte no, veldig klar på at laget hans må spele med ro og disiplin. Cooper vil nok ha terpa litt forsvarstrening den siste veka, i håp om å luke vekk ein del av feila som blei gjort i semifinalen, og kanskje kan det vere lurt.

Så Preston vil nok presse, utan å ta for store sjansar, mens Swindon vil ligge å kontre. Men om og når vi først får eit mål her, så vil det nok verkeleg smelle, og då kan det fort komme både to, tre og fire mål her. Duellen mellom Ben Gladwin og Paul Gallagher blir artig å følgje, og den kan fort bli avgjerande også.

Tips: Preston vinner 3-2 over Swindon

About The Author

Leave a Reply